Pitesamar
Pitesamar er eit samisk folk som tradisjonelt hovudsaklig har halde til mellom området kring Saltfjellet og Saltfjorden i Noreg via området på nordsida av Arjeplog og Arvidsjaur i Sverige. I sør grensar den pitesamiske kulturen til umesamisk kultur, og i nord grensar han til lulesamisk kultur.
Tradisjonelle næringar blant pitesamane inkluderer reindrift, jakt og fiske, jordbruk og båtbygging. Dei bufaste samane har med tida vorte assimilerte i lokal skandinavisk kultur gjennom lokal integrering med norsk- og svensktalande så vel som gjennom langvarig assimilasjonspolitikk frå myndigheitene på begge sidene av Kjølen, og pitesamisk språk er no sterkt utryddingstruga med berre 25–50 morsmålstalande i Sverige og ingen i Noreg i 2010.
Dei kommunane som særlig har hatt pitesamisk busetjing i Noreg er (delar av) Rana kommune på Helgeland og Saltdal, Fauske, Bodø og Beiarn kommunar i Sør-Salten.
Folkeminne, religion og livssyn
Gåbdes — runebomma
Pitesamiske runebommer er karakterisert ved at trommeskinnet, som sett rett ovafrå typisk sett er ovalt med ein relativt butt overende og smalnande nederende, er inndelt i eit øvre felt og to nedre felt — sjå diagram. Totalt finst det éi sikker og to trulige pitesamiske runebommer att i tillegg til éi som enten er frå Pite eller Lule lappmark:
- Ei skåltromme frå Pite lappmark, no i University Museum of Archaeology and Anthropology i Cambridge i England
- Ei skåltromme, trulig frå Pite lappmark, no i Museum für Völkerkunde, Hamburg
- Ei skåltromme først nemnt i 1681, trulig frå Pite lappmark, no i Department of Ethnography ved British Museum, London
- Ei skåltromme, trulig frå enten Pite eller Lule lappmark, no i privat eige i Sverige
Alle desse har vorte avteikna av Ernst Manker. Eit skåltrommefragment av ukjent alder frå Steigen i Salten, no ved Salten museum i Bodø, hører trulig heller til den lulesamiske tradisjonen om vi skal gå ut frå at språk- og kulturgrensene fram mot vår tid attspeglar situasjonen på den tida denne runebomma var i bruk.
Vuolle — joik
Sjå òg
Kjelder og litteratur
- Insamling av pitesamiska ord ved Arjeplogs sameförening
- Muv árbbe - blogg på pitesamisk ved Peter Steggo
- Pite Saami Documentation Project (PSDP)
- Salto Bihtesamiid Searvi - Salten pitesamiske forening