RS 41 «Christian Bugge» (1935)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
RS 41 «Christian Bugge»
RS 41 Christian Bugge.jpg
Registeringsnummer RS 41
Egennavn: RS 41 «Christian Bugge»
Båttype Redningskøyte
Lengde 56 fot
Største bredde 17,2 fot
Byggeår 1935
Båtbygger: K. Christensen & co Moens båtbyggeri
Framdriftsmidler: Segl, motor
Nåværende eier: Privateigd


RS 41 «Christian Bugge» er ei tidligare redningsskøyte. Båten vart bygd av Knut Christensen & Co i Risør i 1935. Finansieringa kom frå ei testamentarisk gåve til Redningsselskapet frå skipsmeglar Christian Bugge (død 1931), og skøyta fikk derfor hans namn.

«Christian Bugge» er spesiell ved at ho er den første redningsskøyta som ble bygd med styrhus. For å unngå at styrhuset kom i vegen for storbommen vart det senka noko ned i dekket, og båten kunne då få fullt seglareal, 89 m². Ho var også den første redningsskøyta som fikk radiosenter. «Christian Bugge» vart satt i teneste i 1937, og var aktiv til 1967.

Den 4. april 1938 drog skøyta ut til naudmelding frå DS «Rokta»Hustadvika. I tillegg til det vanlege mannskapet på fire tok dei med tre mann frå andre redningsskøyter i Kristiansund og kjentmannen Peder Rindarøy fra Rindarøya. Halve mannskapet på «Rokta» vart berga, medan resten av mannskapet og to av redningsmennene omkom. Alle dei åtte redningsmennene mottok Kongens fortjenstmedalje i gull for denne dåden, to av dei posthumt. I 1941 kom den andre store redningsaksjonen båten er kjent for, då mannskapet berga 45 menneske frå hurtigruteskipet «Ryfylke» etter at skipet hadde vorte torpedert ved Stad. I løpet av 30 års fartstid redda «Christian Bugge» sitt mannskap 68 menneskeliv, berga fire farty, assisterte 685 farty og kjørte 39 sjuketransportoppdrag.

I 1967 vart «Christian Bugge» tatt ut av teneste og selt. Båten har sidan hatt fleire eigarar. I 2002 vart skøyta sterkt skadd av brann. I 2008 byrja restaureringsarbeid i Eivindvik. Men arbeidet var dyrt, og stoppa opp. Ikkje berre var det brannskader, det var også store råteskader på båten. I 2014 vart det meldt at båten, som ligg i Dolvika, var i ferd med å synke. Både Redningsselskapet og Den Norske Veteranredningsskøyteforening håper at båten kan reddast, men per juli 2014 er framtida uviss. Etter at Bergensavisa skreiv om saka ser det ut til at det kan bli starta ei kronerulling for å redde skøyta, med mellom anna journalisten Odd Reidar Solem som ein av initiativtakarane.

Kjelder