Reidar Sevåg
Hopp til navigering
Hopp til søk
Reidar Sevåg (fødd 20. januar 1923 i Oslo, daud 06. november 2016) var musikketnolog og folkeminnesamlar.
Liv og virke
I 1952 vart han cand.philol, og vart då museumslektor hjå Norsk Folkemuseum frå 1952 til 1972. Der hadde han særskilt ansvar for musikkinstrumentsamlinga. I 1972 gjekk han vidare til Universitetet i Oslo som fyrstekonservator og vart leiar av Norsk Folkemusikksamling.
Folkeminnesamlar
I 1964 sendte Sevåg ut tre spørjelister for Norsk etnologisk gransking, NEG 102 med emne Enkle låteredskap, NEG 103 med emne Blåseinstrumenter og NEG 104 med emne Diverse musikkinstrumenter. Spørjelistene kombinert samla inn meir enn 280 unike svar frå heile landet som vert tilgjengelege på domenet Samla.no.
Bibliografi
- Sevåg, Reidar. Statsråd H. R. Astrup. Utg. Dreyer. 1967. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Sevåg, Reidar. Det gjallar og det læt : frå skremme- og lokkereiskapar til folkelege blåseinstrument. Utg. Det Norske Samlaget. 1973. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Hardingfeleslåttar (1979 og 1981)
Kjelder og litteratur
- Minneord i Aftenposten 2016.12.01. Digital versjon på Nettbiblioteket.