Roheimvegen

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Roheimvegen sett sørøstover mot Roheim (gnr. 65/5).
Foto: Roy Olsen (2018).

Roheimvegen på Reshjemheia i i Midt-Telemark kommune går austover frå Vatnarvegen ved Jørgedal, gjennom Roheimgrenda til Svalbjørtjønna, der vegen deler seg i to namnlause greiner. Den eine går over kommunegrensa til Notodden der han fortsett som Tåråfjellvegen til Søndre Vestsidaveg. Den andre greina går også over kommunegrensa til Notodden, men bøyer av austover til Sauherad og fortsett her som Nybuvegen til Prestegardsvegen.

Han er om lag 3,9 kilometer lang fram til Svalbjørtjønna, går i skogsterreng med innslag av jordbrukslandskap og passerer gardane Slåtta, Myrjord, Roheim og Svalbjørg.

Vegen har namn etter Roheimgardane og blei namnsett i 1988.

Kjelder

  • Kartverket, norgeskart.no


Koordinater: 59.49999° N 9.11172° Ø