Sørestranda (Sykkylven)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Sørestranda er namn på eit område i Sykkylven, ei såkalla grend før i tida, nå meist eit administrativt navn.

Området omfattar alle gardane frå Straumsheim til Jarnes, gardsnummer 34-47. Gardane i området er mellom anna omtalt i "Gardssoga for Sykkylven III". Sørestranda skule ligg sentralt i området. Ikornnes kapell ligg også der, ei arbeidskirke finansiert av mellom anna J.E. Ekornes, saman med Høgtun, bygget til Sørestranda Ungdomslag. Den mest sentrale garden eller området fra tidlig av er Ikornes, som også har blitt kalla Ekornes av di fleire tok det som etternamn. "Den vanlegaste forma heilt til dei siste åra har vore Ekornes, og alle som har dette namnet som familienamn skriv det slik. No vert grenda med poststad skrive Ikornnes".[1]

Gardsnummera er, frå Straumsheim i sør heilt til Jarnes i nordvest[1]:

Samband

Gammal bru
Riksheimbrua. Foto: Statens Vegvesen.

Fra gammalt av "[...]stod det dårleg til med vegsambandet i denne delen av bygda". Det virka som "[...]kommunestyret var lite interessert i vegspørsmål".[2]. Vegen vart påbegynt rundt 1876, i 1889 råda også veginspektøren kommunestyre til at la Brunstad-Magnus bygge brua ved Riksheim og Stave. Sørestrandvegen gjeng i moderne tid gjennom grenda fra nummer 1 i Staumgjerde (Straume) heilt til vest i Hundeidvik (nummer 1620).

Referansar

  1. 1,0 1,1 Gjævenes, Martin (1983): Gardssoga for Sykkylven band III Oslo/Gjøvik
  2. Gjævenes, Martin (1983): Gardssoga for Sykkylven band III Oslo/Gjøvik
Ein gammal veg i Sykkylven. Tatt på østsida av Sykkylvsfjorden, Straumshornet i bakgrunnen (bilete er fargelagt i etterkant). Foto: Peder P. Lyshol