Sigmund Olaf Plytt Mowinckel (1884–1965)

Sigmund Olaf Plytt Mowinckel (fødd 4. august 1884 i Kjerringøy, død 4. juni 1965 i Oslo) var teolog.

Sigmund Mowinckel

Familie

Han var son av Jørgen Blydt Mowinckel og Petra Johanne, fødd Meitzner. Faren var prest, og Sigmund Mowinckel vaks opp i Kjerringøy og Beiarn i Nordland. Han hadde tre søsken, mellom dei kunsthistorikaren Rolf Mowinckel.

Han vart første gong gift i 1917 med Caroline Thorine Simonsen. Han var andre gong gift i 1964 med Ingeborg Wilhelmine Wiborg, f. Schibbye.

Liv og virke

Han fekk si grunnleggande opplæring heime, til han som 14-åring var sendt til slektningar i Bergen for vidare skulegong. Han vart cand. theol. i 1908. Han var då ikkje klar for å jobbe som prest, men slo inn på vidare studiar, mellom anna i Tyskland. Han fekk doktorgraden i 1916, og var frå då av ansatt ved Universitetet i Oslo, først som dosent og sidan som professor. Han vart pensjonist i 1954.

Mowinkel sitt fagfelt var det gamle testamente. Sigurd Hjelde har omtalt han som «en av de få norske teologene på 1900-tallet som virkelig vant stor internasjonal berømmelse».

Kjelder


Artikkelen Sigmund Olaf Plytt Mowinckel (1884–1965) er oppretta gjennom delprosjektet Prestefolk i Nordland

Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Det vil ofte være mer relevant informasjon i oppgitte kilder enn det som er gjengitt, og det kan finnes stoff i bygdebøker og lignende.