Petra Johanne Mowinckel (1861–1918)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Stange prestegård før 1951. Petra Mowinckel flytta hit i 1913, og døydde her fem år seinare.

Petra Johanne Mowinckel (fødd Meitzner 6. januar 1861 i Kristiansund, død 31. januar 1918 i Stange) var prestekone.

Ho var dotter av Johanne Marie, fødd Erland, og Carl Odin Meitzner[1]. Faren var skipskaptein.

Ho vart gift med Jørgen Blydt Mowinckel i Nestun kyrkje i Fana 19. juli 1883. Han var teolog, og tok same år fatt på si fyrste prestegjerning, som stiftskapellan i Tromsø stift. I 1887 vart ho prestekone i Beiarn prestegjeld då han vart utnevnd til sokneprest der. Dei budde i Beiarn til 1899, og dei er såleis det presteparet som har vore lengst i Beiarn.

I 1899 flytta dei til Ålesund kor Mowinckel vart residerande kapellan. Dei budde der til 1913, dei var altså der under den store bybrannen i 1904 og måtte lik mange andre evakuere byen. Frå tida i Ålesund finst ein historie om fru Mowinckel som er gjengjeve av Harald Grytten. Den handlar om ein byorginal som heit Nikolai Jamne, i følge Grytten «den hittil aller største orginal i Ålesund». Det følgande er, igjen i følge Grytten, «den mest berømte historia og replikken etter han.»

Nikken hadde fått seg nye bukser og kom spankulerende i dem nedover Løvenvoldgata, stolt og glad med buksene tydelig til skue. Så treffer han fru Mowinckel som hilser blidt på han:

— Gratulerer med nye bukser, Nikolai Jamne!

— Takk i lige måde, fru Mowinckel! svarer Nikken.

Og så brukte alle gode ålesunderar for nåkken år siden å briste ut i hjertelig og vilter latter. Både gamle og unge gjorde det hver gang dei hørte historia. For så vanvittig god syntes dei at ho var en gang i tida.[2]

Mowinckel var sokneprest i Stange i 1913. Ho døydde der i 1918.

Petra Johanne Mowinckel fekk fire born, mellom dei teolog og professor Sigmund Mowinckel og kunsthistorikaren Rolf Mowinckel.

I 1931 innstifta mannen eit legat for dei fattige i Beiarn i hennar navn, «Petra Johanne Mowinckels legat for trengende i Beiarn menighet.» Det var opphaveleg på 5 000 kr, seinare auka til 10 000 kr og endeleg til 12 000 kr.[3]

Kjelder

Referanser

  1. Nokre slektssider oppgjev dette etternamnet som Meitzler
  2. Grytten, s. 27
  3. Vegusdal s. 58


Artikkelen Petra Johanne Mowinckel (1861–1918) er oppretta gjennom delprosjektet Prestefolk i Nordland

Brukarar på lokalhistorisk wiki kan fritt endre eller legge til innhald i artikkelen. Det vil ofte vere meir relevant informasjon i oppgitte kjelder enn det som først vart lagt til, og det kan t.d. finnast stoff i bygdebøker og liknande.