Jørgen Blydt Mowinckel (1858–1942)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Jørgen Blydt Mowinckel

Jørgen Blydt Mowinckel (fødd 20. april 1858 i Bergen, død 22. november 1942 i Stange) var prest.

Han var son av Olaf Møller Mowinckel og Emeretia Jacobine Tonning Blydt, faren var kjøpmann.

Han vart student i 1876, og cand. theol. i 1881. Hans fyrste prestejobb var som stiftskapellan i Tromsø stift frå 1883. I 1887 vart han sokneprest i Beiarn prestegjeld. Her var han og ordførar ein periode. Han oppretta eit legat på 12 000 kr til fordel for dei fattige i Beiarn. Han er den som har lengst tenestetid som sokneprest i Beiarn.

I 1899 vart han residerande kapellan og skuleinspektør i Ålesund, her vart han til 1913. Mowinckel var soleis prest i Ålesund under brannen i Ålesund i 1904, og han og familien måtte som dei fleste andre evakuere byen. Etter brannen var Mowinckel leiar for komiteen som skulle forvalta innsamla midler.

Frå 1913 var han sokneprest i Stange prestegjeld, frå 1917 også prost i Hedmark prosti.

Han vart gift med Petra Johanne Meitzner i 1883, dei fekk 4 born, mellom dei teolog og professor Sigmund Mowinckel og kunsthistorikaren Rolf Mowinckel.

Mowinckel var innehavar av den preussiske Røde Ørns orden, 4. klasse.

Kjelder


Artikkelen Jørgen Blydt Mowinckel (1858–1942) er oppretta gjennom delprosjektet Prestefolk i Nordland

Brukarar på lokalhistorisk wiki kan fritt endre eller legge til innhald i artikkelen. Det vil ofte vere meir relevant informasjon i oppgitte kjelder enn det som først vart lagt til, og det kan t.d. finnast stoff i bygdebøker og liknande.