Johan Skrindsrud
Johan Skrindsrud (fødd 23. november 1897 i Etnedal i Valdres, død 19. mai 1961) var gardbrukar og lærar. Han arbeidde ved Bergsbakken skule i Nord-Etnedal frå 1922 til han døydde. Han hadde eksamen frå den 2-årige lærarskulen i Oslo og tok seinare meir utdanning, mellom anna engelskkurs. Skrindsrud hadde òg vore elev ved Valdres folkehøgskole.
Utanom skulearbeidet var Skrindsrud aktiv i kommunepolitikken i Etnedal, som medlem av Arbeidarpartiet. Han vart i 1934 vald inn i heradsstyret som partiets einaste representant frå Nord-Etnedal sokn.
Bakgrunn og familie
Han var son av gardbrukar Anders Jonsson (1853-1928) og Synnøve Skrindsrud (1854-1939). Johan vart gift med Marit, fødd Solbrekken (1905-76). I 1918 kjøpte dei garden Røyslund ved Steinsetfjorden, bnr. 6 under matrikkelgarden Skrindsrud. Røyslund er det øvste gardsbruket i Etnedal og ligg like ved kommunegrensa mot Nord-Aurdal. Seinare kjøpte Skrindsrud-familien til meir areal, og dei satsa på både mjølkeproduksjon og pensjonatdrift. Dei fekk fire døtrer: Synnøve, Oddrun, Marta og Jorun Margot.
På Røyslund låg i perioden 1920-30 òg Skrindsrud brevhus, som Johan Skrindsrud var styrar for.
Lokalhistorikar
Til liks med mange andre bygdelærarar, som Gudbrand Klevgaard ved Bruflat skule sør i Etnedal, var Skrindsrud interessert i lokalhistorie. Han skreiv mange stykke om kulturhistorie i avisa Valdres, Tidsskrift for Valdres Historielag og Valdres Bygdebok. Han var òg medlem i bygdeboknemnda. 1923-29 var han formann i Nord-Etnedals ungdomslag. Under andre verdenskrigen var Skrindsrud aktiv i motstandsrørsla i Etnedal og ein av dei som vart sende til Grini fangeleir.
Publikasjonar
- På heimleg grunn : : Folkeminne frå Etnedal. Utg. (Norli). 1956. Digital versjon på Nettbiblioteket.
Kjelder og litteratur
- Espeland, Arne: Norske skolefolk (første utgave), Dreyer forlag, Stavanger 1934. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Johan Anders. i folketelling 1900 for Etnedal herred fra Digitalarkivet.
- Johan Andersen i folketelling 1910 for Etnedal herred fra Digitalarkivet.
- Kommunevalgresultater for Oppland 1902-37
- Hvattum, Harald: Valdres Bygdebok I, Gard og bygd i Etnedal. Band A - bygdehistorie. Bustader og slekter i Nord-Etnedal, 1989. Digital versjon på Nettbiblioteket, s. 160, 164, 210, 218 og 223-225.
- Kollevoll, Odd: Database med poststeder i Vestoppland (død lenke pr. 2021).