Slåtterøy fyrstasjon

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra «Slåtterøy fyr»)
Hopp til navigering Hopp til søk
Slåtterøy fyrstasjon
No-nb digibok 2013042338001 0091 1.jpg
Slåtterøy fyrstasjon.
Foto: Ukjent
Oppretta: 1859
Status: Automatisert og avbemannet 2003
Funksjon: Kystfyr
Eier: Staten v/ Kystverket
Fylke: Vestland
Kommune: Bømlo kommune
Vernestatus: Fredet etter lov om kulturminner

Slåtterøy fyrstasjon i Bømlo kommune er eit kystfyr som vart oppretta i 1859. Her vart sett opp eit 25 meter høgt støypejernstårn og bygd bustad, uthus, naust og steinlagde vegar.

Fyrstasjonen var heim for tre fyrvaktarfamiliar. I 1958 vart familiane sette i land, medan vaktarane fekk hyblar på fyret. 1. juli 2003 vart stasjonen avfolka. No rår sauene, måsen og vinden grunnen, under sveipet av landets sterkaste fyrlys.

Slåtterøya ligg ytst mot Selbjørnsfjorden, mellom Bergen og Haugesund, like utanfor den gamle handelsstaden ved Brandasundet. Fyrfolka var einaste fastbuande på øya. Ho tilbyr variert landskap, vekslande mellom lynghei, grasmark og kvitskurte berg. Den søre delen av øya er i privat eige og har vore nytta til slåtte- og beiteland til dags dato. På den statlege eigedommen er no kulturlandskapet freda av Riksantikvaren som eit kulturhistorisk og arkitektonisk verdfullt anlegg tilknytt sjøfart, fyrvesen og kystkultur.

Venner av Slåtterøy fyr har overnattingstilbud og omvisinger på fyret.

Kilder

  • Ellingsve, Eli Johanne. Finn et fyr. Utg. Tapir akademisk forl.. Trondheim. 2007. Digital versjonNettbiblioteket.
  • Kystverket: Landsverneplan for maritime kulturminner. 2009.

Se også

Koordinater: 59.9085704° N 5.068766° Ø