Slåtterøy fyrstasjon

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til: navigasjon, søk
Slåtterøy fyrstasjon
Oppretta: 1859
Status: Automatisert og avbemannet 2003
Funksjon: Kystfyr
Eier: Staten v/ Kystverket
Kommune: Bømlo kommune
Fylke: Hordaland
Vernestatus: Fredet etter lov om kulturminner

Slåtterøy fyrstasjon er eit kystfyr som vart oppretta i 1859. Her vart sett opp eit 25 meter høgt støypejernstårn og bygd bustad, uthus, naust og steinlagde vegar.

Fyrstasjonen var heim for tre fyrvaktarfamiliar. I 1958 vart familiane sette i land, medan vaktarane fekk hyblar på fyret. 1. juli 2003 vart stasjonen avfolka. No rår sauene, måsen og vinden grunnen, under sveipet av landets sterkaste fyrlys.

Slåtterøya ligg ytst mot Selbjørnsfjorden, mellom Bergen og Haugesund, like utanfor den gamle handelsstaden ved Brandasundet i Bømlo kommune. Fyrfolka var einaste fastbuande på øya. Ho tilbyr variert landskap, vekslande mellom lynghei, grasmark og kvitskurte berg. Den søre delen av øya er i privat eige og har vore nytta til slåtte- og beiteland til dags dato. På den statlege eigedommen er no kulturlandskapet freda av Riksantikvaren som eit kulturhistorisk og arkitektonisk verdfullt anlegg tilknytt sjøfart, fyrvesen og kystkultur.

Venner av Slåtterøy fyr har overnattingstilbud og omvisinger på fyret.

Kilder

  • Eli J. Ellingsve: Finn et fyr, Tapir Akademisk forlag, 2009
  • Kystverket: Landsverneplan for maritime kulturminner, 2009 (pdf)

Se også