Sykkylven Energi
'Sykkylven Energi starta med Riksheim kraftverk på tidlig 1900-tallet i Sykkylven, på den tida kalla Sykkylven kommunale kraftverk. 22. januar 1918 vart kraftverket på Riksheim ferdigstilt og offisielt satt i gang.
Historie
På 1900-talet var det vanleg med lågspentanlegg, og det var allereie starta med eit slik på Ikornes. Valet fall allikevel på å etablere et høgsepnningsanlegg. Det vart først valgt ut ein kommisjon som skulle bestemme hvor det fyste virkelege større skala kraftverket i kommunen skulle leggast. Til slutt einast ein om å legge det til Riksheim, og eigedommen blei kjøpt opp av kommunen. I 1920 vart det vald eit kraftverksstyre, med mellom anna Elling Ekornes. Prisen på kraftverket kom på tre gonger så mykje som ein hadde kalkulert med, og det vart kritisk økonomisk. Etter oppstart i 1918 vart tomta deira i 1929 endeleg utskilt frå alle bruk på Riksheim, Erstad og Riksheimgjerde.
Etter kvart som det blei klart at kraftverket på Riksheim ikkje kunne skaffe kraft nok til det ein hadde bruk for blei ei avtale om å kjøpe straum frå Tafjord Kratselskap godkjend av regjeringa.
I dag er det vidare kraftverk på både Brunstad, Myrset, Søvikdalen, Riksheimdalen (ved Dammen) og i Ramstaddalen i Sykkylven kommune for å dekke det auka behovet for kraft i kommunen. Søvik- og Ramstadalen fekk denne krafta i 1952, og i åra som følgde blei det mange transformatorkioskar og høgtspentlinja over fra Løvoll til Fustranda, ein avsidesliggande del av Sykkylven.
Med auka industri og bustadbygging gjekk Sykkylven i 1956 med i L/L Tussa Kraft og fekk kraft derifrå sedan 1962. I 1959 kom dei med i Vestlandske Kraftsamband. Olav L Rammstad, Jens E. Ekorne og Per Kroka har vært formenn og medlemmar i kraftverkstyret. Peder N. Frøysa var driftstyrar i 1920 til 1930 og Petter Fylling og Jon Riksheim var linjemontørar.
Kraftverket har i nyare tid også stått for utbygging av fiberinfrastruktur for å legge til rette for å etablere fibernett i kommunen, som er eigd av kraftverket.[1]
Sidan 2002 overtok Sykkylven Energi også drift av vann, avløp og renovasjon fra kommunen. Det er 100 prosent eid av Sykkylven kommune.
Referansar
Kilder
- Sykkylven Energi. Årsmelding 2012
- Sykkylven Energi. Drivkraft i meir enn 100 år. (Hatlehols Trykkeri). Digital utgåve.
- Sykkylven Energi: Historia.
- Intervju frå jubileumsframsyninga til Sykkylven Energi på kulturhuset 14.10. 2018. Sykkylven Sogenemd/O. Aursnes' YouTube kanal.
- Gjævenes, Martin (1983) "Garsdssoge for Sykkyllven III". (Oslo/Lillehammer)
- Sykkylven komm. kraftverk 1918 — 1968 Jubileumsskrift 50 år
Eksterne sider
- NVE Temakart for Sykkylven (magasiner, dammer o.l.)