Theodor Sørensen Støp

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Portrett av Theodor Sørensen Støp, henta frå artikkelen «Gullgraverekspedisjonen som skulle til «Californien», og som stranda i Rio de Janeiro, Brasil» av Sveinung Havik, utgitt i Årsskrift 1985 for Levanger historielag.

Theodor Sørensen Støp (født 18. mai 1828 i Skogn, død 26. juni 1911 i Verdal) var husmannsson, gardbrukar, utvandrar og gullgravar. Han var mellom dei 106 nordmennene som vart med ein ekspedisjon av Trondhjem i 1850 for å grava gull i California, og som i staden endte i Rio de Janeiro. Støp er ein av desse ekspedisjonsdeltakarane vi veit mest om: Han kom seg etter kvart til California via Chile, og herifrå skreiv han minst to brev heim åt foreldra sine, som vart trykt i Nordre Trondhjems Amtstidende i 1852. Etter at han kom heim, vart han gardbrukar i nabobygda Verdal, men han skal òg ha rukki ein liten gullgravarekspedisjon til Australia.

Tidleg liv

Theodor Sørensen vart født i Øvre Skogn, og var son av Berit Johannesdotter Bye (f. 1787) og Søren Torkildson Langås (f. 1795). Faren var nest eldste av ein ungeflokk på elleve på Langås i Markabygda, der foreldra var bygselsfolk. [1] Mora var dotter av husmannsfolket på Stavern under By i Øvre Skogn. [2] Rundt den tida Theodor vart født var faren forpaktar på By, og seinare var han eigar av Stavern nokre år frå 1832.[3] Søren vart konfirmert 29. september 1844 under namnet «Theodor Sørensen Krogstad»,[4] som kan vera Kråkstad, og her er nett Stavern nemnt som fødestaden hans.[5]

Når han etter kvart tok til å nytte etternamnet Støp, heng det sannsynlegvis saman med at far hans på eit tidspunkt vart fergemann ved Levangersundet.[6] I eitt av breva heim frå California ynskjer han at det står vel til med foreldra «paa Støpsvaldet pr. Levanger», og da er det sannsynleg at foreldra har busatt seg nett under Staup ein gong før han drog ut.

Ifylgje dottera Tilla (1868-1955) hadde Støp god økonomisk sans alt tidleg i livet. Ho fortalte at

I sin tidligste ungdom var han gårdsgutt på en gård i Verdal. Der var skikken at arbeidsfolka om morgenen fikk en dram, men Støp solgte drammen sin til drengen og tjente slik noen skillinger.[7]

Gullfeber

Støp var minst tre månader i Valparaíso i Chile. På biletet ser vi den fyrste tollbygningen der i byen, som var i bruk frå 1831 til 1855.
Foto: Alphonse Bichebois (1801–1851)/Museo Histórico Nacional de Chile.

På denne tida var utvandringa til Amerika kommi godt i gang i mange fjord- og fjellbygder sønnanfjells, men hadde i liten grad nådd Trøndelag. Hausten 1850 vart det imidlertid rusta ut ein gullgravarekspedisjon i Trondhjem med California som mål, og Theodor Støp vart med denne: Den 26. oktober 1850 drog han ut med skuta «Sophie» saman med 105 andre håpefulle gullgravarar. Dei var alle menn, dei fleste av dei var trøndarar, og mange var sambygdingar til Støp eller frå nabobygdene.

På nyåret i 1851 kom «Sophie» til Rio de Janeiro, som på den tida var hovudstaden i Brasil. Skipet vart sagt å vera i dårleg stand, og kondemnert, og dei 106 nordmennane sto derfor utan høve til å komma seg vidare. Da kom eit tilbod frå eit koloniseringsselskap av Hamburg om å bli nybyggjarar lenger sør i landet, eit tilbod 74 av de 106 nordmennene slo til på. Da dei kom Colônia Dona Francisca, som med tida skulle bli byen Joinville, valte 13 av dei å reise heim med den norske skuta «Colon», som hadde brakt tyske og sveitsiske kolonistar dit. 61 nordmenn valte å bli, iallfall for nokre år, og vart skrivne inn i den lokale lista over innvandrarar.

Støp er ikkje nemnt mellom desse 61 norske nybyggjarane i kolonien, men verkar å ha vori der ei kort stund. Han skreiv seinare i brev heim åt foreldra at han berre vart verande i Dona Francisca «i 3 Uger», og han drog attende til Rio de Janeiro, der han vart sjuk og låg på sjukehuset ei tid. Sannsynlegvis fekk han gul feber, som herja i traktene rundt Rio på den tida. Etter at han vart frisk att, tok han hyre med ein brigg frå Hamburg, som tok han til Valparaíso i Chile. Her vart han verande i tre til fem månader,[8] og han verkar å ha trivst nokolunde her: «Der havde jeg det meget godt, lærte ogsaa noget Engelsk, men havde heller ingen Rolighed der, fordi Californien stod bestandig i mit Hoved.»

Den 28. november 1851 tok Støp hyre på ein tremasta skonnert som skulle til California. Iallfall på denne turen opp Stillehavskysten hadde han fylgje av to andre nordmenn, nemleg J. H. Bakke og L. Buch. Desse to var mellom dei 61 nybyggjarane i Joinville, men var òg mellom dei fyrste nordmennene som braut opp derfrå, den 31. mai 1851. Sannsynlegvis har dei dregi frå São Francisco do Sul eller Rio de Janeiro ein gong etter dette, og treft Støp i Valparaíso. Så har dei dregi saman derifrå alle tre.

Endeleg til California

San Francisco i 1850, eit par år før Støp kom til byen. Folketalet i byen hadde vaksi frå 1000 til 25 000 på veldig kort tid i forvegen, og den unge byen yra av liv.
Foto: Frank Marryat/Library of Congress.

Støp, Bakke og Buch kom til San Francisco den 14. januar 1852, og fire dagar seinare, den 18. januar, mønstra dei av og gjekk i land. San Francisco hadde vaksi til som by på kort tid: Den 7. juli 1846 hadde USA erobra byen frå Mexico, og da gullrushet braut ut i januar 1848, eksploderte folketalet i byen frå 1000 til 25 000 på under to år! Same dagen som dei kom i land, skreiv Støp det fyrste brevet heim åt foreldra, der han gjev fyrsteinntrykket sitt av byen:

Iaftes gik jeg for Plaseer omkring i Gaderne for at see mig om; blandt andet gik jeg ind paa flere Spillehuse, hvor der i store elegante Værelser var anbragt flere Borde og paa samme laae store Dynger af Guld- og Sølvmynt. Guldstykker paa 50, 16, 8 Spd. stode i store Stabler paa Bordene, man kan uden at lyve sige: der vare flere Tusinder paa hvert. Ved Spillet sad Matroser, som neppe havde den nødvendige Paaklædning, blandt de fine Herrer, og Guldstykkerne vankede lystig omkring.

Støp fortel dessutan at han tenker å ta eit dampskip opp Sacramento-elva neste dag eller dagen etter. Dette verkar det òg som om han gjorde: Det neste brevet hans er datert 6. september 1852, nesten åtte månader seinare, og da er han ved Yuba River, som ligg vel sytti kilometer nord for Sacramento. Han skriv at han har arbeida i «Minerne» i åtte månader, den fyrste tida saman med tre andre nordmenn, seinare på eiga hand «blandt alskens fremmede Nationer». Han hadde tent seg meir enn 800 dollar, og hadde håp om å tene enda meir til året etter:

Jeg antager, at jeg i næste Aar skal fortjene mig 1000 Dollars til, og naar jeg har erhvervet mig Saameget, at jeg i mit kjære Norge kan leve uafhængigt, agter jeg at vende hjem igjen; thi I maa tro, mine kjære Forældre, at Amerika er et meget trælsomt Land at leve udi.

Heime att

Ein gong mellom 1852 og 1857 kom Theodor Støp heim att til Skogn. I 1857 drog han saman med mor si, som var blitt enkje, frå Skogn til Verdal. Her kjøpte han garden Myr, og året etter vart han gift med syskenbarnet sitt, Elen Sofie Iversdatter (1829-1902). Ho må ha vori dotter av Karen Torkildsdotter, faster av Theodor, og Iver Johnsen Sjåstad.[9] Dei tre fyrste borna deira vart født på Myr. Ein gong i løpet av dei åra han budde her skal han òg ha vori ein eller to turar i Australia for å grava gull, visstnok utan særleg hell. Historikar Jostein Molde meiner han har vori der i åra 1860-1862,[10] og han har i alle fall kommi heim att ein gong i løpet av hausten 1862, for dottera Christine vart født i juli året etter.

I 1865 kjøpte Støp Landstad. Ifylgje bygdeboka for Volhaugen i Verdal var det litt tilfeldig at han kjøpte denne garden: Det vert fortalt at han stod i åkeren på Myr og tok opp poteter da ein kjenning kom forbi. Kjenningen spurte Støp om han ville vera med til Landstad, for det var auksjon der. Støp vart med, og kjøpte like godt garden.[11] Her vart han verande resten av livet: Han er busett her i alle folketeljingane frå det året og fram til 1910, i dei siste av dei på føderåd, og han står som eigar av garden i matrikkelen 1886. Han fornya ein del av husa på garden, mellom anna utvida han den vesle stua med ei bygning som var til sals ein plass i bygda, samt at han bygde på kårbolig på den andre enden, slik at han fekk ei 29 meter lang lån. Han bygde òg ny låve til garden i 1880, samt at han la springvatn til garden frå ein bekk hundre meter unna med tømmerledninger. Dessutan bygde han teglverk og smie.[12]

Theodor Støp døydde på Landstad den 26. juni 1911. Tre av borna hans hadde døydd unge av tuberkulose, og sonen Sefanias Støp, som hadde teki over garden etter han, døydde i 1902. Det var den nye ektemannen åt svigerdottera som vart neste brukar, og det er etterkomarane deira som sit på Landstad i dag.

Familie

Theodor Sørensen Støp og Elen Sofie Iversdatter fekk åtte born:[13]

  1. Serine Berntine, f. 1858, gift med Johan Amundsen, til Oslo.
  2. Sefanias Theodor, 1860-1902, neste bruker på Landstad, gift med Lorentse Nikoline Bøkset (1868-1938) frå Snåsa. Da han døydde, vart enkja gift på ny med Gunnar Kvål frå Skatval, som tok over garden.
  3. Christine, 1863-1885.
  4. Julie, 1866-1956, ugift, dreiv blomebutikk på Verdalsøra.
  5. Tilla, 1868-1955, ugift, budde på Landstad.
  6. Johan Marius, 1870-1888.
  7. Martin Katrinus, 1874-1918, arbeida som smed på Mære landbruksskole, utvandra seinare til Canada.
  8. Julius Bernhard, 1876-1894.

Noter

  1. Markabygda og Ekne, side 17.
  2. Øvre Skogn, side 147. Stavern var på denne tida husmannsplass, men vart seinare fråskilt som gardsbruk.
  3. Øvre Skogn, side 148.
  4. Ministerialbok nr. 717A06 /1, 1836-1849, s. 271.
  5. Kvaal nemner likevel at Støp vart født på Støpsvold. Kvaal, side 90.
  6. Kvaal, side 90.
  7. Attgitt hos Kvaal (side 91), som hadde historia frå Tilla Støp sjølve.
  8. I brev av 18. januar 1852 skriv han «3 Maaneder», men i 6. september same året skriv han «mere end 5 Maaneder».
  9. Markabygda og Ekne, side 17 og 68.
  10. Molde, side 178.
  11. Heimer og folk Volhaugen, side 348.
  12. Kvaal, side 91-92. Da Kvaal skreiv artikkelen i 1988, stod låva framleis på garden, mens låna var riven.
  13. Heimer og folk Volhaugen, side 348-350.

Litteratur