Trio Tamreinlag A/L

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til: navigasjon, søk
Gjetarane i Trio var med på bygginga av Grønbue inne i Reinheimen.
Foto: Arnfinn Kjelland

Trio Tamreinlag A/L var eit andelslag stifta i 1954 med føremål tamreindrift i delar av fjellområda Tafjordfjella, Reinheimen og fjellområde sør for Ottadalen, i kommunane Skjåk, Lesja og Grytten. Laget kom til som ein konsekvens av at to andre tamreinlag i regionen, Lesja tamreinlag og Skjåk tamreinlag vart avvikla. Reinen i desse laga utgjorde utgangspunktet for flokken til Trio, 1843 dyr ved etableringa. I 1959 kjøpte laget inn svensk skogsrein. Det året hadde det om lag 2500 dyr og 4700 andelar fordelt på 1251 eigarar. Den samla andelskapitalen var kr. 440.000 og beiteområdet var ca. 2500 km2 i dei tre kommunane.

Dei første driftsåra var økonomien i laget god, men det vart vanskelegare dei siste åra. Beitearealet var stort, men det var tungvint fordi det var delt på to fjellområde, sør og nord for Ottadalen. Dyra kalva i området kring Lendfjellet i Lom i april og vart seinare flytt til vestover til fjella kring Grotli for sommarbeite. Haustslaktinga gjekk føre seg i anlegget laget hadde i Hamsevika, medan vinterbeitet var på Tverrfjellet, Kjølen og Asbjørnsdalen i Lesja og Brøstdalen i Grytten. Noko av haustslaktinga og vinterslaktinga gjekk føre seg på slakteplassen i Rånå i Lesja. Der var det òg innsamlingsgard på fjellet Brennhøe og taubane ned til slaktehuset i bygda.

I februar 1960 omkom overgjetaren i Trio i snøras ovafor Framrustsetra i Skjåk. Drifta vart vanskelegare, laget fekk ikkje slakta det dei skulle og det vart gjennomtrekk av gjetarar.

Alt frå starten var det betydeleg motstand mot laget, frå forkjemparar for at det burde vere villrein i desse fjellområda. Med utgangspunkt i eit møte på Verma i 1954 organiserte desse seg i Villreinsammenslutningen, og etter ein lang og konfliktfylt dragkamp vart Trio avvikla i 1964-65. Reinen vart dels selt til Riast/Hyllingen reinbeitedistrikt i Sør-Trøndelag; resten gjekk inn som grunnlag for ein ny villreinstamme i regi av Villreinutvalet i Ottadalsområdet.

Kjelder