Unionvegen

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Unionvegen på Nordagutu sett nordover.
Foto: Roy Olsen (2017).

Unionvegen er ein 105 meter lang blindveg på Nordagutu i Midt-Telemark kommune som går nordover frå Bjørnskåsvegen i Bjørnli bustadsområde.

Vegen blei namnsett i 2009 og har namn etter «Unionhytta», knytta treforedlingsbedrifta Union Co. i Skien. Busetnaden består av fire einebustader.

«Skogli», gnr. 116/12 blei skilt frå gnr. 16/8 og selt til A/S N. Kittilsen av Union Co. i 1917. På tomta blei ei hytte (sidan kalt «Unionhytta») sett opp same år. I 1923 kjøpte Union Co.s Funksjonærforening eigedomen. Eigar frå 1954 var Ivar Arnold Hauen. Hytta blei påbygd i 1960 til bustadhus og har no adressa Bjørnskåsvegen 10.

Kjelder

  • Kartverket: Norgeskart
  • Kirkeby, Birger: Bygdebok for Sauherad, Band I, Gardsnr. 1–17, Sauherad kommune 1980, s. 618


Koordinater: 59.41673° N 9.32548° Ø