Vest-Telemark Kraftlag

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Det fyrste kontorlokalet til VTK i Høydalsmo. I dag har kraftlaget flytta kontora til større og meir moderne lokalar.

Vest-Telemark Kraftlag blei stifta 13. september 1940. Hovudkontoret ligg i Høydalsmo i Tokke kommune. Kraftlaget har også eit avdelingskontor i Treungen i Nissedal kommune. Selskapet driv med produksjon, kraftomsetning, nett og breiband. Produksjonen er organisert gjennom Skafså Kraftverk ANS (67 prosent) og Sundsbarm Kraftverk (8,5 prosent). Breiband vert drive gjennom Telefiber AS som er lokalisert ved hovudkontoret.

Konsesjonsområdet dekker eigarkommunane med unnatak av Fjågesund i Kviteseid og Rauland i Vinje.

I dag er kraftlaget eigd av kommunane Fyresdal (19 prosent), Kviteseid (19 prosent), Seljord (19 prosent), Tokke (19 prosent), Vinje (19 prosent) og Nissedal (5 prosent).

Kjelder og eksterne lenker

  • Lenke til VTK si heimeside.