Vidar Atne
Vidar Atne (fødd 9. juli 1894 i Horten, død 6. januar 1962 i Oslo) var skattejurist og NS-oppnevnt fylkesmann i Sogn og Fjordane 1941-1944.
Bakgrunn
Atne var døypt Tønsberg og tok Atne som slektsnamn i 1924. Foreldra var Andreas Sørensen Tønsberg (f. 1858 i Tønsberg) og Valborg Emilie Eriksen (f. 1869 i Larvik). Atne var fødd i Horten der faren var underkanoner på marinebasen, men familien flytte til Kristiania før 1900. Han tok middelskuleeksamen i 1909 ved Otto Anderssens skole og gymnaset ved Ragna Nielsens skole før han byrja på Universitetet i 1913.
Yrkesliv
Vidar Atne var kontorist ved Kristiania elektrisitetsverk 1912-1919 og tok juridisk embetseksamen i 1920. Frå 1. januar 1921 var han fullmektig hjå sorenskrivaren i Vinger og Odal, og frå 1922 til 1930 var han likningssekretær i Oslo. Atne tok tilleggsutdanning i skatterett (1930) og dreiv frå 1930 til 1935 eigen sakførarpraksis i Oslo. Frå september 1935 var Atne skatteinspektør i Oppland fylke og budde på Lillehammer.
Kring 1930 engasjerte Atne seg i pelsdyrnæringa. Hausten 1929 var han med på skipinga av Akershus Sølvrevavlslag der han representerte Rognlia pelsdyrfarm. Same hausten var han med på aksjeinnbydinga til Tufte Revegard A/S I Stokke, og hausten etter deltok han i etableringa av Jarlsberg Pelsdyrfarm A/S, som var annonsert som Noregs største pelsdyrfarm.
Nasjonal Samling
Atne melde seg inn i Nasjonal samling hausten 1940. Han fekk permisjon frå stillinga som skatteinspektør i Oppland for å bli kontorsjef ved fylkesmannsembetet i Sogn og Fjordane frå 1. juli 1941, og alt 26. juli vart han konstituert som fylkesmann etter at Hans Seip dagen før var avsett. Som fylkesmann gjorde Atne lite for å nazifisere forvaltninga, han protesterte mot arrestasjonar og kom stadig meir på kant med lokale NS-folk og tyskarar som ville ha ein meir handlekraftig fylkesmann. I juli 1944 vart Atne sjølv avsett og erstatta av offiseren Konrad Sundlo, som ei kort tid hadde vore fylkesmann i Akershus. Sundlo klaga etter overtakinga i juli 1944 på at kontoret var fullt av jøssingar.
Atne vart plassert i Finansdepartementet i Oslo med reiseforbod og vart nytta av NS-regjeringa som rådgjevar i skattespørsmål. I landssvikoppgjeret vart Atne i mai 1947 dømd for å ha vore med på å gjennomføra ei ulovleg statsforfatning. Han fekk 5 års tvangsarbeid, tap av borgarlege rettar i 10 år, tap av stillinga som skatteinspektør i Oppland og inndraging av 5000 kr. I formildande retning vart det lagt vekt på at Atne hadde handla ut frå ideele motiv, at han var motstandar av å bruke terror og hadde vore moderat i framferda si. Sjølv takka han retten for «fair handsaming». Domen var etter måten mild, men redaktør Ivar Tveit i avisa Sogn og Fjordane protesterte (anonymt) og bad om benåding.
Frå 1949 dreiv Atne sakførarpraksis i Oslo som spesialist på skattejus. Han døydde i 1962.
Ekteskap og barn
Atne gifte seg 6. juni 1925 med Margit Fuhr (1889-1988) i Oslo, dotter av Hans Urdahl Fuhr (1854-1915) frå Luster og Marie, født Berg (1862-1926) frå Stokke. Dei fekk tre born:
- Marit (f. 1926, død 14 dagar gamal)
- Stein Arvid Atne (f. 1928), advokat i Oslo
- Knut Olav Atne (1931-2010)
Stein Atne har fortalt om oppveksten på Leikanger i boka Krigsår (2005).
Kjelder og litteratur
- Fødsel 1894: Kyrkjebok for Horten
- Vidar Tønsberg i folketeljinga 1900 for Kristiania
- Vidar Tønsberg i folketeljinga 1910 for Kristiania
- Norsk Kundgjørelsestidende, 16.10.1924 (namnebyte), 4.10.1929 (Tufte Revegard A/S),
- Bergens Tidende, 10.8.1942 (tale), 28. og 29.5.1947.
- Firda Folkeblad, 8.8.1941 (utnemning), 9.6.1947.
- Aftenposten, 3.9.1929 (Akershus sølvrevlag), 4. og 18.10.1930 (Jarlsberg Pelsdyrfarm A/S), 6.12.1949 (lysing for sakførarpraksis), 8.1.1962 (dødsannonse)
- Anonym (1937) Studentene fra 1912: biografiske oplysninger samlet til 25-års-jubileet 1937, s. 12 – Bokkomiteen for studentene fra 1912, Oslo.
- Anonym (1962) Studentene fra 1912: biografiske opplysninger samlet til 50-årsjubileet 1962, s. 4-6 – [s.n.], Oslo.
- Svartefoss, Einar (1994) 5-årsnatta: Leikanger i krigsåra 1940-45 – Systrond sogelag, Leikanger. ISBN 8275600030 (ib.). - fleire stader
- Grepstad, Knut Henning. (2005). Samhaldet i familien det viktigaste i ei vanskeleg tid. I Grethe Eithun, m.fl. (red.), Krigsår. Liv og lagnader i Sogn og Fjordane 1940-1945 (s. 382-383). Førde: Selja forlag.
- Thunshelle, Torgeir Johan, og Hans Hendriksen. (1976). Den mislukka samlinga. Nasjonal Samling i Sogn og Fjordane fylke 1940-1945. I Rolf Danielsen og Stein Ugelvik Larsen (red.), Fra idé til dom. Noen trekk fra utviklingen av Nasjonal samling (s. 104-127). Bergen: Universitetsforlaget. Digital utgåve
- Vidar Atne i Historisk befolkningsregister