Vinkelgården (Røldalsvegen 21 og 23 i Odda)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Det bymessige huset er bygd i 1913 og ikkje i middelalderen, men det har likevel føyd seg etter svingen i gata her.
Foto: Harald Hognerud

Vinkelgården er eit hus i Røldalsvegen i Odda. Huset er truleg kalla «Vinkelgården» frå det var nytt fordi det er bygd i ein open vinkel. Men dei fleste godt vaksne og eldre kallar huset Bækkenhuset. Etter at industriperioden starta i 1906, og særleg etter at smelteverket utvida omkring 1912 vaks Odda-byen ytterlegare. Det blei og stor etterspurnad etter forretningslokale. Forretningsmannen Sverre Bredal som kom frå ein handelsfamilie i Bergen og byggmeister Knut Svåsand frå Odda gjekk saman og bygde Vinkelgården i 1913.

Jugend og mansard

I første etasje har det alltid vore butikklokale med store vindauger mot gata. Andre etasje hadde opprinneleg leilegheiter og var bruka som bustad til opp mot 1980-talet. Huset og vindaugene (nye kopietterlikningar) har tydelege trekk av jugend. Taket har broten mansardform, som på kontorbygga ved smelteverksporten og på Handelshuset lenger oppe i gata.

Forretningsmannen Sverre Bredal

Sverre Bredal dreiv agentur- og skipsekspedisjonsfirma fram til han døydde i 1919. Du kan lesa litt meir om Bredal og arkivet etter han på NVIM sine nettsider.

Forretningskvinner

Anna Haugen var kjend som ei drivande forretningskvinne då Odda var under oppbygging. Ho dreiv konfeksjonsbutikk her frå 1914 til 1927. Etter det overtok firmaet A/S Bækken & Co, også det ein klesbutikk. Bækkenbutikken var i drift i omlag 50 år, så det er ikkje rart at huset lenge blei heitande Bækkenhuset på folkemunne. Og framleis er det klesbutikkar i dette huset.

Tannlege Fredrik Wexel starta tannlegekontor i bygget i 1914. På 1990-talet heldt Femina frisørsalong til i 2. etasje i nr 23 der det før hadde vore bustad.

Olav Lothe var lenge eigar av bygget, og seinare Brita Lothe Melstveit.