Wilhelm Andreas Wexelsen (1828–1904)

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra Wilhelm Andreas Wexelsen)
Hopp til: navigasjon, søk
Wilhelm Andreas Wexelsen

Wilhelm Andreas Wexelsen (fødd 8. april 1828 i Ringsaker, død 1904 i Kristiania) var teolog, grundtvigianar og sokneprest i Eid og Oppdal. Han var farbror til den kjende statsråden og biskopen Vilhelm Andreas Wexelsen (1849-1909).

Foreldre

Foreldra var Wexel Hansen Wexelsen (1784-1867), som var forvaltar ved Hadelands Glasværk, og Marie Lovise f. Wexels (1793-1873). Ho var syster til den kjende grundtvigianske presten Wilhelm Andreas Wexels, som Wilhelm Andreas Wexelsen var mykje hjå i studietida.

Utdanning - kapellan

Wilhelm Andreas Wexelsen fekk fyrst undervisning hjå prost Hans Peter Schnitler Krag i Vågå 1839-1842 og var så på Fredrikshald latinskole til 1847 før han gjekk eit år hjå Heltbergs studentfabrikk. Han tok teologisk embetseksamen i 1855 og praktikum 1858.

Etter eksamen var Wexelsen ei tid lærar ved Kaptein Dessens Privatskole i Trondheim og to månader ved Klæbu seminar før han 13. oktober 1858 vart personleg kapellan hjå soknepresten på Hitra i Sør-Trøndelag. Den 22. oktober 1864 vart han residerande kapellan i Øvre Stjørdalen og 15. oktober 1870 sokneprest i Ofoten.

Sokneprest i Eid

Den 4. mai 1878 vart Wexelsen utnemnd til sokneprest i Eid i Sogn og Fjordane. Han var erklært grundtvigianar og venstremann, og han skipa her føredragslaget Eids folkesamlag i lag med to andre venstremenn, juristen Otto Blehr og læraren Lasse Trædal som var komne til Eid i 1872 og 1879. Trædal vart seinare gift med eldste dottera til Wexelsen.

Sokneprest i Oppdal

Wexelsen forlet Nordfjord etter at han 17. mai 1884 vart utnemnd til sokneprest i Oppdal i Sør-Trøndelag. Wexelsen fekk i 1888 Lasse Trædal til å kome til Oppdal og halde folkehøgskule ein vinter.

Wexelsen gjekk av med pensjon 21. mars 1890. Han budde deretter i Kristiania til han døydde i 1904.

Familie

Wexelsen gifte seg i Trondheim 13. juli 1860 med Johanne Henrikke Lyng (1837-1892), dotter av kjøpmann Joh. Daniel Fürstenberg Lyng i Trondheim og Ingeborg Martha Vanvig.

Dei fekk følgjande born:

  • Ingeborg Louise Hermana Wexelsen (1861-1939), gift med Lasse Trædal
  • Ragnhild Wexelsen (f. 1862), gift med fylkeslege Ludvig Trædal (http://www.kgroenha.net/lydband.htm)
  • Wexel Hansen Wexelsen (1864-1878)
  • Sigrid Wexelsen (f. 1866), gift med sogneprest Alfred Eriksen (1864-1934), foreldre til bl.a. Erling Eriksen (1893-1967), generaldirektør for Oslo lysverker.
  • Johanne Henrikke Wexelsen (1867), gift med telegrafassistent Anders Jørgen Aune
  • Johan Daniel Fürstenberg Lyng Wexelsen (f. 1869), gift med Aagot Johnsen (Amerika)
  • Andrea Sofie Wexelsen (f. 1871), ugift
  • Wilhelm Andreas Wexelsen (f. 1873), handelsbetjent

Kjelder

Eksterne lenker