Wiva Modeller AS

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Annonse for Wiva Modeller i Sykkylvsbladet 15. mai 1967.

Wiva Modeller AS var ei konfeksjonsverksemd i Sykkylven. Bedrifta vart skipa som eit familieaksjelag og vart etablert på Fet i Velledalen i 1964. I utgangspunktet hadde selskapet desse eigarane: Borghild Neset, Oddrun Drabløs, Norvald Fet, Arne Fedt og Margit Fet. Aksjekapitalen var 10.000 kroner.

Drifta kom i gang på nyåret i 1965, og produksjonen var kjolar i crimplene-stoff. Crimplene stod svært sentralt i motebildet den tida. Som styrar vart Britt Pettersen frå Lofoten tilsett. Ho var nærskyld med kona til initiativtakaren, Arne Fedt, og ho hadde nett teke ei fire-årig utdanning i kjole- og draktsaum i Narvik. Som arbeidshjelp hadde ho sju kvinnelege syarar, og det kunne til tider vere trongt i produksjonslokala i gamle Drauvlaus skule.

Wiva Modeller heldt syarane med maskiner. Stoffet kjøpte dei dels frå Humlen Industrier A/S i Vegsund, og ein del vart importert frå Sveits. Bedrifta hadde eit godt utbygt salsapparat med agentar som dekte heile landet.

I 1973 flytta styraren, Britt Pettersen, til Trøndelag. Det var ingen som kunne fylle plassen hennar. Drifta av Wiva Modeller vart difor avvikla i Velledalen, og verksemda låg nede i mange år. I 1984 flytta Arne Fedt maskinene til Stranda, og kona, Marna, starta opp produksjon heime i bustaden deira. Etter at Arne vart pensjonert frå stillinga si som salssjef ved Alvo Fabrikker A/S, tok han del i drifta av Wiva Modeller. Det vart då eit ansvarleg selskap med Marna og Arne Fedt som innehavarar. Dei sydde blusar, skjorter og skjørt til institusjonsmarknaden. Dei heldt drifta i gang nokre år, før ho vart lagt ned.

Kjelde: