Årdal krins (Breim)
Årdal krins (også skriven som Ordal krins) var ein skulekrins i Breim kommune. I 1860 bestod krinsen av gardane Årdal, Frøystad, Bogstad. Dei delte ein lærarpost med Førde krins. I 1964 vart Årdal krins lagt ned og elevane flytta til Reed krins. Då hadde grenda fått veg til Reed og barnetalet var minkande.
Skulehus
Gamle Årdal skule (Breim)
- Byggeår: 1874. Gnr. 118, bnr. 5
- Fungerte som skule: 1874-1915
- Anna bruksområde:
Årdal skule (Breim)
- Byggeår: 1915. Gnr. 118, Bnr. 4
- Fungerte som skule: 1915-1964
- Anna bruksområde:
I 1948 sende Årdal skulekrins søknad til skulestyret om å få tilbygg på skulehuset. Skulen mangla kjellar og hadde ikkje høveleg rom for sløyd og kroppsøving. Skulestyret fremja saka for heradstyre som gjorde vedtak om bygging.
Skuledagen
I det eldste skulehuset sat elevane på 4-mannspultar med lause benkar. Ryggstøtte fekk dei frå pultane bakom. Sjølv om skulen var enkel var det likevel ein del bedre enn å halde skule i private stover, der folket på garden dreiv med sitt daglege arbeid i same stova.
Skulevegen
Lærarar
Fornamn | Fødd | Skule | Tilsett år | Slutta år | Utdanning frå | Merknad |
---|---|---|---|---|---|---|
Rasmus Raad | Årdal og Nesstrand (omgangsskule) | 1743 | ||||
Anders Kristenson Mardal | 1784 | Nessestrand, Årdal og Førde (omgangskule) | Truleg 1801 | Klokkar og skulehaldar i 40 år. Drukna i Breimsvatnet ved Årdalsstranda 1841. | ||
Krispinus Førde | Høygardane, Årdal, Førde | 1867 | 1879 | |||
Nils R. Hole | Årdal, Førde | 1879 | 1886 | |||
Kristianne Glomnes | 1870 | Sandal, Bjørnaheim, Gåsemyr, Reed, Høygardane, Hole, Årdal | ||||
Erik A. Aasebø | 1844 | Høygardane, Årdal, Førde | 1886 | 1893 | ||
Gudbrand Henden | Årdal, Førde | 1894 | ||||
Ingebrigt R. Næss | Nessestranda, Kandal, Årdal, Førde, Høygardane | 1894 | 1937 | Arbeidde som lærar til han var 75 år. | ||
Torstein Reed | Årdal, Reed | 1942 | 1964 |
Strid mellom krins og lærar
Det kom til bitter strid mellom foreldra i Årdal krins og lærar Erik Aasebø. Foreldra klaga over at læraren sov bort mykje av undervisningstida, og dei ville ha han avsett. Lærar Aasebø på si side meinte han ikkje hadde forsømt seg. Krinsen klaga til skulekommisjonen i 1890, men ingenting vart gjort. Krinsen tok då saka i eigne hender og leigde seg ein lærar.[1] I tillegg måtte dei leige seg skulestove, for skulehuset fekk dei ikkje bruke. Det førte til at lærar Aasebø sat turane sine til Årdal, utan skuleborn, og laga hornskeier. Striden vart løyst ved ny krinsdeling då Årdal krins kom saman med Nesstranda krins og Gudbrand Henden vart lærar.
Foto
Fotonotar
- ↑ Møtebok for skulestyret i Breim, 1890-1902. Side 14-40.
Kjelder og litteratur
- Sandal, Per (1978) Soga om Gloppen og Breim, band 1. Sandane.
- Sandal, Per (1979) Soga om Gloppen og Breim, band 2. Sandane.
- Femårsmeldingar om folkeskulen 1891-1895, 1896-1900 og 1901-1905
- Skriftnemnda (1989) Skulane i Breim 1739-1989.
- Møtebok for skulestyret i Breim, 1890-1902