Utsyn over Aursjømagasinet 2005. Det var ein stad her ulykka skjedde.
Gautsjøulykka 25. september 1941 var ei frykteleg hending knytt til Aurautbygginga på Dalsida i Lesja. Eit arbeidslag på 11 mann dreiv med stikking av vegen som var under bygging opp frå Aura i Bøgrende fram til Gåsbue skulle avslutte arbeidet og fraktast over Gautsjøen med båt til Sørhella, ei strekning på 8–9 kilometer. Båten var ein sju meter lang open trebåt, ein fløytingsbåt, med påhengsmotor. Veret var fint og det var omtrent vindstille. Kva som hende denne septemberdagen, veit ingen. Fleire av karane var flinke til å symje, men ingen kom fram til Sørhella. Dagen etter, fredagen, var det gråvér, vind og skodde. Oppsynsmannen på veganlegget, Anton Mikkelsen, rodde da utover og støtte rett på båten, som flaut med baugen i veret. Les mer …
Skuleborn frå Bøgrende på skitur til Reindøl fyrst i 1930-åra
Reindøl er ei setergrend som ligg i skoggrensa på nordsida av Dalsida i Lesja, tvert over for Myrin der setervegen kjem opp frå bygda. Den gamle setervegen gjekk over Myrin, ned lia, over elva og opp om lag der køyrevegen går nå. Bilvegen vart bygd sist i 1940-åra. Det er eigentleg to setergrender her, dei eldste setrane øvst, og så nokre nyare lenger nede mot dalbotnen (på Nere Reindøl).
Namnet Reindøl er todelt. Det er ikkje granska vitskapeleg, men fyrsteleddet tyder vel helst dyreslaget rein, slik det er tolka mange andre stader i landet. Dei mange utgamle fangstanlegga innover på Dovrefjell peiker i same lei. Sisteleddet døl, med tjukk l, tyder truleg «liten dal». Reindøl kan da vera eit eldre namn på Reinådalen. Les mer …
Jakob Bersveinsson Klukkstad (død 1773) er rekna for å vera den «fremste tå døm, som … gjorde døla-uthogsten (akantusskurden) så namnkunnog», iflg. Ivar Kleiven. Jakob var frå Lom og kom til Lesja kring 1742 for å lage ny preikestol til Lesja kyrkje. Han flytte til bygda og var busett på Nordistugu Klukkstad i Lesja i alle fall frå 1746 til han døydde i 1773.
Lesjingane bygde så ny kyrkje (ferdig 1749), og Jacob fekk oppdraget med å dekorere altartavla. Ho er rekna som meisterverket hans og var kanskje ikkje ferdig før i 1760-åra (sjå bilde nedafor). Han laga òg tre andre altartavler: til Skjåkkyrkja i 1751, Heidalskyrkja i 1754 og Kors kyrkje i Romsdalen. Les mer …
|