Murane etter husmannsplassen Svee under Sør-Hole i Lesja. Plassen vart rydda kring 1762 og fråflytt ca. 1790. Foto: Arnfinn Kjelland
Husmannsplassane i Lesja er eit oversyn over dei buplassane som er kartlagt og plassert i denne kategorien gjennom arbeidet med Bygdebok for Lesja i åra 1981–1996. Til saman er talet på registrerte stader der det har vore busett folk i ein periode, og som i ein del av den busette perioden må kunne kallast husmannsplass, stugu, småbruk (utan skøyte) og liknande, drygt 600. Les mer …
Lesjaskog sentrum omkring 1923. Foto: Hans H. Joramo
Lesjaskog sentrum eller Strande er nemninga på ein del av Kyrkjekretsen, det som i dag er eit av tettstadsområda på Lesjaskogen. Det rekk grovt sett frå og med Skulemuseet i Lisser, Lesjaskog kyrkje og Mølme vest for Mølmsåe, langs den gamle riksvegen (før han vart omlagt ca 1987) til og med Lesjaskog skule. Det er ikkje funne kjelder som fortel om busetjing i dette området før fyrst på 1700-talet. Da var jernverket kome i drift, og det vart nok meir trafikk over Lesjaskogsvatnet, truleg både vinter og sommar. Her ved den vestre vassenden vart det tidleg bygd dam for å heve vasspeglet, og det er det grunn til å tru at det gjekk ein god del transport ved hjelp av prammar over vatnet. Dermed vart det behov for omlasting, og gardsnamnet Rundtom ovafor Gameldammen har vore sett i samanheng med at det var her hestetransporten som kom nede frå Veblungsnes snudde her etter å ha lasta over varene på båtar. Les mer …
A/S Eidefoss vart stifta på Victoria hotell på Lillehammer 5. mai 1916 under namnet Eidefos Kraftanlæg Aktieselskap. Hovedaksjonær var Eystein Søberg frå Lillehammer, som teikna 40 av dei 160 aksjane i selskapet. Han hadde kjøpt fallrettane i Eidefossen i Ottavassdraget og skulle òg vere disponent. Første del av utbygginga skulle omfatte eit aggregat på 600 hk med liner til Vågåmo og Otta og skulle koste kr 240.000. Men det vart mykje dyrare på grunn av verdskrigen og den sterke prisauken, så alt i februar 1917 var overslaget kome opp i kr 650.000 og den endelege kostnaden vart 1,3 mill. kr. Da var selskapet konkurs. Men anlegget kom i stand, og alt 20. desember 1917 starta kraftleveringane. Etter ein komplisert bubehandling overtok Vågå kommune og firmaet Østlandske Stenexport buet i 1919 med ein halvpart kvar og innløysingsrett for Vågå kommune til aksjane til Østlandske. Les mer …
Bjorli jernbanerestaurant, interiøret, i 1929
Bjorli jernbanerestaurant vart bygd på Bjorli stasjon på Raumabanen i 1927. Det var ein staseleg bygning med plass til 700 gjester. Målgruppa var turistar som kom med turistskip til Åndalsnes og så kom opp med toget til Bjorli for så å få noko å forfriske seg på der før dei returnerte. Det var Norsk spisevognselskap som dreiv restauranten.
Dotter til stasjonsmeisteren på Bjorli i åra 1930-36 har fortald om desse turistane og opphaldet deira:
«Det surret i flere tungemål og det var virkelig festlig mens det stod på, og mange av bygdas kvinner var med og hjalp til med servering o.l. Oppholdet kunne dreie seg om et par timers tid, og da tok de seg gjerne en tur oppover moen til Storhaugen hvor de plukket blomster, lyng og kjerringris.»
|
|
Les mer …
|