Ved Gravranden på fjellet ovanfor Lesjaskog finst eit tydeleg fangstanlegg for villrein.
Gravranden er ein avlang markant haug («rande» i lokaldialekten) orientert tilnærma vest-aust. Det syner ein tydeleg sti etter reinstrekket mellom haugen og ei lita tjønn, som avgrensa området og freista dei gamle fangstfolka til å bygge eit fangstanlegg her.
Anlegget er kartlagt av Øystein Mølmen (1979). Han meinte det er usikkert om namnet på haugen har med fangstgropene her å gjere. Les mer …
Fenrik Hofseths skisse over kampavsnittet Lesja - Dombås 1940. Foto: Arnfinn Kjelland
Dovre og Lesja krigsminnesamling (DLKMS) vart starta i 1995 som stifting «etablert på Dovre krigsminneforenings samlinger»[1].
Ved etableringa hadde foreninga om lag 70 medlemer. Da hadde medlemene i mange år samla gjenstandar og dokumentasjon knytt til andre verdskrigen. Les mer …
Sørenden av Skåpårtjønne i juni 2010.
Skåpårtjønne er namnet på ei lita tjørn som ligg ved den såkalla «gamle kongevegen», mellom Mosenden og Lesjaverk i Lesja. Ifølgje Gerhard Schøning bør tjørna «regnes blant de fornemste Naturens Mærkværdigheder, som Lesje Bygd kan opviise».
Skåpårtjønne er omtalt i to skildringar frå 1700-talet, av jernverkseigaren Hans Holmboe (1755) og altså rektor ved Trondheim katedralskole Gerhard Schøning (1775). Den sistnemnte er mest detaljert. Grunnen til at dei to festa seg særskilt ved tjørna, er ein spesiell eigenskap ved ho som bygdefolket var oppteke av: når verlaget i området er kaldt og fuktig, forsvinn vatnet nesten heilt. Bekkene i området kan ha rikeleg vatn, men tjørna har berre ein liten dam på djupaste delen. Les mer …
Bjorli stasjon 1922 Foto: Anders Beer Wilse Frå Bjorli da eg var ti år Eg har ikkje noko klart bilde av meg som barn. Eg har ikkje spurt så mange heller; kven ønskjer å høyre den fulle sanninga? Syster mi er sju år eldre enn meg, så eg vaks nok opp som eitslags einebarn, med ei beskyttande mor og ein far som hadde meir enn nok å gjera i arbeidet sitt. Denne organiseringa var nok heilt vanleg først på 1950-talet, mor tok seg av meg og hus og heim, far arbeidde på butikk og kontor. Men når det skulle vera skirenn fekk vi låne kontoret til far. Vi fekk papplater og hyssing, blyantar, og startnummer vart laga i lange seriar. Far min var styrar på Bjorli Landhandel. Butikken låg ved riksvegen, eit steinkast frå Bjorli stasjon. Vi budde i andre etasje over butikken. Les mer …
Sagelva Vasskraftsenter er eit anlegg bygd og drive av Brøste-Stueflotten Kulturlag omkring Brøstsaga. Det ligg ved vegen inn over mot Brøstdalen, der den gamle «kunstige» Sagelva renn nær fylkesgrensa mellom Innlandet og Møre og Romsdal. Oppbygginga av dei ymse delane av senteret starta i 1999, og det blir brukt til å vise, demonstrere og forklare viktige sider ved næringsutviklinga og bruken av vasskraft ikkje berre i Lesja og Romsdalen, men i heile landet i desse siste 500 åra. Hovudfokus er på korleis den fornybare ressursen vatn har vore utnytta fram til elektrifiseringa skaut fart i siste halvdel av 1900-talet. Senteret opna i 2002, men har vore under kontinuerleg utviding.
Les mer …
|