Om Sør-Aurdal kommune
|
Sør-Aurdal er ein kommune i Valdres i Innlandet fylke. Kommunen grensar til Nord-Aurdal, Etnedal, Nordre Land, Søndre Land, Ringerike, Flå, Nes og Gol. Administrasjonssenteret er Bagn.
Bagn er einaste tettstad i kommunen. Av bygder kan nemnast Reinli, Begnadalen, Hedalen og Leirskogen, som alle er kyrkjestader med eigne sokn. Ein finn óg mindre grender, som Liagrende. Språkleg går det eit skilje mellom den nordlege og den sørlege delen av kommunen. Sør-Aurdal er nøytral i valet mellom nynorsk og bokmål, og i 2010 var det registrert ein nynorskandel på 49,48 %. I nord, i sokna Bagn og Reinli, snakkar folk valdresmål. Det ligg nær nynorsk, som vert nytta i kyrkja og skulen . I Hedalen og Begnadalen sør i kommunen snakkar dei ei dialekt som ligg nærare ringeriksmålet, og ein nyttar der i hovudsak bokmål i skulen og kyrkja.
Sør-Aurdals kommunevåpen er gull relikvieskrin i blått. Relikvieskrinet er Hedalskrinet frå Hedalen stavkyrkje.
Frå mellomalderen tilhøyrde området Aurdal prestegjeld, som i 1805 vart delt i Sør-Aurdal og Nord-Aurdal prestegjeld. Desse vart i 1837 grunnlag for dei to Aurdalskommunane. Prestegjeldet hadde ved avviklinga i 2000-åra fem sokn: Bagn (som var hovudsokn), Reinli, Hedalen, Leirskogen og Begnadalen. Prestegjeldet låg, og dagens Sør-Aurdal kyrkjelege fellesråd ligg, i Valdres prosti i Hamar bispedøme. Bruflat sokn vart i 1894 skilt ut frå Sør-Aurdal, og vart ein del av Etnedal kommune.
Kommunen låg tidlegare i Valdres fogderi, og er nå under Valdres tingrett. Den er einaste kommune i Sør-Aurdal lensmannsdistrikt i Vestoppland politidistrikt. Les mer ...
|
|
Smakebiter fra artikler
|
Reinli stavkyrkje. Foto: John Erling Blad (2005)
Reinli stavkyrkje står på ein terrasse i den bratte dalsida i Reinli i Sør-Aurdal. Kyrkje vart truleg reist på 1300-talet som ei hallkyrkje med eitt stort rom. Seinare vart koret utvida med apsis, og kyrkja fekk ein svalgang. Det er funne spor etter tidlegare kyrkjer på same staden. Rett nedafor stavkyrkja står Reinli kyrkje, som er soknekyrkje i dag. Stavkyrkja nyttast ved spesielle høve, som bryllaup og dåp, og ho er ope for turistar om sumaren.
Fyrste gongen Reinli kyrkje nemnast i skriftlege kjelder er i 1327, då eit rekneskap frå den pavelege nuntien nemner ecclesia de Reglir cum capella, Reinlikyrkja med kapell. Ein trur at kapellet kan vere Ule kyrkje i Bagn. Reinli sokn vert så nemnd ein rekkje gonger i brev, som i 1338 («j Reínliid»), 1366 («i renlida kirkiu sokn») og 1395 («Reinlidar kirkie sokn»).
Arkeologiske undersøkingar har synt at det har vore to eldre kyrkjer på staden. Ein av dei brann ned. Tømmeret i kyrkja som står er datert med dendrokronologi, og vart hogd i åra 1323–1326. Det finst også noko eldre tømmer, som truleg kjem frå ei eldre kyrkje. Ein kan difor rekne med at den fyrste kyrkja brann, og at den andre vart reven. Ein av bjelkane er datert til 1172. Les mer …
|
|
|
Se også
|
|
|
Kategorier for Sør-Aurdal kommune
|
|
|
Andre artikler
|
|
|
|