Magnhild Olsdotter Sperstad (fødd i Skjåk 14. desember 1806, død same stad 1887) var gardkone og jordmor. Ho var fødd og oppvaksen på garden Øver-Holø på Geilostronda i Skjåk, Foreldra var Ola Rasmussen Holø («Dokter-Holen») (1784-1852) og Mari Sevaldsdotter frå Nørstnes i Lom (fødd ca. 1786). Magnhild var eldst i ein syskenflokk på ni. Foreldra dreiv farsgarden til Ola ei tid. Men dei gav opp drifta og Ola livnærte seg og familien som helsearbeidar, mellom anna ved å drive ei sjukestove for ratesjuke med statsstøtte. Magnhild gifta seg 26. januar 1827 med Hans Hansen Sperstad, gardbrukar på Nørdre Sperstad i Reppen i Skjåk. Ekteparet fekk seks born, fødde i tidsrommet 1826-1847. Les mer …
Christi Brandser Foto: Ukjent/Skjåk historielag.
Christi Brandser (fødd 1861 i Skjåk, død 1931 i Heidal i nåverande Sel kommune) var lærar og gardbrukar. Han var også ein ivrig amatørfotograf, og dessutan kjend som oppfinnar. Førenamnet er stundom skrive Christie, Kristie og somme stader mistydd som Kristen.Han var fødd og oppvaksen på garden Nørdre Brandsar i Skjåk. Foreldra var gardbrukarparet Kristen Hansen på Brandsar (1830-1865) og Margrete Erlandsdotter frå Sygard Kvåle (1827-1907). Les mer …
Sylvester Sivertson. Samtidig litografi.
Sylvester Sivertson (fødd 12. september 1809 i Skjåk, død 20. november 1847 i Drammen) var pressemann, forfattar og samfunnsdebattant. Han blir rekna som ein pioner i norsk pressehistorie. Han var den fyrste heiltidstilsette avisredaktøren i landet. Elles er han kjend som kampfelle av Henrik Wergeland i kulturstriden i 1830-åra, og ikkje minst i kampen mot jødeparagrafen.I artikkelen «Kvindens Dannelse» i Skilling-Magazin 1837-38 gjorde Sivertson seg til talsmann for utvida borgarrettar for kvinner. Han hadde forresten i boka si om haugianismen framheva at Hauge gjekk inn for meir likestilling mellom kjønna i det kristelege arbeidet. Les mer …
Ole Lund 1904. Fotograf L. Forbech, Kristiania. Ole Sylfestsen Lund (fødd i Skjåk 2. mai 1831, død same stad i 1912) var lærar, kyrkjesongar, lekpredikant og politikar i Skjåk. I to periodar, 1876-1877 og 1886-1889, var han ordførar. Han var oppvaksen i eit haugiansk miljø, og var nær knytta til Gisle Johnsons vekkjingsrørsle frå 1850-åra av. Lund var leiarfiguren i den kristeleg-konservative motstanden mot venstrerørsla i bygda frå 1870-åra til inn på 1900-talet. Han vart både i samtida og i ettertid ofte omtala som Kirkesanger Lund. Les mer …
Marlo skule i Skjåk under oppføring. Her heldt realskulen til frå 1935 til 1940. (1924)
Lom og Skjåk realskule var i verksemd frå 1935 til 1968. Skulen vart starta på privat basis (Skjåk private millomskule), men vart seinare kommunal, i samarbeid mellom dei to kommunane som skulen fekk namn etter. Den tredje Ottadals-kommunen, Vågå, har også delvis vore med i samarbeidet. Dei fyrste fem åra hadde skulen tilhald i Marlo skulehus i Skjåk, frå 1940 på Loar skule i Lom. Siste kullet på Lom og Skjåk realskule vart uteksaminert i 1968, etter at både Lom og Skjåk hadde innført niårig ungdomsskule frå hausten 1966. (Vågå hadde ungdomsskule på forsøksbasis alt frå 1960.) Les mer …
Johannes Kummeneje (1857-1937). Fotograf ukjent. Johannes Hansen Kummeneje (Kummeneie) (fødd 7. oktober 1857 i Skjåk, død 19. mai 1937 i Talvik) var lærar, lensmann og Venstre-politikar. Han representerte Finnmark på Stortinget 1919-1924.
Han var fødd på husmannsplassen Marlostrædet i Skjåk. Foreldra var Hans Olsen Ulen og Ågot Johannesdotter Marlostrædet. Foreldra var ugifte, som Kummeneje sjølv fortel i eit intervju med Gudbrandsdølen i 1919. Med hans ord var dei «begge ukjendte husmandsfolk av hjertelig simple kaar». Han vaks opp på ein annan husmannsplass, Kummestugu eller Kummeneie, i same grenda som Ulen og Marlostrædet. Les mer …
|