Hanna Resvoll-Holmsen

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Hanna Marie Resvoll-Holmsen ved teltet sitt i Adamsfjord, Lebesby kommune. Adamsfjordfossen til venstre.
Foto: Gunnar Holmsen/NB

Hanna Resvoll-Holmsen f. Resvoll (fødd 11. september 1873 i Vågå, død 13. mars 1943 i Oslo) var botanikar, og saman med søstera Thekla Resvoll ein av dei kvinnelege pionerane i dette faget.


Slekt og familie

Ho var dotter av bankkasserar og seinare kopist i Justisdepartementet Hans Resvoll (1823–1908) og Julie Martine Deichman (1831–1902). Mora var av slekta Deichman, og var etterkomar av biskop Bartholomæus Deichman.

I 1894 vart ho gift med skogeigar Hans Dieset (1875–1939). Dette ekteskapet var oppløyst i 1901. Dei hadde sonen Helge Eystein Dieset (1895–1923).

Ho gifta seg for andre gongen i 1909 med statsgeolog Gunnar Holmsen, som var son av hyttemester Hans Elias Peter Andreas Holmsen og Hilda Stengel. Ho møtte vel han gjennom søstera, for Thekla Resvoll vart i 1895 gift med Gunnar sin bror, bergmester Andreas Holmsen.

Utdanning og fagleg karriere

Ho voks opp i Vågå, med ei mor som hadde ein flott blomsterhage og som gav interessa for planter vidare til døtrene. Do ho var fem flytta familien til Kristiania. Som barn var ho alvorleg sjuk, og etter at ho fylte tolv var ho lite på skulen. Jamvel fekk ho som nittenåring teke middelskuleeksamen, og i nokre år var ho lærar i botanikk. Først i 1902 fekk ho tatt examen artium på latinlinja. Ho byrja så å studere realfag, og hadde nokre gode år på Det kgl. Frederiks Universitet i Kristiania. I 1910 tok ho hovudfag i botanikk, slik søstera hadde gjort i 1899.

Det første feltarbeidet ho gjorde var noko tidlegare, i 1907. Då var ho med på ekspedisjonen til oseanografen Albert I av Monaco til Svalbard. Ho var den einaste kvinnelege deltakaren, men ser ut til å vorte teken på alvor, for ho vart rodd i land med telt, privant og botanisérkasse – og eit gevær om det skulle kome isbjørn. Året etter drog ho åleine til Svalbard for å fotografere for bokverket om ekspedisjonen. Ho etterlet seg ein stor plantesamling frå somrane på Svalvard, og tok nokre av de første fargebileta av arktisk flora. Boka Observations botaniques kom i populærutgåva Svalbards flora i 1927, og var den første floraen for øygruppa.

I 1915 vart ho universitetstipendiat i botanikk. Ho nytta tidleg kvantitative metodar i studiane, etter inspirasjon frå den danske botanikaren C.C. Raunkiær. I 1920 gav ho ut Om Fjeldvegetationen i det Østenfjeldske Norge, ei oppsummering på 260 sider av åtte års feltarbeid. I likskap med søstera Thekla Resvoll hadde ho med seg kjærleiken til fjellheimen frå dei første åra i Vågå.

Ho vart dosent i plantegeografi ved Universitetet i Kristiania i 1921, og hadde den stillinga til ho gjekk av for aldersgrensa i 1938.

I 1938 vart ho medlem av Det Norske Videnskaps-Akademi, der søstera Thekla i 1923 hadde vorte det tredje kvinnelege medlemmet.

Naturvernar

I 1930-åra skreiv Resvoll-Holmsen artikkelen Om betydningen av det uensartede i våre skoger, og med det vart ho ein av dei første som sette fokus på kor viktig det biologiske mangfaldet er. Ho kjempa for at ikkje den naturlege bjørkeskogen skulle erstattast av gran, og hamna difor i ein langvarig krig med skogbrukarane.

Frå 1928 til 1931 var ho redaksjonssekretær, og i praksis redaktør, for tidsskriftet Norge. Ho sat i styret for Østlandske kretsforening for Naturfredning i Norge frå 1924 til 1940. Dette var ein av våre første miljøorganisasjonar. Saman med geologen Adolf Hoel fekk ho på plass den første naturfredinga på Svalbard. Ho engasjerte seg òg sterkt i kampen for å berge Sjoavassdraget og Gjende. I naturvernkretsar er ho kjend som Noreg sin første «grønnstrømpe».

Kilder

Eksterne lenker


Annonse fra Fotograf Behrends i Indtrøndelagen 17.1. 1913.jpg Hanna Resvoll-Holmsen er basert på data fra Preus Museums registre over norske fotografer og fotografiske samlinger, som er tilgjengelig på Nasjonalbibliotekets nettsider. Artikkelen er lagt ut under lisensen cc-by-sa. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen.
Flere artikler finnes i denne alfabetiske oversikten.