Hans Aaberg

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Hans Aaberg (fødd 7. februar 1863 i Sogndal, død 8. juni 1947) var lærar, kyrkjesongar, heradskasserar m.m. Han arbeidde fleire stader, men var lengst i Herdla i noverande Askøy kommune.

Han vaks opp i Sogndal, som son av gardbrukarparet Johannes Martinusen og Anna Hansdotter Aaberge. Han tok eksamen ved Hamar lærerskole i 1889 og arbeidde deretter i to år som kontorist på ullvarefabrikken i Sogndal. I perioden 1891-99 var han lærar på Stolmen ved Bergen og arbeidde seinare ved ein skule i Norheimsund (1899-1903) og til slutt på Mosterøy ved Stavanger (1903-07), før han i 1907 vart tilsett som lærar og kyrkjesongar i Herdla.

I hordalandsheradet Herdla var Aaberg ein mykje nytta kommunemann, som mellom anna var heradskasserar (1908-33), forlikskommissær (1911-32), revisor i Herdla Sparebank (i 20 år), takst- og meddomsmann, formann i fattigstyret (i seks år) og formann i provianteringsrådet. I ei årrekkje var han òg lærarane sin representant i skulestyret. I 1904 fekk han stipend for å studere undervisninga i folkeskolen i Oslo og Hamar.

Han var gift med Anna Olsdotter Vangestad (1870-1956), dotter av Olav Torbjørnsen Vangestad og Ingeborg Endresdotter. Dei fekk heile elleve ungar, sju søner og fire døtrer. Dottera Svanhild (1902-?) var lærarinne i Hordaland, medan sonen Johs. Aaberg (1895-1980) arbeidde som lærar i Borge ved Fredrikstad.

Anna og Hans Aaberg er gravlagde på Herdla kyrkjegard.

Kjelder og litteratur

Eksterne lenkjer