Jødar

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
I St. Jørgensveita 7 i Trondheim låg den første synagogen i byen — eit midtpunkt for jødane i Midt-Noreg frå slutten av 1800-talet.
Foto: ukjent

Jødar (nynorsk) eller jøder (bokmål/dansk) er ei folkegruppe av hovudsakleg semittisk opphav som tradisjonelt praktiserer religionen jødedom med sine variantar. I Nord-Europa er har det tradisjonelt vore to hovudgrupper av jødar — portugisarjødar, som er den vest- og nordeuropeiske undergruppa av sefardím, og høgtyske jødar, som det same som asjkenazím.

Jødar har vore nemnt i offisielle dokument i Noreg sidan 1400-talet, og vi veit om jødar som har hatt varierande tilknyting til Danmark-Noreg sidan tida kring 1600. Fram til 1814 var hovudregelen at høgtyske jødar hadde generelt innreiseforbod, medan portugisarjødar hadde lov til å reise til og i Danmark-Noreg og livnære seg med eller utan leidebrev i nokre periodar. Frå 1814 til 1844 var det totalforbod mot jødar i Noreg, og dei fleste jødane i Noreg i dag ættar frå jødar som kom inn etter 1851. Jødane er ein av dei nasjonale minoritetane i både Noreg og Sverige.

Aviser og tidsskrift

Månadsskriftet Israeliten vart grunnlagt av Israelitisk Ungdomsforening i Oslo og utgjeve av Skandinavisk-judiska ungdomsförbundet frå 1913 til 1927. Det jødiske månadsbladet Hatikwoh vart etablert i 1929 og kom med siste nummer i desember 1939.[1]

Etter andre verdskrigen etablerte ein redaksjon leia av Naftali Hirsch tidsskriftet Jødisk Nytt som kom ut i Trondheim i tre årgangar, kvar på tre nummer, frå 1946 til 1948. Av andre tidsskrift som kom ut med ein årgang eller to kan nemnast Nyheter fra Israel (Oslo, 1948–1949), Israel i arbeid (1951) og Nais in Stådt (Oslo, 1963–1965). I 1976 vart Jødisk menighetsblad etablert med Oskar Mendelsohn som redaktør; det første året for DMT Oslo, fra andre årgang også for DMT Trondheim.[2] Dette vart avløyst i 1993 av tidsskriftet Hatikwa etablert med namn etter tidsskriftet frå 1930-åra — frå 2011 endra til Hatikva.

Sjå også

Referanser