Li (Jostedalen)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til: navigasjon, søk
Li
Nordheim og Li.JPG
Det nye tunet på Nordheim (Sva) med gamletunet i Li i bakgrunnen.
Foto: Oddmund L. Hoel (2012)
Alt. namn: Lidi, Lien, Lid
Fyrst nemnd: 1596
Rydda: 650-1020 e.Kr
Stad: Jostedalen
Sokn: Jostedalen
Kommune: Luster
Fylke: Sogn og Fjordane
Gnr.: 203
Gamletunet i Li frå nordvest.
Foto: Oddmund L. Hoel (2012)
Gamletunet i Li sett frå hovudvegen tvers over dalen.
Foto: Oddmund L. Hoel (2012)

Li (Luster, gnr. 203) er ein matrikkelgard i Jostedalen, Luster kommune. Dette er den nordlegaste garden på vestsida av Jostedøla og grensar i sør mot grenda Mjølver.

Tunet til det gamle hovudbruket ligg ca 410 m.o.h. Det vart fråflytt i 1940, og hovudbruket har seinare vore Nordheim (Sva) på ca 350 m.o.h. som ligg 250 meter søraust for gamletunet. Hit går det òg bilveg.

På Røvomn i Li låg Mjølverdalen skule. Heimane under Li sokna hit fram til krinsen vart nedlagd i 1968.

Mellomaldergard

Heile Jostedalen hadde truleg fast busetnad i mellomalderern, men Li er ein av få gardar der ein har etter måten sikker dokumentasjon på dette. I samband med Breheimenundersøkingane 1980-81 vart det gjort ei datering av det eldste dyrkingslaget i ei åkerreine på Li. Dersom den eine dateringa er rett, viser ho at åkeren vart rydda i vikingtida (mellom 650 og 1020 e.Kr).[1]

Snøskred

Li har lege utsett til for snøskred. Husmannsplassen Leteigen vart øydelagd og fleire personar skadde av eit skred i 1846, og plassen Tøgeplassen vart øydelagd og to born drepne i 1868. I den siste ulukka vart òg stovehuset på hovudtunet i Li råka og flytt ein halvmeter.[2]

Bruksdeling

  • Bnr. 1 Li - delt i to bruk (Lien søndre og Lien nordre) ca 1819-1827
  • Bnr. 3 Norheim (Sva) - den tidlegare husmannsplassen Sva - utskild 1910
  • Bnr. 4 Leteigen - tidlegare husmannsplass - utskild 1914

Hovudbruket i Li vart fråflytt i 1940 og er seinare drive i lag med bnr. 3 Norheim. I Leteigen har det ikkje vore fast busetnad sidan 1970. Norheim har såleis vore det einaste bruket i Li med fast busetnad sidan 1970.

Husmannsplassar

Det har i alt vore sju husmannsplassar under Li, men ikkje på same tid, og somme berre i eit kortare tidsrom.

  • Tuftene - truleg berre i bruk ca 1825-1832
  • Endreheimen (Buateigen) - truleg rydda tidleg i 1790-åra, nedlagd kring 1880
  • Sva - rydda kring 1880 då husmannen i Endreheimen flytte husi sine hit, utskild 1910 som bnr. 3 Norheim
  • Leteigen 1 og 2 - utskild 1914
  • Tøgeplassen - rydda 1867, nedlagd 1868
  • Haugane - rydda kring 1893, nedlagd 1911

Notar

  1. Randers og Kvamme 1992, s. 32, jf. Breheimenundersøkingane 1980-84 (Jostedal historielag)
  2. Snøskred i Mjølverdalen 1846 og Snøskred i Li 1868 (Jostedal historielag)

Kjelder og litteratur

  • Lien i folketeljinga 1801 for Jostedal prestegjeld frå Digitalarkivet.
  • Lien i folketeljinga 1865 for Jostedal prestegjeld frå Digitalarkivet.
  • Lien i folketeljinga 1900 for Jostedal herred frå Digitalarkivet.
  • Lien i folketeljinga 1910 for Jostedal herred frå Digitalarkivet.
  • Laberg, Jon. (1944). Jostedal. Ei stutt utgreiding um bygdi og folket der. Tidsskrift utgitt av Historielaget for Sogn (nr. 11), 5-85. (Digital utgåve, Jostedal historielag)
  • Randers, Kjersti, og Mons Kvamme. (1992). Breheimenundersøkelsene 1982-1984. II: Stølsområdene. Arkeologiske rapporter, nr. 15. Bergen: Historisk museum, Universitetet i Bergen.
  • Øyane, Lars E. (1994). Jostedal sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune. (Bd. 5). Gaupne: Luster kommune. Digital utgåvebokhylla.no. Side 686-716.
  • «Li», Gardsleksikon, Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane


Koordinater: 61°39′54″ N 7°17′36″ Ø