Skogly (Bykle gnr 17/37)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Skogly
Trydal 75.jpg
Skogly 24.1.2006.
Foto: Aanund Olsnes
Rydda: 1968
Utskilt: 1968
Stad: Trydal
Sokn: Bykle
Fylke: Agder
Kommune: Bykle
Gnr.: 17
Bnr: 37 (og 55)
Type: Bustadeigedom

Skogly ligg like sør for Torstveit i Trydal i Bykle kommune. Kring 1930 hadde Tore og Anne Torleivsdøtrer frå Systog Grasbrokke fått seg opp ei stoge og eit lite uthus her, på ei tomt som gjekk ut frå Systog Trydal, men ikkje vart formelt utskilt fyrr i 1979. Ho fekk då bnr 55.

I 1946 gifte Anne seg til Trøgstad, og den eldre systera flytte med dit. Heimen deira vart då overteken av Hallvard Åvollsson Trydal. Sidan flutte Hallvard til Konsmo, og fekk seg arbeid, og etter kvart også familie, i den bygda.

I 1961 flytte han og huslyden til Vanse. Der dreiv dei forretning og bakeri til 1968, då dei busette seg her. Dei kaupte same året ein teig ved sidan av den eldre tomta, og bygde seg nytt bustadhus. Den nye tomta gjekk ut frå Storstein, og vart tildela bnr 37. Den eldre har sidan vore rekna som ein del av denne.

Hallvard var son åt Åvoll Torleivsson Trydal i Systog Grasbrokke, og kona, Ingebjørg Knutsdotter, fødd Skarberg.

Ruth Trydal på jobb i Samyrkelaget. Bilete funne i kommunearkivet.
  • Hallvard Åvollsson Trydal, f 1928, d 2002
g m Ruth Ågedal, f 1936. Born:
  • Tormod Åvoll, f 1959, ing., busett Oslo, g m Wenche Winnem, born:
  • Michal, f 1987
  • Elise Constanse, f 1990
  • Andrea, f 1997.
  • Aslaug Irene, f 1960, busett Arendal, lærar, g h v, born:
  • Håkon, f 2000
  • Else Lill, f 1962, blomsterdekoratør, busett Flekkefjord, g m Jan Helge Horjen, born:
  • Henriette, f 1990
  • Johan Fredrik, f 1994
  • Liv Vigdis, f 1964, kontordame, busett Kristiansand, g m Dag Reisæther, born:
  • Daniel, f 1997
  • Harald Viggo, f 1965, ing., busett Arendal, g m Tone Fjellstrøm, born:
  • Eirik, f 1997
  • Kristian, f 2000
  • Jan Ivar, f 1973, elektrikar, busett Spydeberg, g m Torgunn Marie Huseby born:
  • Julie Tomine Trydal Huseby f 2013

Ruth Trydal er frå Konsmo og dotter åt Aslaug og Tobias Ågedal.

Etter at Hallvard flutte heimatt til Bykle, arbeidde han ei tid som bakar, men frå 1977 overtok han som handelsstyrar på Samyrkelaget i Bykle. Han sto i denne stillinga til han gjekk av med pensjon i 1994. Også Ruth hadde arbeidet sitt på Samyrkelaget.


0941 Bykle komm.png Skogly (Bykle gnr 17/37) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Torstveit • Neste bolk: Furulund