Breive (Bykle gnr 1)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Breive
Breive 1 - HFB I 31.jpg
Breive i 1963 eller 1964. Nærast ligg Flaten (bnr 6), bak Haugen (bnr 2) og attlengst stoga i Midbø (bnr 7).
Foto: Gerd Fosse Hovden
Rydda: truleg 500-talet
Stad: Breive
Sokn: Bykle
Fylke: Agder
Kommune: Bykle
Gnr.: 1

Breivegardane ligg vestanfor Hovden i Bykle kommune, på ei etter måten flat landstripe på nordsida av Breivevatnet. Vatnet ligg på 760 m.o.h., og innmarka på gardane då sjølvsagt endå noko høgre, så dette er verkelege fjellgardar. Avstanden frå Hovden sentrum til Nordgarden, som er det inste bruket, er omlag 5 km. Køyrer ein vestetter frå Hovden, kjem ein fyrst til Flaten, dinest til Haugen, så til Midbø og Solbakken, og endeleg til Nordgarden.


Amund B. Larsen forklarar gardsnamnet som fylgjer (Norske Gaardnavne, bd 8, 211):

Breivik. Udt. breiví [braivi]. Breffuj, Breffuije 1595.1/2.

Breffui 1610. 1611. Breui 1612. Breuig 1668. Brevig 1723.

Antagelig *Breiðvík, efter en Vik af Breivikvandet. Oldn. vík f. bliver hyppig til -vi som 2det Led i Stedsnavne i Lister og Mandals Amt, f. Ex. Lervig, udt. Lervia i Kvinesdal, se Indl. 85. Denne Udtaleform findes dog ogsaa i andre Dele af Landet, saasom Sævik i Klingen (Bd. XV S. 326).

I den gamle gards- og ættesoga (222) gjev Tarald Nomeland uttrykk for tvil om denne tolkinga: «Det kan tenkjast at Breive er eit -vinnamn, eg har halla mykje til den tanken, endå om Rygh [les: Larsen] held fast på Breivik. Namnet Breivik høver ikkje særleg godt etter laget på lendet. Breidvin kunne høve betre. Det namnet ville tyde den breie beitesletta [...]».

Me tykkjer det Nomeland seier lyder fornuftig, og ein kan greitt finne fleire døme på at namn som opphavleg har enda på -vin, i nyare tid har vorte uttala med -ve eller -vi (t.d Hyrve < *Hyrvin i Skjåk, Rekve < *Rekvin på Voss). Nå er namn av denne typen «sjeldne på Sørlandet», veit me (Norsk Stadnamnleksikon, 1976, 343), men for det fyrste kan det vel godt diskuterast om fjellgardane i Bykle kulturgeografisk sett skal reknast til Sørlandet, og for det andre er ikkje det at eit fenomen er sjeldant noko sterkt argument for at det ikkje kan finnast. Om nå Breive verkeleg kjem av eit gamalt *Breiðvin, peikar det i retning av busetnad attende til folkevandringstida (400-600 e. Kr.).

Tidfestinga av busetnaden har meir å byggje på enn ei usikker stadnamntolking, for traktene kring Breive, Bjåen og Hovden er mellom dei fjellområda her i landet som har vore grundigast undersøkt av arkeologar. Desse undersøkingane har fyrst og fremst retta seg mot den omfattande jernvinna, som vart drive i dette området iallfall frå 800-talet og fram til kring 1350. Men dei har også ført til at ein kan draga ein del konklusjonar om busetnadshistoria.

Pollenanalysar viser at det i Breive har vore drive med husdyrbruk heilt attende til slutten av yngre steinalder, ca 2800 f. Kr., og at her har vore korndyrking frå 500-talet og fram til byrjinga 1900-talet, berre avbrote av eit par hundreårs øydetid etter Svartedauden (jfr. Helge Irgens Høeg: «Blomsterstøv fortel historie» i Hovden. Arkeologi og historie, 1991). Berre på denne bakgrunnen er det vel grunn til å rekne med fast busetnad frå 500-talet og frametter, men denne tanken får ytterlegare støtte gjennom jernvinnegranskinga, som har kome fram til at «det har stått hus på selve jernvinneplassene», og at «anleggelsen av blesterovner inne i hus har vært motivert av ønsket om å beskytte virksomheten mot snø om vinteren» (Tom Bloch-Nakkerud: «Kullgropen i jernvinna øverst i Setesdal», Universitetets Oldsakssamling Variabd.15, 1987, 146 f). Når folk bygde vinterhus over blestergropene sine, slik at dei kunne arbeide med jernvinna året rundt, lyt me tru at dei også hadde bustadhus.

Dermed tykkjest kabalen gå opp. Arkeologien stadfester den dateringa av busetnaden som fylgjer av stadnamntolkinga, og mao. kan me rekne det for temmeleg sikkert at her har budd folk året rundt frå 500-talet til kring 1350, og sidan frå midten av 1500-åra.

Når her har vore samanhengjande korndyrking attende til 500talet, tyder det på gode vokstervilkår, trass i at lendet ligg så høgt, og staden hadde også andre gode eigenskapar. Johannes Skar skriv om dette som fylgjer (Gamalt or Sætesdal II, 7 f):

Breivi var blomen for alle heidegardar i Bykle [...]. Det var so utifrå eit kverve; det var godt sølt, og live og klekt og unelegt. Austyrje og nordanvind slapp inkje til; himmels håge fjellgarden ringlar seg som ein hestesko kringum Breivi-vatnet og Breivi. Der var lauvskog so det lavde; det lyste av lauv i kvar skorte. [...]; der var fæle fiskevotn, og dyr so det druste i heidane, ein ser eldgamle dyrestuppor vide vegner utyver.

Ovanfor rekna me opp dei nåverande namna på bruka i garden. Dinest kjem me til spørsmålet om kva for eitt som er det eldste, og dermed opphavsgarden, som alle dei andre har gått ut ifrå. Det gamle klyngetunet, som vart oppløyst etter utskiftinga i åra 1909–13, låg midt i det som vart det nye gardsvaldet til Der inne, seinare Haugen, bnr 2, og dette får oss til å tru at det bruket må vera det gamle hovudbølet.

Den fyrste garddelinga må ha vore ei todeling, der den eine eininga truleg vart kalla anten Nor i stoga eller Der nor, medan den andre vart kalla Su i stoga eller Der sø. Ut ifrå tilhøva i dag er det vidare nærliggjande å tenkje seg at Der nor svara nokonlunde til dei seinare Midbø og Nordgarden, medan Der sø svara til dei nåverande Der inne og Flaten. Men ettersom utskiftinga i åra 1909-13 gjer at det er liten likskap mellom dei nåverande bruka og dei gamle, er dette usikkert.

Kvarhelst i tida skal så den fyrste delinga plasserast? Her spørst det kva ein meiner med deling, for eigedomsretten vart tydelegvis dela kring 1620, men den fysiske oppkløyvinga av gardsvaldet i separate bruk kom seinare, fyrst kring år 1700 ser det ut til. Men når dei fyrst byrja å dele opp jorda, gjorde dei det grundig, slik at innmarka i 1909 var bytt i 336 avdeilda teigar, der kvar av eigarane åtte kvar sine stykke som var spreidde utover heile arealet. Utskiftingskartet frå 1909 tek seg difor ut som eit heller innfløkt lappeteppe.

Utskiftinga rydda opp i desse tilhøva, og etter kvart flutte oppsitjarane også husa sine frå det gamle fellestunet, slik at kvar budde på sitt eige fast avgrensa bruk. Dei gamle bruksnamna siktar til plasseringa i det gamle tunet, ikkje til korleis bruka ligg i høve til kvarandre i dag.

Breive turiststasjon omkr. 1905. F.v. Bjørgulv K. Breive (1900-1989), mora Birgit K. Breive med Olav K. Breive (1903-1986) på armen. Ho lengst til høgre er Anne K. Breive (1879-1957). Foto August Abrahamson. Frå biletsamlinga ved Setesdalsmuseet.

Som nemnt set me den fyrste fysiske bruksdelinga til kring 1700. Sidan var det to bruk til i 1787, då Nordgarden vart utkløyvd frå Der inne. Den parten som sidan vart kalla Utistoga (og seinare Flaten) gjekk frå Der inne og over til Der sø i 1795, og vidare til eige bruk i 1814. I 1843 vart Bjåen utkløyvd frå eit areal som alle dei eldre bruka i Breive då hadde sams. Sidan vart også garden. Eit forstørra utsnitt av Bjåen dela i fleire bruk. Dinest lyt me nemne eit bruk som vart kalla Der uppe, seinare bnr 9. Dette gjekk ut frå Utistoga i 1873, men kvarv innatt i morbruket etter berre ein generasjon, og vart då stroke or matrikkelen. Eit småbruk som heitte Eldhusåkeren, og hadde bnr 5, gjekk ut frå Nordgarden i 1882, men inn i Utistoga i 1903, og vart på same måten som Der uppe sletta or matrikkelen. Endeleg skal nemnast Solbakken, eit bureisingsbruk mellom Midbø og Nordgarden som vart utkløyvd frå Nordgarden i 1919. Nokre andre, nyare verestader kjem me til sidan. Tabellen nedanfor gjev eit oversyn over bruksdelinga.

Jamvel om me ikkje finn vitnemål om fysisk bruksdeling fyrr kring år 1700, er det på det reine at det var to oppsitjarar på garden, og dermed to brukarrekkjer, attende til dei fyrste par tiåra av 1600-talet. Desse brukarane åtte kvar sin part, men hadde då etter alt å døme samdrift av eit ukløyvd gardsvald. Av framstillingstekniske grunnar skal me likevel presentere dei nemnde brukarrekkjene omlag som me ville ha gjort om dei hadde sete på kvar sitt klårt definerte bruk. Å taka dei under eitt i same artikkel gjev altfor mange folk å halde styr på, og ville berre føre til mangel på oversyn. Difor tek me ei eigedomseining i senn frå kring 1620, jamvel om me veit at dei eigentleg ikkje var separate bruk i vår tyding av dette omgrepet. Me set dei i hovudsak opp i den rekkje fylgja som står i matrikkelen, men tek bnr 3, Bjåen Sud i stoga, og dei einingane som har gått ut derifrå, etter bruka i Breive.

Bruksdelinga i Breive, gnr 1

Bnr Lnr Bruk Utskilt frå Merknad Etabl. Matr. Skinn Mk Skill. Øre
1 1a Nordgarden Der inne 1787 1787 1 ½ 2 5 77
2 1b Haugen
(Der inne)
Heile gnr 1 1600 1700 1 ½ 2 7 80
3 1c, 2c Bjåen
(Sud i stoga)
Heile gnr 1 1807 1843 1 0 34
4 1d Myrekvæven Nordgarden og Der inne 1843 1843 0 12 12
5 1e Eldhusåkeren Nordgarden Saman med bnr 6 i 1903 1882 1882 0 2 03
6 2a Flaten
(Utistoga)
Der sø Frå Der inne til Der sø 1795, eige bruk 1814 1814 1814 1 ¹¹/₂₂ 1 0 31
7 2b Midbø
(Der sø)
Heile gnr 1 Ca 1600 Ca 1700 1 ½ 2 0 73
8 2d Veringsdalen Utistoga 1867 1867 0 10 12
9 2e Der uppe Utistoga Saman med bnr 6 1903 1873 1873 1 3 34
10 2f Veringsdalen Der uppe 1882 1882 0 13 19
15 Solbakken Nordgarden 1911 1928 15
16 Kvæven Bjåen 1930 1933
17 Nor i stoga Bjåen 1939 1885
Bjåen fjellstoge Breivassflotti, gnr 2, bnr 9 Saman med bnr 17 1993 1938


0941 Bykle komm.png Breive (Bykle gnr 1) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder