Musikklivet på Nordmøre

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Denne artikkelen tar føre seg ulike aspekt ved musikklivet på Nordmøre frå 1600-talet og framover.

Instrumentalmusikk

Fjølfela etter Johannes Berven sett frå sida. Legg merke til kor tjukke loket og botnen er. Sargen (sida) er saga ut av éi fjøl.
Foto: Olve Utne

Instrumenta som ein veit har vore bruka i eldre tid på Nordmøre er: fele (tyskfę’l = vanleg fiolin), klarinett (kḷanét) (truleg frå 1840-åra), seljefløyte, munnharpe, trommor og rikkelstikkor (eit slags kastanjett-liknande instrument). Dessutan har truleg langeleiken vore bruka her tidlegare. Utover 1800-talet kom andre instrument inn: psalmodikon (salmónikón el. salmeikó), gitar, harpeleiksither og trekkspel. Først på 1900-talet kom òg hardingfela inn, og ho kom til å dominere folkemusikken på Nordmøre i nokre tiår før den vanlege fela fikk overtaket att.

Instrumentbygging

Den viktigaste felebyggjaren i eldre tid var Lars Hoem (1782–18??). Etter tradisjonen skal han ha lært å byggje felor av ein franskmann ombord i fangeskipa i Plymouth i åra 18091814. Felone etter Lars Hoem er av barokk type, med smekker bassbjelke, halsen lagt nokolunde parallelt med lokket, noko kort mensur og kort og lett gripebrett i kileform. Han laga òg gitarar, og dessutan finst det ein feleboge han har laga. Denne bogen, som no tilhører Herman Aasgaard i Kristiansund, er av typisk overgangstype, slik bogane vart bygde på andre halvpart av 1700-talet på kontinentet.

Frå 1900-talet av har det vore fleire felemakarar på Nordmøre, men desse har stort sett bygd hardingfelor eller standardfiolinar av moderne type. I tillegg til det vanlege felemakeriet veit vi at det har vore vanleg mange stader å laga seg «fjølfelor» — provisoriske felor av varierande form og kvalitet for unge utøvarar som ikkje var gamle nok, eller som kom frå for fattige kår, til å skaffe seg retteleg fele.

Av andre instrument veit vi at det har vore bygd klarinettar på Nordmøre i eldre tid, og nokre få av desse er bevarte.

Felespel

Allereie først på 1600-talet kjenner ein til ein felespelemann på Nordmøre: Hallvard Flå var brukar på Flå i Øksendalen frå 1600 til 1637. Han var bondelensmann og «en dreven violinspiller». At han må ha vore god er det rimeleg å tru, ettersom han vart henta frå Øksendalen til Trondheim for å spela i bryllaup for rikfolk der.

Ein av dei viktigaste spelemennene på Nordmøre på 1800-talet var Gottfried Hans Fabian von Eppingen (18301888). Han var av delvis tysk avstamming, men var fødd og oppvaksen i Sunndalen. Han var to år i Sverige, og det blir sagt at han reiste med eit sirkus der. Han hadde ein spesiell teknikk, og visse måtar å spela på blir i Sunndalen gjerne kalla «gottfrítspęl»:

  • Posisjonsspel — vanlegvis 3. posisjon.
  • Dobbeltgrep — gjerne i kombinasjon med posisjonsspel.
  • Dessutan blir gjerne ein spesiell type strøk tillagt Gottfried: I vals og i springar blir takter med åttandedelsunderdeling ofte spela på det viset at ein dreg saman tre og tre åttandedelar.

Som eksempel på posisjonsgrep og dobbeltgrep i Gottfried-tradisjon kjem her siste del av ein såkalla Gottfried-vals nedskriven av sunndalsspelemannen Erik Almhjell:

Ola Kvande (18341918), eller «Gråvinn», frå Stangvik skal gjeve denne skildringa av Gottfried:

Dei andre spelemennene spelar no ikkje i meir enn to–tre durar, men han Gottfred spelar i tvidur og obligadur og alle dei durar som tenkjast kan. Han får fram fine og granne tonar på grovstrengjom. I tvidur spelar han så fint, at du høyrer ikkje ein falsk tone. Han Gottfred må ein kalle for ein fiolinist!

Dette smakar sterkt av europeisk klassisk musikk, og det kan vel vera grunn til å tru at Gottfried lærte, eller i alle fall perfeksjonerte, ein del av dette da han var i Sverige.

Ein annan ting som særprega mykje av det gamle nordmørsspelet, var bogeteknikken: Mange spelemenn, blant dei Erik Almhjell (18811963), bruka helst låg alboge på bogehanda — såkalla svanehalsteknikk — når dei spela. Det blir sagt at ein del av dei gamle spelemennene meinte ein skulle øve med ei bok under høgrearma. “Bauann ska hę’ng i fingro,” vart det gjerne sagt. Alt dette var typisk for den tyske fiolinskulen på 1800-talet.

Samtidig kan ein høre på gamle opptak, og dessutan av ein del spelemenn i dag, at intonasjonen heilt klart ikkje stemmer med dette i dei gamle slåttane. I nyare valsar, pariserar og liknande musikk er intonasjonen gjerne meir i samsvar med den klassiske musikken på 1800-talet, med si vakling mellom det reinstemte og det likesvevande tempererte. I opptaka med to aurgjeldingar, hardingfelespelemannen Peder Tevik (18931965) og dotra Ellen, som spela harpeleiksither, er det interessant å merke seg stemminga av sitheren. Han er stemt konsekvent med reinstemte durakkordar — til og med til slåttar som går i moll! Dissonansar blir unngått med hjelp av harmoniske progresjonar som ligg godt utanfor enkel funksjonsharmonikk.

Notekunnskapar

Den notekunnige felespelmannen Johannes Olson Valen (ca 18201909), òg kjent som «Espvik-Sanden». (Foto: John Danielsen Bergfall (18221901)

Notekunnskapar var slett ikkje uvanleg blant spelemennene på Nordmøre.

Særleg utbreidd var notekunnskapane blant spelemenn frå Aure med tilgrensande bygder. Blant desse bør nemnast: Johannes Olsen Valen, «Espvik-Sanden» (ca 1820–1909), Jon Danielsen Bergfall, «Jo Krokja» (1822–1901), Ola Nilssen Breckan, «Brekk-guten» (1827– ? ), Anders Romundset, "Anders Rømset-Trø'n" (1840–1896) og Peder Tevik (1893–1965).

Men òg andre stader på Nordmøre fanst det spelemenn som kunne notar: Jon Istad (1842–1875) frå Batnfjorden, Ole Olsen Slatlem (1847–1902) og Svein Slatlem (1851–1927) frå Kornstad, Jo(n) Toreson Polden (1864–1955) frå Surnadal/Stangvik, Alexander Brandvik (1872–1955) og Kristen Brandvik frå Bergsøya i Gjemnes kommune, Iver Rasmussen Eide (1874–1951) frå Eide, Tørris Hasselø (1874–1954) frå Averøya, Erik Almhjell (1881–1963) frå Sunndalen, Ola Kallset (1895– ? ) frå Bøfjorden, seinare busett i Torjulvågen, Sæmund E. Kanestrøm (18??–19??) frå Straumsnes, seinare busett i Halsa.

Mange av dei gamle spelemennene hadde meir eller mindre bakgrunn frå militærmusikken, og mang ein felespelemann var det som òg var tambur eller massingblåsar. Mange har nok fått notekunnskapane sine der, ein del har lært seg notar sjølve, og ein del har lært notar av andre spelemenn.

Ensemblespel

På 1800-talet var det ikkje uvanleg å spela fleire i lag. Normalt var det snakk om småe ensemble på 2–4 musikarar. Instrumenta var vanlegvis felor, men det kunne òg vera med ein klarinett eller eit trekkspel. Vi kjenner til ein del eksempel frå slutten av 1800-talet og framover på samspel mellom fele og sither. Det vanlegaste var likevel samspel mellom to felor — enten unisont eller i ulike polyfone teknikkar som «grovt og grant» (oktavdobling), ters- og sekstparallellar eller noko friare stemmeføring.

Først på 1900-talet voks det fram spelmannslag, musikklag og massingensemble i mange bygder.

Vokalmusikk

På same måte som spelemennene fordelte seg utover eit breitt spekter frå sjølvlært grovspeling til husbruk over profesjonelt folkemusikkspel basert på munnleg tradisjon og notar til rein salongmusikk, fordelte songarane seg over eit vidt spekter: «Alle» song i ein eller annan samanheng, men nokon song meir enn andre. Blant dei som song mykje, var det dei som song bansullar og skillingsvisor åt borna og seg sjølve.

Dei som var på setra dreiv med «kringelhauking» eller «krullhauking» — signalmelodiar til bruk ute i naturen, utført med ein spesiell, nærmast koloraturaktig syngemåte i høgt leie. Fred Ola Bjørnstad har i si hovudoppgåve om kringelhauk og trall stilt opp dette oversynet over funksjon:

Informantene mine kunne altså fortelle at kringelhauk ble brukt til å

  • oppnå kontakt
  • varsku at en så hverandre
  • markere at en hadde kommet til en bestemt plass
  • markere at en kjent og vanskelig plass var passért med dyra

og at kringelhauk hadde funksjon som

  • personmerke
  • gardsmerke
  • skille mellom dem som ble regnet blant dem som kunne synge eller ikke
  • gledesytring
  • markering av dagens begynnelse og slutt

Vi kan altså se på kringelhauk som et signal med en klar hensikt eller med et mer ubevisst og diffust siktemål.

Ei anna songform var «tralling» eller «tralláting» (slåttetralling). Denne songforma kan skildrast som dansemusikk utført med song på lingvistisk sett ikkje tydingsberande stavingar, f.eks. “Dei di-dl-i dei, dei di-dl-i dei, dei di-tl i-ti rei-a” eller “Tra-de, lu lad-du liu, re lad-du re-da, ri lad-du reu, rei red-du re-u”. Denne trallinga kunne ha ulike funksjonar:

  1. Å leite fram ein slått frå minnet.
  2. Å tralle ein slått som underhaldning — til heimebruk eller i større eller mindre lag.
  3. Som musikk til dans.

Dei religiøse tonane (religiøse visor, salmar, koralar) stod i ei stilling for seg: Dei kunne framførast av fleire som meinigheitssong, allsong på religiøse møte og tilstelningar eller familiesong; eller dei kunne framførast av eitt menneske: Ein kyrkjesongar, emissær eller eit «vanleg» menneske med musikalske emnar. Framføringsstaden kunne vera i kyrkje eller forsamlingshus, i skulen, heime i stua eller kjøkenet, ute i naturen eller i fjøset.

Tidlegare ser det ut til at songane vart framførte utan instrument, men etterkvart kom kyrkjeorgelet og psalmodikonen. inn. Til ein viss grad kunne nok òg fela og gitaren bli bruka, særleg på vekkelsesmøte og i heimane.

Notekunnskapar ser det ut til å ha vore mindre av blant dei som berre song enn dei som òg spela eit instrument.

I løpet av 1800-talet vart korsongen meir og meir utbreidd. Leiarane for desse kora var gjerne lærarar eller notekunnige spelmenn.

Klassisk musikk eller folkemusikk?

Den einaste byen på Nordmøre, Kristiansund, har hatt eit relativt sterkt miljø for klassisk musikk i alle fall sidan først på 1800-talet, da blant andre familien Moses (innvandra frå England på slutten av 1700-talet) markerte seg sterkt med sin kammermusikk. Det følgjande sitatet frå dagboksnotatar skrivne av Richard Catewook under eit ufrivillig opphald i Kristiansund i 1815 (kutteren han segla med var på veg frå Amerika til Gibraltar, men bomma noko på retninga), skulle gi eit visst inntrykk av forholda blant dei betre stilte i Kristiansund på den tida:

30. [april 1815.] […] da jeg følte meg bedre om kvelden, gikk jeg på besøk og traff familien i sommerhuset i hagen, hvor de moret seg med musikk, instrumental og sang. Lassen (kirkeorganisten) spilte harpe, Thos. Moses fløyte, Isaac Moses violin, og de unge damene akkompagnerte med sang. Te ble servert og budt rundt av Miss Betsy. […] Etter teen gikk vi inn i huset. Betsy spilte yndig på pianoet, mange engelske melodier som er meg kjent og mange norske som jeg likte også. Hennes teknikk var fremragende og minnet meg straks om andre tider og steder! […]

Da bordet var ryddet, satte Miss Betsy og Lassen seg igjen ved pianoet og selskapet begynte snart å danse vals. Av og til danset de en folkedans. Kunne ikke delta, hvilket de beklaget. Dansen fortsatte til kl. 11. Søndag er dagen for moro. Gjester er sjelden tatt i mot på andre dager, og en tilbringer alltid kvelden med dans.

Vi ser her at musikklivet i dette miljøet ikkje kan ha skilt seg vesentleg ut frå kva ein kunne vente i ein tilsvarande småby i England eller på kontinentet. Kva for slags norske melodiar det var snakk om ville vera interessant å vita. Kanskje ligg det ein viss peikepinn i det at dei dansa vals og ein og annan folkedans?

Kristiansundarar og andre nordmøringar har alltid elska å hata kvarandre, og forskjellen både i språk og mentalitet er tildels påtakeleg. Blant dei mest djuptgåande forskjellane er den tradisjonelt svært lagdelte sosiale strukturen i Kristiansund, i motsetning til det noko meir egalitære samfunnet elles på Nordmøre. Men når det gjeld musikken, ser ikkje skiljet mellom by og land ut til å ha vore så skarpt. Det har såleis vore ein viss folkemusikktradisjon i Kristiansund òg, og elles på Nordmøre har det vore spela og sunge ein del klassisk musikk; mange av felespelmennene dreiv òg meir eller mindre med klassisk fiolinspel.

Ein del av spelemennene komponerte òg instrumental og/eller vokal musikk med tilknytning til europeiske klassiske stilartar. Eit praktfullt eksempel på dette er melodien «Vaaraften under Skorgfaldet», som er komponert av John Eriksen Torske frå Sunndalen til teksten med same namn skriven av grev Lars Hoaas, som òg var frå Sunndalen. John Eriksen Torske lærte bort melodien til sonen sin, far til Erling Torske. I august 1996 Olve Utne på sykkeltur til Sunndalen og besøkte blant andre Erling Torske. Han skreiv ned ein vals og ein springar som Erling spela på fela si. Så kom han inn på denne melodien. Han fortalte at han mintest korleis faren bruka å synge denne melodien, og han dikterte åt Olve Utne med fela si, takt for takt. Denne melodien er med sin rolege, godt avstemte melodi og sitt forsiktige utsving til dominanten nærmast for wienerklassisk å rekne. I stil er han altså klassisk, men i og med den munnlege traderinga i tredje generasjon må ein kunna kalle han folkemelodi?

Orkester og opera i Kristiansund

Innsamling av folkemusikk

Som tidlegare nemnt var det ein god del notekunnskapar blant spelemennene på Nordmøre i alle fall frå kring midten av 1800-talet, men tilsynelatande mindre blant songarane. Resultatet er at det faktisk finst ein del notenedteikningar av slåttemusikk frå denne tida, men mindre av vokalmusikk. Dei siste hundre åra har endeleg innsamlinga av den vokale musikken òg komme i gang i form av notenedskrifter og lydopptak. Hovudpersonar i denne samanhengen har vore Kristian Halse og Edvard Bræin. I nyare tid kjem òg namn som O.M. Sandvik, Arne Bjørndal og Rolf Myklebust inn.

Musikkskulane

Bibliografi

Her er medteke verk som tek for seg folkemusikk frå Nordmøre, eller som inneheld minst éin melodi som eksplisitt er frå Nordmøre. Både instrumental og vokal folkemusikk er medrekna. Bibliografien er ikkje komplett.

  • Bakka, Egil: Norske dansetradisjonar. Oslo (Det Norske Samlaget), 1988.
    • [Bl.a. om polsen på Nordmøre på s. 71.]
  • Bjørnstad, Fred Ola: Kringelhauk og trall. To nordmørske musikkfenomener som samlere har brydd seg lite om. Upubl. h.oppg., Universitetet i Trondheim 1991.
  • Bræin, Edvard: Folkemusikk nedtegnet på Nordmøre, Hefte I–X. 1929.
  • Bøe, Bernt: «Kristian Halse — folketonesamlar og komponist», i Årbok for Nordmøre 1985, s. 6–16.
  • Gjærder, P.M. (utg.): Nokre gamle visestubbar og rim ifraa Nordmøre og Romsdalen. Med 17 tonar. 1908; ny utg. 1942.
    • [Eit liturgisk syngespel på 13. dag jul i Kristiansund med samanhengande tradisjon fram til 1906, sett i eit komparativt perspektiv.]
  • Halse, Kr.: Folkemusik fraa Nordmøre : 12 springarar, 4 brudemarsar, 2 hallingar, 1 vals, 1 visa og 1 salmetone : uppskrive av Kr. Halse. Volden : Gjærders Bok- og Notetrykk, 1907.
  • Halse, Kristian: Paa heimveg. Gudelege folketonar. Samla, rytmisk ordna og harmonisera for blanda songkor, orgel eller pianoforte. 4 hefte. 1923.
  • Halse, Leif: «Spel og dans i brudlaup», i [?]. Todalen, 1943. s. 161–170.
  • Halse, Leif: Spelemenn på Nordmøre. Trondheim (Nordmøre Spelemannslag / Rune Forlag), 1973. ISBN 8252300227
  • Huus, Ingeborg: «Blandt Engles Kor», i Årbok for Nordmøre 1994, s. 27–33.
    • [Om ein salme som visstnok både i tekst og tone ikkje skal vera registrert frå andre stader enn Nordmøre.]
  • Lamvik, Martin: «Magnhild Havdal Almhjell. Minneord», i Du mitt Nordmøre 1985, s. 19–23.
  • Langset, Edvard: Segner – gåter – folketru frå Nordmør. Oslo (Norsk folkeminnelag), 1948.
    • [Inneheld blant anna tekstar til mange reglor og visestubbar.]
  • Lindeman, Ludvig Mathias: Ældre og nyere norske Fjeldmelodier, bind 2, hefte 5 (1863).
    • [Nr. 463 B er ein springdans frå Surnadalen «efter min Faders Haandskrift».]
  • Myklebust, Rolf: «Nordmørsmusikken», i Femti år med folkemusikk. Oslo (Det Norske Samlaget), 1982, s. 128–138.
  • Tevik, Peder: Dullerutten og andre krusedullar. Slåttar etter Peder Tevik, Aure. Trondheim (Aure Spelmannslag; Rff-sentret), 1993.
  • Utne, Olve og Kleivset, Anne: Songen hennar Magnhild : Magnhild Havdal Almhjell (1894–1985). Tuddal (Buen kulturverkstad), 1994. (Bok, 112 s. + lydkassett) (BIBSYS)
  • Utne, Olve: Nokre aspekt ved tonalitet og transkripsjonsmåte i eit folkemusikalsk materiale frå Nordmøre. Oslo (Institutt for musikk og teater, Univ. i Oslo), 1996. (98 s.) BIBSYS
  • 2. utgåva. West Hempstead (Hassafon), 2006. (128 s.) (BIBSYS ib. hf.)


Kjelder

  • Utne, Olve: Nokre aspekt ved tonalitet og transkripsjonsmåte i eit folkemusikalsk materiale frå Nordmøre. Oslo (Institutt for musikk og teater, Univ. i Oslo), 1996. (98 s.) BIBSYS
  • 2. utgåva. West Hempstead (Hassafon), 2006. (128 s.) (BIBSYS ib. hf.)