Oluf Kolsrud

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Oluf Kolsrud.
Foto: Teologisk fakultet, UiO

(Nils) Oluf Kolsrud (fødd 7. juli 1885 i Østre Toten, død 17. juni 1945 i Oslo) var teolog, kyrkjehistorikar, kjeldeskriftutgjevar og lokalhistorikar. Han var professor i kyrkjehistorie ved Universitetet i Oslo. Truleg er han best kjend for si sentrale rolle innan kjeldeskriftutgjevinga i fyrste halvparten av 1900-talet, mellom anna som hovuddrivkraft bak skipinga av Norsk historisk kjeldeskriftinstitutt, som han også var fyrste styraren for. Kolsrud gjorde også ein betydeleg innsats for lokalhistoria særleg i Hedmark og Oppland, både som granskar, forfattar og organisator. Oluf Kolsruds gateHamar er oppattkalla etter han.

Familie, oppvekst og utdanning

Oluf Kolsrud var son av Knut Kolsrud (1861-1937) og Berte Maria Bakke (1855-1940). Faren var bonde og lærar i Østre Toten, seinare i Løten. Oluf Kolsrud gifta seg i 1911 med Borghild Nettum (1883-1958), også ho frå Østre Toten, dotter av ekspeditør Nils Olsen Nettum (1850–1931) og Karine Jensdatter Nylendet (1849–1943). Oluf var bror til professor i nordisk målvitskap Sigurd Kolsrud (1888-1957), og onkel til etnologen Knut Kolsrud (1916-89) og fysikeren, professor Marius Kolsrud (1919-2007), sistnevnte er gravlagd med han.

Etter folkeskulen på Østre Toten gjekk Oluf Kolsrud mellomskule og gymnas på Hamar med eksamen artium frå latinlinja i 1903. Han byrja på filologistudiar ved Universitetet i Kristiania, men gjekk snart over til teologi og fullførde teologisk embetseksamen i 1908. Året 1909-1910 studerte han i Berlin. Både via studiane og på eiga hand lærde han seg å meistre ei lang rad språk, både klassiske og moderne: Gamalnorsk, gresk, hebraisk, gotisk, arabisk, russisk, kirkeslavisk, samisk, finsk og polsk. Han gjekk sterkt inn for målsaka og både tala og skreiv nynorsk.

Yrkesgjerning og samfunnsvirke

Olaf Kolsrud er gravlagd i familiegrav på Vår Frelsers gravlund i Oslo.
Foto: Stig Rune Pedersen (2016)

Allereie året etter embetseksamen vart Kolsrud tilsett ved Teologisk fakultet som stipendiat, sidan dosent og frå 1921 professor i kyrkjehistorie. Mykje av yrkesgjerninga kom til å dreie seg om registrering, innsamling og utgjeving av kjeldemateriale til norsk språk og historie frå arkiv og samlingar i inn- og utland. Frå 1911, da han byrja som utgjevar for Den norske Kildeskriftkommission, fekk han stadig fleire oppgåver og verv innan alle dei tre kommisjonane som frå midten av 1800-talet hadde stått bak dei store kjeldeskriftutgjevingane: Kildeskriftkommisjonen (Kjeldeskriftfondet), Den rettshistoriske kommisjon (som m.a. gav ut Norges gamle Love) og Kommisjonen for Diplomatarium Norvegicum.

På det norske historikarmøtet i Kristiania i 1912 la Kolsrud fram eit forslag om å skipa eit sentralinstitutt for norsk historie- og målgransking, der den viktigaste oppgåva nettopp skulle vere å leggje til rette kjeldemateriale for forskarane. Ideen fekk god oppslutning, og let seg eit godt stykke på veg realisere i samband med utnemninga hans til professoratet i 1921. Da vart han tilstått redusert undervisningsplikt mot å ta på seg oppgåva som registrator av norske historiske kjeldeskrift. I 1922 vart Norsk Historisk Kjeldeskriftråd oppretta som eit samla organ for dei tre kjeldeskriftkommisjonane. Kolsrud var sekretær for Kjeldeskriftrådet og styrar for Historiografisk samling. I 1934 vart dette til Norsk Historisk Kjeldeskrift-Institutt.

Frå 1913 var Kolsrud med i redaksjonen for Norsk teologisk tidsskrift. I tidsrommet 1914-1921 var han medredaktør av Nordisk tidskrift för bok- och bibliotekväsen. Han grunnla og stod som utgjevar for to skriftseriar til belysning av den norske kyrkja i fortid og samtid, Norvegia Sacra frå 1921 og Bibliotheca Norvegia Sacrae frå 1922.

Kolsrud hadde ei rekkje spesialoppdrag for det offentlege. Han var kyrkjehistorisk og liturgisk konsulent ved restaureringa av Nidarosdomen frå 1912, og han var historisk sakkunnig i Grønlands-saka som den norske staten førde for domstolen i Haag 1931–33. I 1925 var han formann i den departementale nemnda som vurderte Nynorsk salmebok.

Av tillitsverv innan frivillig samfunns- og kulturgagnleg verksemd kan nemnast at han var medlem i direksjonen for Foreningen til norske Fortidsminnesmerkers Bevaring 1913-1921, og at han i mange år frå 1915 var med i Noregs lærarlags nemnd for skulehistorie. Han var med og skipa den høgkyrkjelege samanslutninga Pro Ecclesia.

Lokalhistorisk innsats

Oluf Kolsruds store og mangfaldige gjerning som kjeldeskriftutgjevar har ikkje minst gagna den vitskapleg funderte lokalhistoriske verksemda. Men også meir direkte har Kolsrud verka på denne sektore som forfattar, redaktør, rådgjevar og organisator. Som gymnasiast og student utarbeidde han biografiar for prestane på Toten, og han skreiv historia om gardane på Hedemarken i mellomalderen.

I 1914 tok han initiativ til ei felles distriktshistorie for Land. Arbeidet kom i gang året etter med han sjølv som hovudredaktør. Den fyrste delen av verket kom ut i 1925, men Kolsrud opplevde ikkje å sjå det ferdig før han gjekk bort. Oluf Kolsrud var òg rådgjevar for komiteen som arbeidde med Totens bygdebok.

I 1918 vart han engasjert som fagkunnig i Fælleskomiteen for Hedemarkens historie. Verksemda her leidde direkte til ein større innsats for å organisere regionale historielag og bygde- og distriktshistoriske bokprosjekt i Hedmark og Oppland. Kolsrud stod sjølv i spissen for Oplands Historielag så lenge dette eksisterte (1919-1928).

Han var hovudmannen bak det store bygdesogekurset som vart arrangert på Hamar i 1919. Kolsrud medverka til at det vart danna historielag for Gudbrandsdalen, Solør-Odal og Østerdalen. Organiseringa var gjort spesielt med tanke på å skape grunnlag for årsskriftet Bygd og Bonde. Kolsrud var sjølv den eine av to medredaktørar i Bygd og Bonde alt med det kom ut.

Kolsrud var aktivt med i førebuingane til danninga av Landslaget for bygde- og byhistorie, og han var med i styret der frå 1921 til 1940.

Æresutmerkingar

Allereie som stipendiat i 1914 vart Kolsrud innvalt i Det Norske Videnskaps-Akademi. I 1922 vart han æresdoktor ved Universitetet i Padova. Han vart 1924 utnemnd til kommandør av den pavelege St. Silvester-ordenen. Kolsrud var også ridder av den svenske Nordstjärneorden.

Bibliografi (utvalde verk, inklusive kjeldeutgjevingar)

Kjelder og litteratur

Eksterne lenkjer