Peder Jørgen Cloumann

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til: navigasjon, søk
Peder Jørgen Cloumann

Peder Jørgen Cloumann (fødd 14. april 1747 i Strandebarm, død 18. desember 1817 i Kviteseid) var fut i Øvre Telemarken i nær fire tiår, og den eldste av eidsvollsmennene. Som fut arbeidde han for modernisering av jordbruket og kommunikasjonane i Øvre Telemark.

Han var son av personellkapellan og seinare sokneprest Claus Pedersen Cloumann og kone Elisabeth Faye. I 1773 gifta han seg med Anna Sophie Paulsen, som var dotter til sorenskivar Henrich Jørgen Poulsen. Dei fekk tre born før ho døydde i 1786. Han gifta seg så i 1787 med Edel Ramshart, f. Poulsen, som var enke etter sorenskrivar Cort Caspar Ulrich Ramshart og syster til Cloumanns fyrste kone. Ho døydde allereie i 1789, og paret fekk ingen born. I 1805 gifta han seg for tredje gong, med Maren Pihl Mow, som var dotter til soknepresqt Gerhard von der Lith Mow. Han har ein del etterslekt i Norge og USA.

Peder Cloumann voks opp i Heddal i Telemark, i dag i Notodden kommune, der faren vart sokneprest i 1752. Han studerte i København, og vart bacclaureat der i 1763. Han skilde seg frå andre studentar ved at han ikkje hadde latinskulen; han må ha fått undervisning av faren heime. Det ser ut til at han studerte jus, men han finst ikkje i protokollane over høgare eksamenar. I 1766 drog han heim til Noreg, og vart skrivar og fullmektig hos amtmannen i Bratsberg.

Då futen i Øvre Telemark vart suspendert for underslag i 1772, søkte Cloumann om konstituering i embetet. Hans far kausjonerte for skattepengane, og Cloumann fekk embetet. Då den forrige futen vart dømd for underslaget i 1777 vart utnemninga av Cloumann stadfesta. Etter å ha budd i Heddal dei fyrste åra, flytta han i 1781 til Kviteseid, og vart den fyrste futen i Øvre Telemark som budde i embetsdistriktet. Forgjengarane hadde budd nær Skien. I 1783 fekk Cloumann tittelen justisråd. Han var flittig i tenesta, og hadde eit stort samfunnsengasjement. Særleg var han oppteke av jordbruket, der han ville ha betre krøteravl, import av livdyr, utgrøfting av myrer, gjødsling og vekselbruk og potetdyrking. Han dreiv sin eigen gard Moen som eit mønsterbruk. I 1785 opna han eit teglverk for å lage mur- og takstein, og etter dette vart tegl eit vanleg materiale i bygda. Han gjorde óg mykje for kommunikasjonane i Øvre Telemark, mellom anna gjennom bygginga av køyrevegen frå Tinnsjø over Gaustakneet til Hjartdal, med fortsetjing til Seljord og Kviteseid. Han respekterte allmugen, og gav bort bøker til leseselskapet i bygda. I 1809 vart han lønna med utnemning til riddar av Dannebrogsordenen. I 1811 søkte han seg friteken frå embetet på grunn av alderen, og han fekk då avskil med full løn.

I 1814 vart han valmann frå Kviteseid prestegjeld ved valet i prestegjeldet. På amtsforsamlinga vart han vald til andre representant frå amtet. Han var då 67 år gamal, og den eldste av representantane. Han stemte med foreningspartiet, men hadde ikkje nokon aktiv rolle i forhandlingane.

Han døydde i Kviteseid den 18. desember 1817[1], og vart gravlagt same stad 3. januar 1818.

Galleri

Referansar

  1. Telemark fylke, Kviteseid i Kviteseid, Ministerialbok nr. I 5 (1815-1836), Døde og begravede 1817-1819, side 100

Kjelder

Eksterne lenker