Kristofer Visted

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Se også Kristofer Visteds bibliografi
Avisklipp frå Aftenposten 5. november 1949: utsnitt av omtale av bortgangen til Kristofer Visted.

Kristofer Visted (fødd 29. november 1873 i Skånevik, død 3. november 1949 i Bergen) var kulturhistorikar og konservator. Han hadde ikkje fullført utdanning på noko av felta, men vart ein av dei mest sentrale kulturhistorikarane i Noreg før kulturhistorie vart eit eige fag. Boka Vår gamle bondekultur stod på pensumlista i etnologi ved Universitetet i Oslo heilt fram til 1990-åra. Visted skreiv seg inn i norsk kulturhistorie både som vitskapsmann – utan avsluttande universitetseksamen – og som formidlar.

Slekt og familie

Han var son av lærar Andreas Kristensen Visted (1849–1930) og Ellen Thorsen (1853–1932).

I 1902 vart han gift med fotograf Bibba Lundgren (1869–1910). Dei fekk to born:

Liv og virke

Vor gamle bondekultur frå 1908, med fleire seinare utgåver, var gjennom nesten heile 1900-talet eit standardverk i norsk kulturhistorie.

Han vart fødd i Åkre i dåverande Skånevik herad, som no er ein del av Etne kommune. Kristofer var den fyrste av ni ungar. Då han var tre år gamal flytta familien til Bergen, der dei vart buande i Bakkegaten 4.

Kristofer Visted gjekk på Bergen katedralskole, der han tok middelskuleeksamen i 1889. I 1892 tok han examen artium ved gymnaset der, på latinlinja. Han gjekk så Krigsskulens eittårige «nederste avdeling», og vart dermed vernepliktig offiser. Samstundes fekk han tatt anneneksamen ved Det Kgl. Frederiks Universitet, no Universitetet i Oslo. Han byrja å studere der i 1893, og var der fram til 1900. Faga hans var norsk, tysk, historie og etnografi. Det var det siste, der han studerte under Yngvar Nielsen, som vakte mest interesse. Etnografien var sterkt knytt til museumssamlingane, og Nielsen hadde vore museumsstyrar før han vart professor. Forelesningane gjekk hand i hand med studie av gjenstandane i museet.

I 1900 fekk Visted jobb som konservator ved Bergens Museum.
Foto: Ukjent / Nasjonalbiblioteket

I 1900 reiste Visted heim til Bergen, utan å ha tatt nokon embetseksamen. Han fekk ein lærarjobb ved katedralskulen og ved Den Tankske skole, og flytta heim til familien i Bakkegaten. Yngvar Nielsen ville gjerne ha Visted inn i museumsverda, men Visted hadde lova seg bort til skulen, og han hadde jo ikkje fått teke eksamen. Då Bergens Museum hausten 1900 utlyste to stillingar, ei av dei ved den etnografiske samlinga, skreiv Visted til Nielsen og bad om attest. Han fekk jobben som konservator av andre klasse, medan Haakon Shetelig var konservator av fyrste klasse. Ingen av dei hadde avsluttande eksamen, og dei var unge, men museet våga å tru at dei kunne fylle tomrommet etter Gabriel Gustafson som vart professor i 1900.

Stillinga ved Bergens Museum hadde Visted i fem og eit halvt år. Han heldt fram med katalogiseringa som Gustafson hadde byrja på, og sumaren 1901 kunna samlinga opne for publikum. Visted hadde sortert gjenstandane etter eit geografisk prinsipp, noko som var nytt i tida. Tidlegare hadde man ofte hatt materialane som sorteringsprinsipp, eller ei rein kronologisk sortering. Ved å sortere geografisk kunne samlinga vise fram skilnader og likskap mellom bygdelaga på Vestlandet, og det som vart eit slags folkemuseum for regionen. Både Shetelig og Visted haldt òg foredrag for dei besøkande, for «hvermand» som dei uttrykte det. Denne formidlinga gjorde ein langs større del av befolkninga kjend med sin eigen kulturhistorie.

Då Visted gifte seg med Bibba Lundgren i 1902, dreiv ho eige fotografatelier. Ho slutta då ho gifta seg. Dei fekk sonen Svein den 26. mars 1903, og den 7. juni 1904 fekk dei dottera Gudveig. Etter ei tid i Bergen by flytta familien til Hop ved Nesttun i Fana.

Visted sin fyrste publikasjon kom i 1903, i Bergens Museums årbok. Den heitte «Bidrag til tydning af primstaven», og bygde på forsking i museumssamlinga. I 1905 tok han eit skritt vidare då han skreiv eit tilsvar til ein artikkel av Herman Major Schirmer i Fortidsminneforeningens årbok frå 1904. Han skreiv til Schirmer på førehand og la fram sine innvendingar. Visted sin artikkel – «Røgstueovn – badstuovn» kom på prent i Tidskrift for norsk bondekultur i 1906. Det var Visted sitt eige prosjekt, der han sat som redaktør.

Kristofer Visted skreiv sjølv fem artiklar i den fyrste utgåva av tidsskriftet. Han arbeidde òg med planar om ei bok, og sumaren 1905 skreiv han til Halvdan Koht som sat i styret for Det norske Samlaget for å presentere planen. Han ville ta for seg emne som byggeskikk, drakter, livshendingar, merkedagar, husflid og diktning. Visted ville ikkje ha med foketru, for det måtte vere eit særskild arbeid. Samlaget tok ikkje på seg oppgåva, men Visted fortsette arbeidet.

I 1906 vart konservatorstillinga ved museet trekt inn på grunn av dårleg økonomi. Familien Visted vart buande i Bergen eit års tid, og han levde av å halde foredrag. Han hadde mellom anna foredragsturar til Trondheim og til ein rekkje stader på Vestlandet. Under ein foredragsturné arrangert av Firda ungdomslag vitja han fjorten stader, og vart god motteken.

I 1907 flytta så familien til Kristiania. Han gav framleis ut tidsskriftet, men det var ikkje lett med økonomien. Han søkte Stortinget om stønad, men trass i at tre professorer og Arne Garborg hadde påteikna søknaden, gjekk han ikkje gjennom. I staden rådde politikarane han til å samarbeide med Norsk Folkemuseum. Dei sleit med sine to skriftserier, og kanskje kunne eit samarbeid løyse problema for både parter. Visted ynskte seg eit uavhengig tidsskrift, og gjekk i staden vidare med si populærvitskaplege bok om norsk bondekultur.

Cappelen forlag gav i 1908 ut fyrste utgåva av boka Vår gamle bondekultur. Ho vart utgjeven i form av fleire hefte med ei subskripsjonsordning. Visted bad Hulda Garborg om å melde boka, og det var viktig å få meldingane ut raskt. Boka var nemleg i konkurranse med ei ny utgåve av Troels Troels-Lund sin Dagligt liv i Norden. Boka fekk gode meldingar, både frå Garborg og andre, og den einaste innvendinga var at ho kunne ha vore meir omfattande. Visted kalla seg no kulturhistorikar, og kjende til diskusjonane Troels-Lund hadde hatt om emnet sin rett til å vere eit eige fag. For Visted var det viktig at det i Noreg var bonden som bar den historiske kontinuiteten, og at ein difor måtte studere kulturhistoria for å forstå utviklinga her til lands.

Visted vart i 1909 knytt til Aschehoug forlag som konsulent. I 1910 hadde dei ein tanke om eit internasjonalt kulturhistorisk verk i tre band, som Visted vart knytt til. Han omsatte også bøker. På same tid døydde kona, den 24. juli 1910, og han sat att med to små born. I folketeljinga 1910 finn vi han som enkemann med ungane og ei barnepike i Fastings gate 5 i Kristiania.[1] Borna flytta etter ei tid til Visted sin familie i Bergen.

I 1912 vart Kristofer Visted tilsett som konservator og styrar for Fylkesmuseet for Telemark og Grenland i Skien. Museet var enno ikkje opna, fleire år etter at dei hadde byrja å bygge det opp. Då Anders Sandvig vitja Skien i 1909, gjorde han framlegg om at dei skulle kjøpe samlinga til farmasøyten Einar Hals, og det gjorde dei. Då blei òg Hals tilsett som konservator. Men han døydde tidleg i 1912, og opninga måtte utsetjast. Den kom seinare på året 1912, med Haakon VII og statsminister Gunnar Knudsen til stades.

Museet hadde i 1912 tre telemarkstun i friluftsamlinga. Visted ville òg ha eit bykvartal, og gjerne ei stavkyrkje. Det var god økononmi ved museet, og han kunne kjøpe inn samlingar og hus. Han byrja fotografere samlinga for å dokumentere ho, og fekk også i gang arbeidet med å få elektrisk oppvarming for å sikre gjenstandane. Hausten 1912 reiste han til Stockholm for å studere monterteknologi, konservering og katalogsystem ved Nordiska Museet. Han hjelpte i 1914 til med opprettinga av Hallingdal folkemuseum, og han hjelpte Sandvig med å kome i gong med ein skikkeleg katalog over gjenstandane på Maihaugen. I Skien vart Visted kjend med Rikard Berge. Dei var ikkje einige i alt, men jobba saman i redaksjonen for tidsskriftet Norsk Folkekultur. Fyrste utgåva av bladet kom i 1915.

Visted hadde i 1916 ein krangel med styreleiaren, konsul Hans Halvorsen Holta. Det førte til at han sa opp stillinga si. Rikard Berge vart konstituert som ny styrar sumaren 1916. I august flytta Visted attende til Kristiania. Dei neste to åra var han fri forfattar. Bokprosjektet frå Aschehoug, den internasjonale kulturhistoria Kulturens historie, vart fullført i 1917. Det var truleg Visted som skreiv presentasjonsteksten, men den er ikkje signert. Visted medverka òg til boka Norsk prydkunst. Ornamenter fra norsk folkekunst samlet og tegnet til praktisk bruk av Halvdan Arneberg (1920).

Det tredje museet Visted arbeidde ved, var staden der det heile hadde starta. Han vart i mars 1918 konstituert som amanuensis ved Universitetets Etnografiske Museum, der Ole Martin Solberg hadde teke over etter Yngvar Nielsen som døydde året før. Samlinga var fyrst i Domus Academica. I 1904 opna Historisk museum, med ei utstilling planlagd av Nielsen. Her hadde dei ikkje den same typen samling som i Bergen og Skien, for 1600 gjenstandar frå norsk folkekultur hadde i 1906 vorte overførte til Norsk Folkemuseum.

Visted overtok stillinga etter Fredrik Barbe Wallem. Solberg meinte at han brukte for lite tid på det museale. Dette skulle Visted rette opp. Då han kom til museet var første etasjen leigd ut til offentlege kontor, som følgje av at ein måtte opprette nye etatar under første verdskrigen. Statens krisekontor flytta inn i 1917, og litt seinare kom kontora til folketeljinga 1920. Andre som var innom var Kvalfangstkontoret, Priskontrollen, Meklarkontrollen og Statens frøkontroll. Sistnemnde var der heilt til 1924. Ved sidan av museumsarbeidet, som altså var vanskeleg på grunn av plassmangelen, var Visted i komiteen for restaureringa av Akershus slott. Han byrja òg på denne tida å skrive populærvitskaplege artiklar i tidsskrift og aviser. I 1923 prøvde han seg på ei stilling som dosent i historie ved Norges Lærerhøiskole, men utan embetseksamen fekk han ikkje den jobben.

Boka frå 1908, Vår gamle bondekultur, hadde vore utseld i mange år då Cappelen i 1923 kom med ei ny og utvida utgåve. Det vart over hundre fleire sider, med mellom anna eit langt kapittel om folketru. Det kom òg med ei litteraturliste, noko som vanta i den fyrste utgåva. Rikard Berge skreiv ei god melding av boka, sjølv om han var kritisk til nokre delar.

Samarbeidet med Solberg gjekk ikkje så bra. Sigurd Grieg meinte at Visted hadde ein steil karakter, og at dette var noko av problemet i stillingane han hadde.[2] Før andreutgåva av Vår gamle bondekultur kom, hadde han gått til sak mot Cappelen, som han skulda for å ha prenta fleire bøker enn han hadde fått betalt for. Saka vart løyst i forlikskommisjonen, og dei heldt fram med samarbeidet, men enkelt var det ikkje. I april 1924 sto han enno ein gong utan jobb, etter at problem mellom Visted og Solberg hadde toppa seg.

Visted byrja no å skrive for aviser, tidsskrift og julehefte. Han skreiv sju artiklar og ein serie i Norges Bondeblad i 1926, og heile femten artiklar i 1927. Han hadde også nokre konsulentoppdrag for Aschehoug, mellom anna som biletredaktør for Alexander Bugge sin verdshistorie i ni band som kom ut 1920–1929.

I 1929–1930 jobba Visted for Trondheim kommune i samband med Olavsjubileet i 1930. Han skreiv meir enn tjue artiklar i serien «Olavsminner» i løpet av denne tida. Han flytta så attende til Oslo, der han i nokre år budde saman med sonen Svein. Mot slutten av 1930-åra flytta han så til Bergen. Foreldra hadde gått bort, og den eldste og dei to yngste systrene hans budde i barndomsheimen i Bakkegaten. Han flytta inn med dei, på ei tid då helsa byrja å skrante. Visted fortsette å skrive artiklar om kulturhistoriske emne. Mellom anna skreiv han ei rekkje artiklar om juletradisjonar. Dei kom på prent i julehefte og aviser, og i 2016 vart dei samla i boka Jul i gamle dager. Artiklane har blitt omtala som nokre av hans beste: Han hadde erfaringa og fagkunnskapen, og han var ein god skribent.

Mot slutten av livet arbeidde Visted med ei ny utgåve av Vår gamle bondekultur. Han vart ikkje ferdig med den. Han døydde i 1949, og Hilmar Stigum tok på seg redaktørjobben og fekk namnet sitt på bokryggen saman med Visted. Enno ei utgåve kom i 1971, og siste opptrykket i 1975.

Referansar

  1. Kristofer Visted i folketeljinga 1910 for Kristiania kjøpstad frå Digitalarkivet.
  2. Haugen 2016: 222.

Litteratur og kjelder