Sivert Aarflot

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Sivert Aarflot.
Gravsteinen til Sivert Aarflot ved Voldskyrkja.
Foto: Arnfinn Kjelland (2009).
Ekset og Sivert Aarflot-museet.
Foto: Heidi Thöni Sletten (2009).

Sivert Knudsen Aarflot (fødd 23. oktober 1759 i Ørsta, død 14. juli 1817 i Volda) var omgangsskolelærar, bonde, lensmann, postopnar, trykkerieigar og folkeopplysningsmann på Sunnmøre. Han var frå 1789 gift med Gunhild Aarflot. Han opna i 1809 det første prenteverket utafor byane i Noreg.

Slekt og familie

Sivert Aarflot var son av leiglending Knut Pedersson Fyldal (1726–1794) og Brite Akselsdotter Barstad (1728–1820).

Den 28. juni 1789 vart han gift i Ørsta med Gunhild Rasmusdotter Eikrem (1756–1836).[1] Ho var dotter av leiglending Rasmus Larsson Hjorthaug og Sisilie Jonsdotter Eide. Dei var foreldre til Rasmus Aarflot (1792–1845) og Berte Canutte Aarflot (1795–1859).

Sivert reknast som stamfar til slekta Aarflot, og var farfars farmors far til biskop Andreas Aarflot.

Liv

Da Sivert Knudsen vart fødd, var faren leiglending på Fyldal i Ørsta, og noko seinare flytte dei til Årflot der han har slektsnamnet frå.

Det vart ikkje mykje skulegang på Sivert Aarflot. Han gjekk 22 dagar i omgangsskulen, og så var det slutt. Men presten Hans Strøm merka seg at han hadde evner, og i 1778 vart den sjølvlærte unge mannen sett inn som skulehaldar i Follestaddalen i Ørsta. Den stillinga hadde han til 1793. I denne tide skreiv han ned segner, regler og viser som han fekk høyre av bygdefolket. Han fortsette også med sjølvstudier, og frå Hans Strøm fekk han interesse for naturkunnskap, topografi og etikk. Å få tak i bøker var ikkje enkelt, dei kosta pengar og var lite tilgjengelege på bygda. I 1782 fekk han tak i Lære-Bog i adskillige philosofiske og mathematiske Videnskaber av tyskaren Gotthild Reccard, og dette var ei gullgruve. Det var ikkje heilt enkelt for Sivert Aarflot å ta avskil med Bibelen sitt verdsbilete, men han jobba seg gjennom det og klarte å sameine kristentrua med naturvitskapen. Han var ein tilhengar av religionsfridom.

Han skaffa seg også ei rekkje bøker om jordbruk, moralfilosofi, medisin, litteratur og andre emne. I 1794 opna han eit lånebibliotek på Ørsta med 104 eigne bøker. I 1797 skreiv han Plan til et frit Laane-Bibliothek i Ørstens Sogn, og i 1799 utvida han det til også å gjelde Volda sokn. Dette er eit av dei første allmugebiblioteka på landet i Norden, og truleg det første i Noreg. Samlinga var oppe i kring 550 band og 25 landkart då han døydde. Diverre gjekk samlinga tapt i ein brann på Ekset i 1844. Arbeidet med biblioteket førte til at han i 1800 fekk gullmedalje frå Det kongelige danske Landhuusholdningsselskab.

I 1798 vart han lensmann i Volda skipreide. Han kjøpte då kapteinsgarden Ekset i Volda og flytte dit med familien. I 1805 vart garden også postopneri. Gjennom verva som lensmann og postopnar kom Sivert Aarflot ikkje berre i nær kontakt med bygdefolket, men også med makt- og kultureliten. Sjølv om han hadde slutta som lærar var nok også det et kall i han. I 1802 fekk han Kongens gullmedalje for å ha lært opp bygdefolket til å nytte lav og andre brødsurrogat, og frå 1803 samla han ungdomen i bygda i sakristiet i Voldskyrkja kvar sundag for å samtale om jorddyrking, historie, astronomi og andre emne. Slik spreidde han sin eigen kunnskap og oppmuntra andre til sjølvstudie.

Han gav ut fleire skrifter om moderne landbruk og fiske mellom 1803 og 1804. Han vart då klar over at det var ei hindring at han var avhengig av prenteverka i Bergen og København. I 1807 sende han difor ein søknad om trykkeriløyve til kongen. Han fekk løyva den 15. juli 1808, og året etter starta Aarflots trykkeri opp i røykstova på Ekset. Berre typane var kjøpt inn, alt anna var heimelaga. For å kome i gang fekk han henta ned typografen Andreas Steen frå Trondheim. Same året fekk han sølvkrossen av Dannebrogordenen.

I 1810 byrja Sivert Aarflot å gje ut vekebladet Norsk Landboeblad. Den reknast som den sjuande avisa i Noreg, og var den første på landsbygda. Den kom ut frå 1810 til 1816, og høgste tingartal var omkring 600. Sonen Rasmus var trykkar og redaktør med meste av tida, og Sivert Aarflot laga sjølv illustrasjonar både til avisa og til dei andre skriftene sine. Han var ein av dei første xylografane i landet.

Den 15. desember 1811 skipa Sivert Aarflot Sogneselskabet for Voldens Præstegield. Gjennom dette skulle han styrkje bonden sin sjølvkjensle. Mønsteret henta han frå danske og norske landbruksselskap.

Arven frå Sivert Aarflot vart ført vidare av sonen Rasmus og etterslekta. Avisa Møre vart grunnlagd av etterkomarar i 1903, og har hatt seks generasjonar Aarflot i redaktørstolen.

Det gamle trykkeriet og dokumentsamlinga vart i 1959 plassert i eit nytt hus på Ekset. Det blei til Sivert Aarflot-museet, som er ein del av Sunnmøre museum. Skriftsamlingane vart i 2000 flytte til Ivar Aasen-tunet i Ørsta.

Verk

Runetrolldom og ringstav vart utgjeve i 1949. Her finn ein segner, viser og regler som Sivert Aarflot skreiv ned medan han var skulehaldar.

Sivert Aarflot var ein av dei første nordmennene som skrev om bumerker: «Om nogle af Hovedkaraktererne iblandt de saakaldte gamlævis Bumærkji, som ellers heder Runebogstaver», Norsk Landboeblad 1811. Artikkelen er sitert i innleiinga til L. Strømmes bok Bumerke frå Sunnmøre, Oslo 1943.

Artiklar av Aarflot i Kjeldearkivet

Sivert Aarflots skrifter i Kjeldearkivet består av tekstar som Øystein Sande komme over i arbeidet med boka Sivert Aarflot: folkeopplysningsmannen på Ekset. I høve Aarflot-jubileet i 2009 blei dei lagt dei ut på denne nettstaden til Sivert Aarflot-museet. No vert dei også tilgjengeleg her i kjeldearkivet, slik at dei er lett tilgjengeleg for alle som vil gå til sjølve ”grunntekstane”. Vonleg kan fleire finne noko dei kan ha nytte av i denne tekstsamlinga.

Sivert Aarflot produserte ei stor tekstmengd, men er ikkje i ettertid rekna som ”forfattar” eller ”diktar” i vanleg forstand. Det meste han skreiv, kan vel best beskrivast som ”bruksprosa”, til nytte der og då.. Det gjeld også diktinga hans, som for det meste var høvesdikt (”leilighetsdiktning”), dvs. dikt berekna på heilt konkrete situasjonar.

Referansar

Kjelder og litteratur

Eksterne lenkjer


Sivert Aarflot.jpg Sivert Aarflot er ein del av prosjektet Sivert Aarflot og er lagt ut under lisensen cc-by-sa. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Artiklar i Kjeldearkivet skal ikkje endrast, bortsett frå at lenkjer kan leggjast inn.
Fleire artiklar finn du i denne alfabetiske oversikten og på prosjektforsida.