Dale (Luster)
Dale er ei bygd, eit kyrkjesokn og ein skulekrins i Luster kommune i Sogn og Fjordane. Dale ligg ved Lustrafjorden, ved munningen av Dalsdalen.
I nyare tid er Luster ofte nytta som namn på bygda Dale.
Kyrkje og sokn
Dale kyrkje står i hovudsak slik ho vart oppført kring 1250. Det er ei steinkyrkje vigsla til St. Nikolaus med tretårn frå 1630-åra. Det var hovudkyrkja i det tidlegare Luster prestegjeld, som i tillegg femnde om dei tilgrensande annekssokna Fortun i nord og Nes i sør, og dessutan Gaupne som gjekk til Jostedal prestegjeld i 1967.
Administrasjonssentrum
I 1565 vart Dale skilt ut frå Sogn len som eit eige len med eigen lensherre. Dale len eksisterte til 1614 då det vart lagt under Bergenhus len.
Soknepresten i Luster heldt til i Dale prestegard, og her var òg tingstad for Luster og Jostedalen og handelsstad (Dale og Døsen). I periodar budde dessutan futen og sorenskrivaren i Indre Sogn på gardar i nærleiken av Dale, som For, Flahamar og Talla.
Sentrum for jostedølene
Fram til det vart køyreveg til Gaupne på 1800-talet, var Dale eit vel så viktig sentrum for innlands-prestegjeldet Jostedalen som Røneid og Marifjøra. Dale var ikkje berre fast tingstad for Jostedalen, men òg staden der bispe- og prostevisitasar vart gjennomførte og handelsstad. Den gamle ferdslevegen til Jostedalen gjekk opp Dalsdalen til garden Kilen, over Storehaugen til Vigdalen og ned til Myklemyr i Jostedalen.
Kommunesentrum
Etter at Luster kommune vart oppretta med formannskapslovene i 1837, utvikla Dale seg til administrasjonssenter i kommunen. Her kom etter kvart heradshus, sjukeheim, hovudkontoret til Luster sparebank, Dale skule og ymse varehandel og anna privat næringsverksemd.
I fjellsida ovanfor Dale ligg Harastølen.
Bygdesentrum i nyare tid
Etter at Luster, Hafslo og Jostedalen gjekk saman til storkommunen Luster i 1963, har mykje offentleg og privat tenesteyting og varehandel vorte flytt til det nye kommunesenteret Gaupne.
Dei viktigaste offentlege institusjonane i Dale i dag er Dale kyrkje, Dale skule (årssteg 1-7) med samfunnshus, Luster barnehage og Luster omsorgssenter (nybygg 2006 som avløyste den gamle sjukeheimen).
Litteratur
- «Dale var eige len og futedøme», Fylkesleksikon, NRK Sogn og Fjordane
- «Dale kyrkje» av Anne Marta Hoff, Kulturhistorisk leksikon, Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane