Mal:Infoboks gard (nynorsk)

Kruna (Luster, gnr. 208) er ein matrikkelgard i Jostedalen, Luster kommune. Garden har gjeve namnet til Krundalen og grensar i aust mot Hellegård og i vest mot Snøtun.

Krunestova

Det eldste stovehuset som står på Kruna i dag, er den tømra stova som vart bygt mellom 1805 og 1808. Det er nytta særs tjukke stokkar i bygningen. Etter ein lokal tradisjon vedda brukaren Tøger Larsson Kruna med bror sin Rasmus Larsson FåbergNedre Fåberg kven som kunne byggja tyngste huset, og det var Tøger som vann med Steinstova i Fåberg. Då Kruna ei tid var delt i to bruk, gjekk grenda rett gjennom både stovebygninen og fjøset slik at dei to brukarfamiliane brukte ein halvdel kvar. Stova vart bygt på i høgda mot slutten av 1800-talet slik at det vart to fulle høgder i bygningen. Stova var ei tid både turiststasjon og landhandel.[1]

Personar frå Kruna

Notar

  1. Øyane 1994, s. 690 og 820

Litteratur

  • Laberg, Jon. (1944). Jostedal. Ei stutt utgreiding um bygdi og folket der. Tidsskrift utgitt av Historielaget for Sogn (nr. 11), 5-85. (Digital utgåve, Jostedal historielag)
  • Øyane, Lars E. (1994). Jostedal sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune. (Bd. 5). Gaupne: Luster kommune, s. 686-716. (Digital utgåve, NBdigital)
  • «Kruna», Gardsleksikon, Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Mal:Infoboks gardsbruk

Mal:Koordinater