Jødar
Jødar (nynorsk) eller jøder (bokmål/dansk) er ei folkegruppe av hovudsakleg semittisk opphav som tradisjonelt praktiserer religionen jødedom med sine variantar. I Nord-Europa er har det tradisjonelt vore to hovudgrupper av jødar — portugisarjødar, som er den vest- og nordeuropeiske undergruppa av sefardím, og høgtyske jødar, som det same som asjkenazím.
Jødar har vore nemnt i offisielle dokument i Noreg sidan 1400-talet, og vi veit om jødar som har hatt varierande tilknyting til Danmark-Noreg sidan tida kring 1600. Fram til 1814 var hovudregelen at høgtyske jødar hadde generelt innreiseforbod, medan portugisarjødar hadde lov til å reise til og i Danmark-Noreg og livnære seg med eller utan leidebrev i nokre periodar. Frå 1814 til 1844 var det totalforbod mot jødar i Noreg, og dei fleste jødane i Noreg i dag ættar frå jødar som kom inn etter 1851. Jødane er ein av dei nasjonale minoritetane i både Noreg og Sverige. Det jødiske månadsbladet Hatikwoh vart etablert i 1929 og kjem framleis ut — no under namnet Hatikva.[1]
Sjå også
Aviser og tidsskrift
- Hatikwoh, seinare Hatikva
- Israeliten[5]
Referanser
- ↑ Hatikwoh : månedsblad for jøder i Norge. 1929 Nr. 3. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- ↑ https://www.arkivportalen.no/contributor/941908c6-2b8a-4bc3-ae86-917229ad8a17
- ↑ https://www.nb.no/items/URN:NBN:no-nb_digibok_2016082308192
- ↑ https://www.nb.no/items/URN:NBN:no-nb_digibok_2016082308192
- ↑ https://www.nb.no/items/URN:NBN:no-nb_digitidsskrift_2023100680023_005