Sandane krins
Sandane krins i Gloppen kommune, ligg i kommunesenteret i kommunen. I dag er det den største krinsen i Gloppen kommune Sandane høyrte opphavleg til den gamle Eide krins. Under krinsreguleringa i 1890 gjekk skulestyret inn for ei sameining mellom Sandane og Mardal krins slik at storskulen gjekk saman vekselsvis på Sandane og Mardal og at eit større skulehus med sløydrom skulle byggast på Sandane. Kommunestyret vedtok at Sandane, Holvik, Eide, Evebø og Djupegot skulle høyre til Sandane krins. I 1892 stod det omtalte skulehuset klart.
I tidsrommet 1918-1930 var ei stor sak spørsmålet om Austrheim krins og Sandane krins skulle slåast saman. Begge krinsane trengte nytt skulehus og skulehusnemndi la fram forslag om å bygge eit felles skulehus for dei to krinsane. Både skuledirektør Olav A. Vevle, fylkesskulestyret og Kyrkjedepartementet gav si godkjenning til forslaget, men heradstyret stemte nei. Saka kom opp fleire gonger fram til 1930. Då vart det til slutt avgjort at krinsane skulle halde fram kvar for seg.
Skulehus
Sandane gamle skule
- Byggeår: 1892
- Fungerte som skule: 1892 - 1934
- Anna bruksområde: Flytta til Gjengedal krins i 1934.
Sandane nye skule
- Byggeår: 1934
- Fungerte som skule:
- Anna bruksområde:
Sandane skule
- Byggeår: 1977. Påbygd i 1997 i samband med 6-års reformen.
- Fungerte som skule: Fungerer framleis som skule.
- Anna bruksområde:
I 2016 har Sandane skule 278 elevar.
Skuledagen
Skulevegen
Lærarar
Etternamn | Fornamn | Føydd | Skule | Tilsett år | Slutta år | Utdanning frå | Merknad | |
---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Henden | Gudbrand | 1866 | Sandane | Sandane krins 1894 | 1927 | Stord lærarskule (1886) | Lærar i Nessestrand krins (Breim) 1887-1894 | |
Tystad | Anna | 1884 | Småskulen Austrheim og Sandane krins | 1905 | Volda lærarskule (1904) | |||
Henden | Jon | 1874 | Hennesbygda krins | 1902 | Seljord lærarskule | Var vikar i 1914 | ||
Vereide | Johan | 5. jan. 1891 | Sandane, Rygg | 1927 | 1942 | Volda lærarskule (1923) | Lærar i Fen i Holla, Telemark 1923-1927. Lærar i Rygg krins frå 1942 | |
Mo | Olav | 26. des. 1907 | Sandane | 1942 | 1946 | Oslo lærarskule (1928) | Ungdomskulelærar i Nordfjord (1931-42) og i Gjøvik frå 1946. | |
Eikenes | Jon | 2. juli 1919 | Sandane og Vereide, Nesjane | 1945 | 1946 | Oslo lærarskule (1943) | Vikar. Seinare lærar ved Gloppen framh. skule (1946-47), Nesjane krins frå 1947. | |
Tonning | Asbjørn | 28. mai 1907 | Sandane, Mardal | 1946 | Volda lærarskule (1934) | Tidl. lærar i Hjørundfjord (1936-1939) og Innvik (1939-1946). | ||
Øygard | Albert | 22. mars 1891 | Sandane | 1946 | Volda lærarskule (1923) | Tidl. lærar i Naustdal. Med i eksamensnemda og Naustdal lærarlag. |
Foto
Kjelder og litteratur
Prenta kjelder
- Sandal, Per (1978) Soga om Gloppen og Breim, band 1. Sandane.
- Sandal, Per (1979) Soga om Gloppen og Breim, band 2. Sandane.
- Femårsmeldingar om folkeskulen 1891-1895, 1896-1900 og 1901-1905
- Norske skulefolk. Utg. Dreyer. 1934. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Norske skulefolk. Utg. Dreyer. xx#. 1952. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Norske skulefolk. Utg. Dreyer. xx#. 1952. Digital versjon på Nettbiblioteket.