Hals (Aure)
- For andre stader med namnet «Hals» eller «Halsen», sjå Hals.
Hals (IPA [hɑ:ʂ]) er ein matrikkelgard på Tustna i Aure kommune på Nordmøre i Møre og Romsdal.
Garden omfattar Halsnesset og vidare nordetter Solåsundet til omlag midt i gardsbruket Slettet under matrikkelgarden Innersetra. I sørvest grensar garden mot Ersvika.
Gardsbruk
Bnr. 1: Oppistua
I Skattematrikkelen 1647 står Michell Hals nemnt med 3 rdr. skatt. Som eigar og bygslar står kongen med 1 spd. skyld.
Bnr. 2: Bukta
Bnr. 3: Halsbogen
Bnr. 4: Halsmyra (òg kalla Haugen)
Bnr. 5: Stranda
Bnr. 6: Søstua
Bnr. 7: Bortistua
Bnr. 8: Nesset
Bnr. 9: Dalan (Dalen)
Dalan (dial. ["dɑɽaɲ:] (Mal:NA), ["dɑɽɔ] (Mal:D)) vart bygsla den 27. desember 1847, og den 8. september 1866 vart plassen frådelt b.nr. 6 (Søstua) som sjølveigande bruk.
Bnr. 10: Slettet
Slettet (dial. ['ʃlet:ɛ] dativ ["ʃlet:a]), som opphavleg hørte til b.nr. 6 (Søstua), vart tidleg slege saman med b.nr. 4 (Steinteigen) under g.nr. 24 (Innersetra). Innanfor den halvparten av bruket som hørte til Søstua vart det òg bygd skule i 1890-åra. Denne skulen vart nedlagt i 1972, men skulehuset står framleis der og blir bruka som skulemuseum.
Bnr. 11: Haugen (Sollien)
Bruket «Sollien», oftast kalla «Haugen» (uttale: [hʌ:’n] (Mal:NA), ['hʌ:ja] (Mal:D)) vart frådelt bnr. 1 (Oppistua) ved skylddeling i 1899, men skøytet vart først gjeve i 1918. Kjøparen, som òg bygde husa her, var Edvard Andersson frå Vullum i Halsa. Han og kona, Marie Isaksdt. Kalland (f. 1856) selde bruket i 1923 og flytta til Gullstein.
Peder A. Ersvik (1891–1977) frå Ersvika kjøpte bruket i oktober 1923. Han var gift med Gurå Olsdt. Brakstad (1896– * ). Slekta deira eig framleis gardsbruket.
Bnr. 12: Bjørkheim
Bnr. 14: Glemmen
Bruk utan bruksnummer
- Tåa
- Iverteigen
Kjelder
Skattematrikkelen 1647 : XIII: Møre og Romsdal fylke. Oslo (Universitetsforlaget), 1975. ISBN 82-00-01449-5