Gina Stub
Gina Stub, f. Andrea Georgine Stub (f. 1854 i Ålesund, dødår ukjent) var fotograf i Ålesund i 1890-åra, og hadde tidlegare vore lærar i same by.
I folketeljinga 1865 er ho oppført saman med foreldra, tollbetjent Ole J. Stub (f. 1814) og Anne Sinborg. Dei budde då i Haram. Det var også ei eldre syster av Gina i huset.[1]
I folketeljinga 1885 finn vi ho som lærar, busett i Ålesund. Ho budde i lag med mellom anna tollbetjent Mathias Stub (f. 1814) og kona hans Cimber Stub (f. 1820). Truleg er dei identiske med foreldra hennar; Sinborg kan lett ha vorte til Cimber, men faren sitt namn er noko meir usikker. [2]
Da Kristian Muriås la ned sitt atelier i 1898 for å gå over i anna verksemd er Gina Stub sitt namn med i annonsen som fortel om firmaet sitt opphør. Hun synast ikkje å ha drevet eiga fotografisk verksemd. I Adressebog for Romsdals Amt, 1909, er ho oppført som agent. Det same finn vi ho som i folketeljinga 1910, då ho budde i Keiser Wilhelms gate 54 og var ugift. Ho budde då i lag med Anne Høier Stub (f. 1840) og Johanne Kristine Stub (f. 1845), truleg eldre systrer.[3]
Referansar
- ↑ Andrea G. Stub i folketeljinga 1865 for Haram prestegjeld frå Digitalarkivet.
- ↑ Gina Stub i folketeljinga 1885 for Ålesund kjøpstad frå Digitalarkivet.
- ↑ Andrea Georgine Stub i folketeljinga 1910 for Ålesund kjøpstad frå Digitalarkivet.
Kjelder
- Første versjon av artikkelen er henta fra Preus museums register over norske fotografer.
- Gina Stub på Digitalt museum.
- Gina Stub på KulturNav
- Skorgevik, Kjell: Fotografer i Ålesund i glassplatenes tid, 1985
- FylkesFOTOarkivet i Møre og Romsdal. Eldre fotografer i Møre og Romsdal. [Database]. 2009
- Gina Stub i Historisk befolkningsregister
![]() |
Gina Stub er basert på data fra Preus Museums registre over norske fotografer og fotografiske samlinger, som er tilgjengelig på Nasjonalbibliotekets nettsider. Artikkelen er lagt ut under lisensen cc-by-sa. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Flere artikler finnes i denne alfabetiske oversikten. |