Gina Stub

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Gina Stub, f. Andrea Georgine Stub (f. 1854 i Ålesund, død 6. august 1939 same staden) var lærar, fotograf og handelsagent i Ålesund.

I folketeljinga 1865 er ho oppført saman med foreldra, tollbetjent Ole J. Stub (f. 1814) og Anne Sinborg. Dei budde då i Haram. Det var også ei eldre syster av Gina i huset.[1]

Ved konfirmasjonen hennar i 1870 får vi litt meir tak på kven foreldra var. Faren heitte Mathias Diderik Stub (f. 1814), og mor Anna Zimmer Schjelderup.[2]

I folketeljinga 1885 finn vi ho som lærar, busett i Ålesund. Ho budde i lag med mellom anna foreldra, her oppgjeve som tollbetjent Mathias Stub (f. 1814) og kona hans Cimber Stub (f. 1820). [3]

Da Kristian Muriås la ned sitt atelier i 1898 for å gå over i anna verksemd er Gina Stub sitt namn med i annonsen som fortel om firmaet sitt opphør. Hun synast ikkje å ha drevet eiga fotografisk verksemd.

I 1900 hadde ho skifta bransje, for i folketeljinga det året står ho som «Agent handels smør mm.». Ho budde i Torvgata i lag med mora, nå skrive som Anne Cimber Stub.[4] I Adressebog for Romsdals Amt, 1909, er ho oppført som agent. Det same finn vi ho som i folketeljinga 1910, då ho budde i Keiser Wilhelms gate 54 og var ugift. Ho budde då i lag med Anne Høier Stub (f. 1840) og Johanne Kristine Stub (f. 1845), truleg eldre systrer.[5]

Referansar

  1. Andrea G. Stub i folketeljinga 1865 for Haram prestegjeld frå Digitalarkivet.
  2. Andrea Georgine Stub i Ministerialbok for Ålesund prestegjeld 1864-1871 fra Digitalarkivet. (nn).
  3. Gina Stub i folketeljinga 1885 for Ålesund kjøpstad frå Digitalarkivet.
  4. Andrea Georgine Stub i folketelling 1900 for Ålesund kjøpstad fra Digitalarkivet.
  5. Andrea Georgine Stub i folketeljinga 1910 for Ålesund kjøpstad frå Digitalarkivet.

Kjelder


Annonse fra Fotograf Behrends i Indtrøndelagen 17.1. 1913.jpg Gina Stub er basert på data fra Preus Museums registre over norske fotografer og fotografiske samlinger, som er tilgjengelig på Nasjonalbibliotekets nettsider. Artikkelen er lagt ut under lisensen cc-by-sa. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen.
Flere artikler finnes i denne alfabetiske oversikten.
Denne siden er en spire.
Du kan hjelpe den
til å vokse seg
stor og sterk!
Quercus robur1 ies.jpg
Denne sida er ei spire.
Du kan hjelpe henne
til å vekse seg
stor og sterk!