Ørskog kommune
Ørskog kommune | |
---|---|
Basisdata | |
Kommunenummer | 1523 |
Fylke | Møre og Romsdal |
Kommunesenter | Sjøholt |
Areal | 3.2 km² |
Areal land | 0 km² |
Areal vann | 3.2 km² |
Folketall | ukjent kode (2023) |
Målform | nynorsk |
Nettside | Nettside |
Ørskog kommune er ein av kommunane på Sunnmøre i Møre og Romsdal. Kommunen ligg på nordsida av Storfjorden og grensar mot Vestnes, Stordal, Skodje og Sykkylven kommune. Grendene Ramstaddalen, Søvikdalen og Furstranda vart overførde frå Ørskog til Sykkylven i 1955.
Administrasjonssenteret ligg på Sjøholt. Dei større bygdene er Vågsvika og Vestre. Kommunen har berre ei kyrkje, Ørskog kyrkje, som ligg på Sjøholt.
Europaveg 39 går gjennom kommunen, frå Ålesund i vest, gjennom kommunesenteret Sjøholt, mot nordaust over Ørskogfjellet til Vestnes kommune. Frå Vågsvik (Vaksvik) går det mot nord ein grusveg over fjellet, ned Kjersemdalen til Tresfjorden i Vestnes kommune. Denne vegen er smal og vinterstengt.
Rasmus Ingebrigtsson (ca. 1595–ca. 1666) på Myklebust, også kalla «Store-Rasmus», var bondeopprørar og frå Ørskog.
Ekserne lenkjer
|