Svanhild Aaberg
Svanhild Aaberg (fødd 24. mars 1902 i Kvam i Hordaland, død?) var lærarinne.
Ho var dotter av Anna Hansdotter og lærar og kyrkjesongar Hans Aaberg. Frå 1907 budde familien på Herdla i noverande Askøy kommune. Svanhild tok eksamen ved Stord lærarskule i 1924 og vart året etter tilsett ved Blomvåg og Alvheim skule i Øygarden.
Broren Johs. Aaberg arbeidde òg som skulelærar.
Kjelder og litteratur
- Svanhild Aaberg i folketelling 1910 for Herdla herred fra Digitalarkivet.
- Espeland, Arne: Norske skolefolk (første utgave), Dreyer forlag, Stavanger 1934. Digital versjon på Nettbiblioteket.