Vamberg (Jostedalen)
Vamberg (Luster, gnr. 196) er ein matrikkelgard i Jostedalen, Luster kommune. Garden ligg i Krekagrendi på austsida av Jostedøla og grensar i sør mot Bjørk og i nord mot Ytri. Tunet ligg rett opp for Jostedal skule.
Vamberg var opphavleg ein del av Bjørk. Både ein Stenner Vadberrig og ein brukar på BIrk er nemnde i skattelista frå 1600, men elles er Bjørk oftast nytta om båe bruka til opp på 1700-talet. Øyane meiner Bjørk vart delt i to bruk kring 1622, med Vamberg som det eine, men då under namnet Smalasete. Bruket gjekk inn att i Bjørk kring 1626, og samanhangande busetjing ser det ikkje ut til å ha vorte på garden før tidleg på 1700-talet.
Den fyrste sjølveigaren var Otto Larsson Vamberg som kjøpte garden av Jens Munthe 28. juli 1778 for 90 rdl (sjå Eigedomstilhøve i Jostedalen før 1800).
I 1808 kjøpte klokkaren og kyrkjeeigaren Johannes Asbjørnson Hus Vamberg. Han vart sjølv buande på grannegarden Bjørk og pakta bort garden til han i 1815 selde Vamberg til svigersonen Halvor Olson Vamberg som var gift med dottera hans Eli. Eldstesonen Johannes Halvorson Vamberg fekk skøyte på bruket i 1842 og var frå 1850 kyrkjesongar og skulehaldar slik morfaren Johannes Asbjørnson Hus hadde vore. Han overtok då ombodet etter farbror sin Ole Olson Aasestølen. I åra 1854-1856 var Vamberg nær ved å bli klokkargard då Johannes Halvorson Vamberg var i tingingar med kommunen om dette. Men han døydde i mars 1857 før det vart noko av handelen.
Vamberg fekk på nytt ein plass i bygdestyringa då Nils Hermundson Bruheim og kona Anna Christiansdotter Espe kjøpte garden i 1899. Nils var i mange år kasserar i Jostedal sparebank. Sonen Hermund Nilsson Bruheim tok over både heimebruket og kasseraryrket i sparebanken. Hermund var dessutan likningssjef i kommunen i ei årrekkje og ordførar det meste av perioden 1923–1937.
Stova på Vamberg vart ein periode òg nytta som skule.
Personar frå Vamberg
- Halvor Olson Vamberg (1783-1861), gardbrukar
- Johannes Halvorson Vamberg (1816-1857), klokkar og ordførar
- Nils Hermundson Bruheim (1859-1935), bankkasserar
- Hermund Nilsson Bruheim (1888-1962), bankkasserar og ordførar
- Per Hermundson Bruheim (1918-1974), handelsmann og bankkasserar
Kjelder og litteratur
- «Vamberg» i folketeljinga 1801 (Digitalarkivet)
- Folketeljinga i 1910
- Laberg, Jon. (1944). Jostedal. Ei stutt utgreiding um bygdi og folket der. Tidsskrift utgitt av Historielaget for Sogn (nr. 11), 5-85. (Digital utgåve, Jostedal historielag)
- Øyane, Lars E. (1994). Jostedal sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune. (Bd. 5). Gaupne: Luster kommune, s. 458-470. (Digital utgåve, NBdigital)
- «Vamberg», Gardsleksikon, Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane