Narvestad (Kvinesdal gnr. 170)
Narvestad | |
---|---|
Gamla huset på Narvestad frå ca. 1930 | |
Sokn: | Fjotland |
Fylke: | Agder |
Kommune: | Kvinesdal |
Gnr.: | 170 |
Ant. bruksnr.: | 10 (2018) |
Type: | Matrikkelgard |
Narvestad er ein matrikkelgard i Fjotland sokn i Kvinesdal kommune. Garden har i dag gardsnummer 170. Han hadde tidlegare gnr. 1 i Fjotland kommune, i 1838 matrikkelnummer 172 og gamalt matrikkelnummer 316.
Geografi
Narvestad er den sørlegaste av gardane i Vesterdalen i Fjotland sokn. Hovudbølet låg frå gamalt av på vestsida av Kvina, medan nybruk blei reist på elvesletta på austsida av elva midt på 1800-talet.
Slettene på kvar side av elva ligg imot bratte skråningar med Nonansheia i aust og Hoskuldshomheia i vest. Nonansheia markerer grensa til Helle, som ligg omkring garden i nord og aust, medan garden har skogområde heilt inn mot grensa til Gyland sokn i Flekkefjord i vest. I sør grensar garden til Røyseland og Ryggesås, noko som også var den gamle kommunegrensa mellom Fjotland og Kvinesdal kommunar. I nord grensar òg Narvestad til Spikkeland.
Kvednebekkjen renn ut i Kvina ved Narvestad. Følgjer ein denne motstraums nordvest via Ragnhildhola, kjem ein til Narvestadstølen og vidare til Spikkeland.
Gardsnamnet
Narvestad er avleia av mannsnamnet Narve. Namn i fyrste lekken viser ofte til ein grunnleggjar eller ryddingsmann. Gardsnamnet er kjent frå fleire plassar i Noreg, men då mest på Austlandet, mellom anna i Trøgstad, Aurskog-Høland og Rælingen.
Endinga –stad tyder «bustad» eller «grunn der bustad ligg el. kan liggja». Endinga fortel òg at garden blei rydda og fekk namnet i førkristen tid. Av 2500 stad-gardar i Noreg er det berre eit eksempel på ein –stadgard med bibelsk fornamn i fyrste stavinga.[1] Narve finn ein då også igjen i norrøn mytologi som son til Loke og Signy.
I heile noverande Kvinesdal er det få namnegardar med endinga–stad, sjølv om dette er ei relativt vanleg namneending på Vest-Agder. Av dei –stad-gardane som finst i Kvinesdal blei fleire av dei delte i fleire bruk allereie i mellomalderen. Noko som tyder på at dette er av dei eldste gardane i bygda sett bort frå gardane med namn etter natur- og landskapsformer. Narvestad kan ha vore utskild frå Helle eller Nedre Kvinlog.
I 1594, 1611 og 1647 var skriveforma Narffuestad, som også er den mest vanlege skriveforma sett bort frå dagens Narvestad. I 1665 finn vi Narwestad.
Gardsbeskrivingar og livsgrunnlag
Narvestad blei i 1661 oppgjeven til å ha ein flaumkvern og skog til små bjelkar og ved.
I 1723 blei garden beskrive som ein «Landgård i sol- og bakli, lett og tungvunnen», samstundes tok han skade av «elvens brudd» i vårløysinga og andre flaumar. I følgje matrikuleringa hadde dei ein liten støl og «skog til brensel, husbehov og noe til utsalg». Dette var vel ei underdriving. Ifølge Jerstad blei det sagt det var så mykje skog før på Narvestad at dei kunne ikkje bli fattige der.[2] Ei av utfordringane med å bruke matrikuleringsforretningane som kjelde er nettopp at bøndene gjerne gav opp det absolutte minimum av det dei åtte, for å få ei lågast mogleg taksering og med det lågare skatt.
Tabellen syner kor mykje korn og poteter som blei sådd.
1665 | 1723 | 1865 | 1939 | |
Korn | 3 ¾ t | 7 t | 12 t | |
Jordeple | - | - | 15 ½ t | |
Hestar | 1 | 1 | 3 | |
Storfe | 9 | 10 | 15 | |
Småfe | 12 | 30 | 73 |
Kulturminne
Då dei skulle grava ut tomta til dagens våningshus på bruk 3 i 1969, blei det funne eit spinnehjul av grå kleberstein. Overflata var nokså mykje forvitra og skada med skår og groper. Hjulet hadde ornering på begge sider og var utforma som ein kross med armane som doble strekar ut frå holet. Dateringa er uviss.
Den tidlegare Farbrauna, som var ei jernfagverksbru ved Grøndokka i Lyngdal, og det eine spennet av den tidlegare Klevelandsbrauna i Finsland/Laudal blei frakta hit i 1967 og bygde opp att her. På dei opphavlege bruplassane var bruene frå 1880-åra.
Det er også registrert restar etter kvernhus og sager i lia over Narvestad jamt med faret til Stemmen.[3]
Matrikkel
Narvestad har hatt eit stabilt skuldtal i heile perioden vi har kjelder frå. I samband med innkrevjinga av skatten til vedlikehald av Akershus slott i 1594, blei Narvestad oppført i den såkalla skatteklassen «Halff gordt» (halve garder) og betala skatt deretter. I 1639 hadde Narvestad «rykka ned eit hakk» til øydegardsklassa, som svara ein lågare skattetakst.
1639 | 1661 | 1723 | 1802 | 1838 | 1886 | 1950 | 2019 | |
Nr | - | - | 53 | 316 | 172 | 1 | 170 | 170 |
skyld | 1 ½ h | 1 ½ h | 1 ½ h | 1 h 6 eng | 1 h 6 eng | 3d, 4 ort, 60 sk. | - | - |
Ant. bruk | 1 | 1 | 2* | 2 | 2 | 5 | 5 | 10 |
*tal på oppsitjarar
Folketal
1665 blei det registrert fem mannspersonar som høyrde til Narvestad. 200 år seinare, i 1865, budde det 26 personar her, medan dette talet auka enno meir fram mot hundreårsskiftet. I 2020 bur det 14 personar på garden.
Kor mange bebuarar (M: Berre vaksne menn)
1665 | 1769 | 1801 | 1865 | 1900 | 1920 |
5M | 11 | 26 | 37 | 33 |
Eigedomsforhold
Ved inngangen til 1600-talet var Narvestad krongods, altså eid av kongen. Oppsitjarane måtte betala landskylda si til kongen. Kongens godssamling skreiv seg tilbake til rikssamlingskampane på 1000- og 1100-talet og var oftast konfiskeringar frå beseira motstandarar, men lite veit vi om korleis Narvestad hamna på kongen sine hendar. Kyrkja satt òg med store godssamlingar, og mykje var gåver frå kongsmakta og adelen. Etter store krigsutgifter gjennom 1600-talet fekk kongsmakta likviditetsproblem, og det meste av krongodset blei selt innan utgangen av hundreåret. Mykje gjekk til velståande borgarar og kjøpmenn som kunne stille med kontantar, og noko av dette igjen utgjer framleis store godssamlingar i dag. Ein god del mindre gods fekk bøndene på gardane sjølv kjøpa.
Kong Fredrik 3. selde Narvestad til den danske oberstløytnanten Andreas Willichen i ein større eigedomstransaksjon 5. januar 1669.[4] Willichen heldt til i København, og selde mange av eigedomane vidare med ein gong. Alt same år, 1669, var sokneprest Peder Godtzen blitt eigar. Han selde vidare i 1672. I 1690 eigde bøndene Jens og Søren kvar sin part.
Gardparten på austsida av Kvina skal i følgje tradisjonen ha kome til Narvestad frå Helle som ei faddergåve. Stykket var teigdelt, men blei samla ved utskifting i 1860.
Delingar og utskiftingar
Det gamle hovudbølet Dør heima på Narvestad låg på vestsida av Kvina og blei delt omkring 1630 mellom brørne Olav og Jens i Dør heima og Dør nere. Jens fekk dei gamle hustuftene på Dør heime.[5] I 1649 hadde kvar av gardpartane ei skuld på 9 engelsk. Olav og Jens leigde av Kongen.
I 1843 reiste Abraham Svendsson nybruk på austsida av Kvina. Nybruket, som fekk bruksnamnet Dør borte, blei ein del av seinare bruksnummer 3, medan dei gamle tuftene på vestsida Dør nere gjekk til det seinare bruksnummer 5.
I 1860 var det utskifting mellom dei tre bruka.
I 1868 blei den sørlege delen av bnr. 3 (Dør borte) på austsida av Kvina skild ut til bnr. 4 Dør ude.
Dør framme (bnr. 2) blei utskild frå Dør heima (bnr. 1) på vestsida av Kvina i 1883.
I 1987 blei det gamle hovudbølet Dør heima (bruk 1) delt mellom Dør ude (bnr. 4) og Dør nere (bnr. 5). Dei gamle tuftene følgde Dør nere (bnr. 5) og blei utskilde med eige bruksnr. 9 i 2004. Eigedommen blir nytta som fritidsbustad i dag. Det blei òg utskilt ei bustadtomt som bruksnr. 10 i 2005.
Bruk og eigedomar
Bnr. | Bruksnamn | Type eigedom | Utskild frå | Matrikulert | Løpenr. (før 1886) | Skyld 1950 | Eigar 1886 | Eigar 1950 |
---|---|---|---|---|---|---|---|---|
1 | Dør heima/Strand (1886) | Tomt utan eigedomsteig | 644a | 1 mark 48 øre | Tore Jørgensen | Tore Jørgensen | ||
2 | Dør framme/Skei(1886) | Gardseigedom | 1 | 1883 | 644b | 1 mark 48 øre | Tønnes Jørgensen | Tønnes Jørgensen |
3 | Dør borte | Gardseigedom | 1 | før 1838 | 645a1a, b1a | 1 mark 58 øre | Abraham Svendsen | Torvald Narvestad |
4 | Dør ude | Gardseigedom | 3 | 1868 | 645a1b, b1b | 0 mark 32 øre | Jens Jakobsen | Jette Marie Jensdatter Narvestad |
5 | Dør nere | Gardseigedom | 3 | 1843 | 645a2, b2 | 1 mark 39 øre | Svend Jørgensen | Sven J. Elias Narvestad |
8 | Bustadtomt | 5 | 1993 | |||||
9 | Dør heima | Fritidseigedom | 5 | 2004 | ||||
10 | Bustadtomt | 4 | 2005 |
Eigarar og brukarar
Dør heima
Lnr. 644/bnr. 1
Narvestad 46
- Per (n. 1594) er den første me høyrer om frå Narvestad i ei skatteliste frå 1594. Han kan ha vore far til Kari eller Søren.
-
- Søren (n. 1611- d. 1628)
- Kari (-1648)
- Atlak (n. 1611) Soldat 1611.
- Jens (1614-1701) Sjå nedanfor
- Olav (1616-) Sjå bruk 5
- Lars (f. 1624-n. 1701) g. 1. g. m. Magnhild Knudsdotter Ryggesås (-1677), g. 2. g. m. Ingrid Olesdotter (-1695), g. 3 g. m. Anne Staalesdotter (-1698). Sjå Ryggesås
Det er usikkert kvar Søren og Kari kom i frå. Dei kan begge ha vore barn av Per som er nemnd ovanfor. Det var ingen annan slekt i Fjotland som brukte namnet Søren, så han kan òg ha kome utanfrå. Søren var på den tida eit dansk namn som ikkje var så vanleg å nytta i Norge.
Då Kari døydde delte sønene garden og Jens blei sitjande med dei eldste tuftene Dør heima.
-
- Jens Sørensson (1614-1701)
- Søren (f. 1642-n. 1664)
- Tron (f. 1646- n. 1664)
- Eiel (-1698) g. m. Gunhild Hujesdotter (n. 1698). Sjå Rafoss
- Per (- 1701) g.m. Ingeborg Rolfsdotter (-1724). Sjå Skjekkeland
- Anders (n. 1701) Sjå nedanfor
- Maria (n. 1701) g. m. Tore Knibestøl. Sjå Knibestøl
- Tøri (n. 1701) g. m. Staale Ommundsson Røynestad. Sjå Øvre Røynestad
Det kan sjå ut til at Jens og Olav kjøpte kvar sin part av soknepresten Peder Godtzen i 1672. Sjå meir om Olav sin part under bnr. 5.
-
- Anders Jensson (1659- n. 1718)
- Åse Osmundsdotter Øvre Røynestad
- Jens (1683-n.1751) Sjå nedanfor
- Ingeborg g. 1713 m. Knut Stålesson Røyseland. Sjå Røyseland
Begge borna gifta seg med kvar sin bror og syster frå Røyseland.
-
- Jens Andersson (1683-n. 1751)
- g. 1713 m. Ingeborg Stålesdotter Røyseland (n. 1751)
- Ingeborg (1714-)
- Åse (1718-) Ugift i England i 1751
- Ingeborg (1720-1804) g. 1754 m. Atlak Torkildsson Øvre Røynestad (1720-1806) Sjå Ytre Røynestad
- Anders (1722-) g. 1751 m. Jorunn Tronsdotter (1720-1800)
- Ståle (1724-) Til sjøs i 1751
- Birgitte (1725-1795) g. 1756 m. Bjørn Reidarsson Veggeland (1725-) Sjå Veggeland. Til Kristiansand
- Knud (1729-n. 1751)
Jens og Ingeborg var på Narvestad fram til etter 1722. Då Ingeborgs bror Knut Stålesson Røyseland, som var gift med Jens syster Ingeborg, døydde overtok Jens og Ingeborg bruket deira på Røyseland og flytta dit. Les meir om etterslekta der. Jens dreiv garden på Narvestad ei tid, men selde i 1759 til son av syskenbarnet sitt: Eiel Persson Rafoss
-
- Eiel Persson Rafoss (1712-1798)
- Anna Torusdotter Helle (1753-1787)
- Jørgen (1754-1810) Sjå nedanfor
- Per (1755-1812) g. 1790 m. Karen Jakobsdotter Tjørsvåg i Nes, Flekkefjord (1773-n. 1816). Per bruka namnet Rafoss. Han var kjøpmann i 1801. Til Flekkefjord
Eiel kom frå Rafoss og var soneson til Eiel Jensson som kom til Rafoss frå Narvestad på slutten av 1600-talet. Anna var opphaveleg frå Helle og hadde vore gift med Jørgen Osusson Liknes, frå Egenes. I Liknes hadde dei hatt vertshus og ho blei kalla «Anna i Neset».
-
- Jørgen Eielsson (1754-1810)
- g. 1783 m. Dorte Toresdotter Nedre Kvinlog (1766-1818)
- Eiel (1784-1786)
- Anna (1788-) g. 1817 m. Lars Jakobsson Gyland (1792-1835) Til Baskår. Han gifta seg andre gong med Anne Marie Fredriksdotter Solberg, og kom dit.
- Joren (1791-1824) g. 1811 m. Ola Jakobsson Gyland (1789-1859). Til Gyland (Sjå Gyland s. 18)
- Eiel (1794-1800)
- Tore (1797-1853) Sjå nedanfor
- Tønnes (1800-1822)
- Eiel (1803-1837) g. 1832 m. Ingeborg Olsdotter Ytre Haugland (1810-1898) Sjå Borhom
- Jørgen (1806-1868) g. 1828 m. Tora Svendsdotter Nedland (1802-1893) Sjå bruk 5
Dorte gifte seg andre gong i 1812 med Gunnu Olsson Øvre Kvinlog (1768-1824). Dei kom til Øvre Kvinlog og overlot garden på Narvestad til Tore Jørgensson.
-
- Tore Jørgensson (1797-1853)
- g. 1819 m. Ingrid Svensdotter Nedland, frå Gyland (1799-1875)
- Dorthe (1820-1887) g. 1843 m. Ståle Toresson Knaben (1814-1886). Sjå Knaben
- Ingrid (1823-1904) g. 1849 m. Tobias Stålesson Versland (1819-1894). Sjå Versland
- Anna Tonetta (1826-1869) g. 1850 m. Tormund Jonsson Stakkeland (1821-1878). Sjå Stakkeland
- Jørgen (1829-1882) Sjå nedanfor
- Joren (1833-1905) g. 1860 m. Tobias Tollaksson Røyseland (1838-1914). Sjå Røyseland
- Anna (1835-1904) g. 1856 m. Jakob Børelsson Lindeland (1830-1910). Til Lindeland og Geiskeli u/Øvre Kvinlog. Nemnd i Geiskeli.
- Elisabeth (1838-1911) g. 1860 m. Jørgen Olsson Gyland (1819-1907). Til Gyland
- Sven (1841-1842)
- Sven (1843-1889) g. 1868 m. Gunhild Tonette Tobiasdotter Slimestad (1843-) Sjå bruk 4
- Peder Elias (1846-1917) g. 1. g. 1867 m. Ingeborg Olsdotter Risøy (1842-1904) g. 2. g. m. Anne Andreasdotter Norås (1855-1946). Sjå Stakkeland
Ingrid var frå Nedland i Gyland. Ho og Tore tok folge i 1852 og overdrog garden til sonen Jørgen Toresson.
-
- Jørgen Toresson (1829-1882)
- g. 1853 m. Ingeborg Tollaksdotter Åsen (1830-1896)
- Tore (1854-1900) Sjå nedanfor
- Tønnes (1857-1940) g. 1883 m. Lise Sofie Samuelsdotter Sindland (1883-1947). Sjå bruk 2
- Svend (1860-1942) g. 1890 m. Anne Karine Matiasdotter Knibestøl (1864-1931). Sjå bruk 2
- Peder Johan (1863-1863)
- Peder Johan (1865-) Til USA i 1886. Levde i 1946
- Ingrid (1868-1953) g. 1896 m. Karl Johan Larsson Kvinlaug (1857-1921). Sjå Nedre Kvinlog
Jørgen og Ingrid delte garden mellom dei to eldste sønene rett før Jørgen døydde i jola 1882. Tønnes fekk det som blei bruk nr. 2, Dør framme, medan dette bruket, nemnt Strand i pantedokumenta, med dei gamle tuftene, gjekk til Tore.
-
- Tore Jørgensson (1854-1900)
- g. 1883 m. Anne Marie Knutsdotter Ribås (1857-1934)
- Ingeborg (1883-1884) Tvilling.
- Maria (1883-) Tvilling. Til USA i 1902
- Ingeborg (1886-1886)
- Jørgen (1887-) Til USA i 1905
- Knut (1890-1973) Sjå nedanfor
- Ingeborg (1893-1904) Døydde ni år gamal. I kyrkjeboka står «ondt i halsen» som dødsårsak.
- Torvald Alfred (1897-1983) Sjå nedanfor
Dei to brørne Torvald Alfred og Knut overtok garden. Etter fyrstnemndes død i 1983 blei Magnar Kvinlaug eigar, men i 1987 blei garden med innmark og utmark delt på bruk 4 og 5. Huset fylgde bruk 5, men blei skilt ut som eige bruksnr. 9 i 2004. Bustaden blir i dag nytta som fritidsbustad.
-
Dør framme
Bruk 2/lnr. 644b
Narvestad 57
Utskild frå bruk 1 i 1883
Dette bruket er den andre parten av Dør heima som blei delt mellom brørne Tore og Tønnes (sjå bruk 1) i 1883. Bruket fekk namnet Skei i pantedokumenta. Første brukar etter delinga var Tønnes Jørgensson.
-
Narvestad (Kvinesdal gnr. 170) er ein del av Bygdebokprosjektet for Kvinesdal med Amund Pedersen som forfatter, og er lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Kvinesdal kommune er eit samarbeid mellom forfattaren og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen.
|
Litteratur og kjelder
- ↑ Norsk stadnamnleksikon; stad.
- ↑ Veggeland, Tor & Jerstad, Johan: Gards- og ættesoge : Fjotland. Utg. [s. n.]. Kvinesdal. 1979. Digital versjon på Nettbiblioteket, s. 288
- ↑ Kulturminnesøk.no; Narvestad
- ↑ http://www.arkivportalen.no/entity/no-a1450-01000001034098
- ↑ Veggeland, Tor & Jerstad, Johan: Gards- og ættesoge : Fjotland. Utg. [s. n.]. Kvinesdal. 1979. Digital versjon på Nettbiblioteket, s. 288