Oskar Mendelsohn

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 18. nov. 2023 kl. 21:55 av Olve Utne (samtale | bidrag) (Teksterstatting – «[[kategori:» til «[[Kategori:»)
Hopp til navigering Hopp til søk

Oskar Mendelsohn (f. 29. mars 1912 i Trondhjem; d. 1. august 1993 i Oslo) var ein gymnaslektor og forfattar som særleg er kjent for tobandsverket Jødenes historie i Norge gjennom 300 år. Han var òg tillitsvald i fleire samanhengar, inkludert DMT Trondheim, DMT Oslo og Norsk Lektorlag.

Oskar Mendelssohn vart fødd fredagen den 29. mars i Trondhjem av foreldra Thora Paltiel (18741943) og grosserar Aron Mendelsohn (18711943). Han vaks opp i Trondhjem, der vi i den kommunale folketeljinga frå 1925 finn familien i Gamle Aasvei 26.[1] Han tok artium ved Trondheim katedralskole i 1930. Han studerte norsk, tysk og fransk ved Universitetet i Oslo og ble cand.philol. med norsk hovedfag i 1937.

I 1938 gifta han seg med Sussi Melamed (19101995) frå Stockholm. Same året begynte han å arbeide som lektor i Trondheim, men familien laut flykte til Sverige i 1942 for å unngå deportasjonen av jødene. Både foreldra og den eldre broren Henrik Mendelsohn (1896–1943) vart drepne i konsentrasjonsleir. I Sverige var han lektor ved Det Norske Gymnas i Uppsala, og etter krigen arbeidet han et par år i Trondheim igjen før han i 1948 ble ansatt som lektor ved Ullern Gymnas i Oslo, der han fortsatte å undervise fram til han gikk av med pensjon i 1978.

Mendelsohn var ridder av 1. klasse av St. Olavs Orden.

Han er gravlagd på Helsfyr gravlund i Oslo.

Bibliografi

Bøker og avhandlingar

Artiklar

Referansar

  1. Oscar Mendelsohn i folketelling 1925 for Trondheim kjøpstad fra Digitalarkivet.

Kjelder

Lenkjer