Steinneset (Rana gnr. 135)

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 13. sep. 2025 kl. 17:45 av Finnrind (samtale | bidrag) (Ny side: {{Infoboks gard|målform=nn|navn=Steinneset|bilde=Steinnesset Rana gnr 135.jpg|bildetekst=Steinneset, bilete antakeleg rundt 1870|altnavn=Stennesset|førstnevnt=1618|sokn=Mo|kommune=Rana|fylke=Nordland|gnr=135}} '''Steinneset''', og skrive '''Stenes''', '''Stennesset''', '''Steenes''' med fleire variantar, er ein matrikkelgard i Rana kommune. Garden ligg på eit breitt nes på nordvestsida av Ranfjorden, beint i mot Mo i…)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk
Steinneset
Steinnesset Rana gnr 135.jpg
Steinneset, bilete antakeleg rundt 1870
Alt. namn: Stennesset
Fyrst nemnd: 1618
Sokn: Mo
Fylke: Nordland
Kommune: Rana
Gnr.: 135

Steinneset, og skrive Stenes, Stennesset, Steenes med fleire variantar, er ein matrikkelgard i Rana kommune. Garden ligg på eit breitt nes på nordvestsida av Ranfjorden, beint i mot Mo i Rana. Den ligg mellom dei eldre gardane Laukberg og Båsmoen.

Steinneset er først nemd i 1618. Fram til 1780 hadde garden same eigarar som Laukberg. I 1780 var garden kjøpt av Johan Jacob Røring, då residerande kapellan i Mo sokn av Hemnes prestegjeld. Røring ga garden som embetsgard for kapellanane på Mo mot at han sjølv vart sokneprest i Hemnes. Frå då av var Steinneset kapellangard, og då Mo prestegjeld vart etablert i 1843 bustad for sokneprestane. Det var han fram til Mo prestegard (Øver-Mo) vart prestegard i 1863.

Hans Abraham Meyer kjøpte garden i 1867 for 800 spd. Hans arvingar solgte garden til Robert A. Hornemann i 1889, som igjen solgte til Bossmo Aktiebolag i 1894. Garden har sidan hatt same eigarar som Båsmoen.

Kjelder


Artikkelen Steinneset (Rana gnr. 135) er oppretta gjennom delprosjektet Prestefolk i Nordland

Brukarar på lokalhistorisk wiki kan fritt endre eller legge til innhald i artikkelen. Det vil ofte vere meir relevant informasjon i oppgitte kjelder enn det som først vart lagt til, og det kan t.d. finnast stoff i bygdebøker og liknande.